Innlegget
Eg vil takke for svaret frå statsråden og engasjementet for at flest mogleg av dei som kan arbeida, skal arbeida. Likevel er jo realiteten slik at fleirtalet av flyktningar har lite å rutta med. Likevel vel statsråden å løfta fram dei få prosentane med dei høgaste offentlege ytingsnivåa. Meiner statsråden det gjev eit ærleg bilete av situasjonen til flyktningar i Noreg, eller er dette ein medviten bruk av eit unntak for å rettferdiggjera ein kuttpolitikk?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
