Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 5 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. des 2025

Ulvar Akselsen
Ulvar Akselsen
Arbeiderpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 9. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Det er spesielt å stå her på talarstolen i dag og skulle debattere endringar i menneskerettslova. For meg representerer desse endringane ikkje berre at me tek steget i ei retning som vil betre livet til mange, dei betyr tryggleik. Når me styrkjer rettane til menneske med nedsett funksjonsevne, styrkjer me rettane til mor mi. Då eg var seks år gamal, vart mor mi feiloperert i ryggen og lam frå livet og ned. Ho måtte lære seg å gå på ny, og det som mange ikkje tenkjer på som noko vanskeleg eller negativt, som f.eks. å gå i ei trapp eller mykje snø, vart no ei utfordring for meg og familien min. For ein gut på seks år var det ikkje lett å forstå kva som hadde skjedd med mamma. Eg forstod ikkje alvoret eller kor tungt dette kom til å bli for mamma, som no stod utanfor arbeid og det sosiale fellesskapet ein får på arbeidsplassen. Eg forstod og forstår framleis heller ikkje kor vanskeleg det må ha vore for mamma å sjå oss andre spele fotball på hytta eller gå på fjelltur utan at ho hadde moglegheita til å vere med sjølv. Det einaste eg forstod, var at mamma no trong hjelp til mykje ho tidlegare klarte sjølv. Eg sa innleiingsvis at denne endringa for meg betyr tryggleik. Det betyr at med denne lovendringa er det ikkje lenger mammas ansvar å finne løysingane på dei utfordringane som gjer at ho ikkje kan delta på lik linje i samfunnet som det eg kan. Det er ansvaret vårt. Dette handlar om meir enn berre meg og mor mi. Dette handlar om at brukarane på Sæbø gard og Podlen Verkstad på Stord kan vakne opp og føle seg trygge på at me skal halde fram med å leggje til rette for at dei kan gå på jobb og bidra til samfunnet, slik som eg kan. Dette handlar om at Sara Gooderham og dei andre deltakarane på ferieopphold for psykisk utviklingshemma på Bømlo Folkehøgskule kan føle seg trygge på at me skal halde fram med å leggje til rette for at også denne gruppa kan få gode, tilrettelagde feriar i trygge omgjevnadar. Sjølv om eg legg mykje vekt på den tryggleiken dette gjev dei med funksjonsvariasjon og oss som er pårørande, handlar det òg om verdigheit. Det handlar om at me som samfunn seier til dei som treng ekstra tilrettelegging, at dei er viktige, at dei er trygge, og at det er samfunnet si oppgåve å syte for at dei lever eit godt og verdig liv.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat