Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 5 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 18. des 2025

Frida Hegranes Selvik
Frida Hegranes Selvik
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 18. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Tidlegare i år sa Høgre at noregspris fører til høgare straumforbruk, høgare straumpris og dyrare nettleige. Samtidig gjekk representanten Stokkebø ut i Stavanger Aftenblad og kalla noregspris for noregsbløffen. Høgre har føreslått alternativet sitt tryggpris, som knapt nok nokon forstår, heller ikkje i Høgre. No ser vi dei første resultata av noregspris. Innbyggjarane i Sør-Noreg har spart 1,6 mrd. kr etter å ha teikna noregspris. Høgre har vore relativt stille dei siste vekene, og dei har heller ikkje føreslått å avvikle noregspris i det alternative budsjettet sitt. Mitt spørsmål til representanten er dermed: Står han framleis inne for at ordninga som har spart heilt vanlege folk for 1,6 mrd. kr, kan kallast ein bløff?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat