Votering — Lokalforvaltning
Handlingsrom i avløpsdirektivet vedtatt
Stortinget vedtok tirsdag å be regjeringen ivareta norske interesser ved innføringen av EUs reviderte avløpsdirektiv, med 53 mot 46 stemmer.
Regjeringspartiet Ap fikk med seg Høyre, Rødt og MDG, mens et mindretall anført av Frp gikk mot. Helene Røsholt (Høyre) stemte mot eget parti. «Me er heldige i Noreg. Me kan drikka vatn rett frå springen», sa Solveig Vestenfor (Ap) i debatten.
Fra debatten
«Eg vil gjerne starta med å lesa opp Arbeiderpartiets forslag i saka: «Stortinget ber regjeringen, ved implementeringen av EUs reviderte avløpsdirektiv, sørge for at norske interesser ivaretas på en best mulig måte, og at implementeringen gjøres på en måte som er best mulig tilpasset norske forhold.» Me er heldige i Noreg. Me kan drikka vatn rett frå springen, me kan bada i fersk- og saltvatn, og me vert sjeldan sjuke av forureina vatn – men ingenting varar evig, heller ikkje røyrsystem. Difor treng me reinsing og å fornye systema. Mykje av det som finst av leidningsnett der ute, er veldig gamalt og overmodent for utskifting til moderne løysingar. Det har eg sjølv sett.»
«29:45] (ordførar for saka): Denne saka kan framstå veldig teknisk når ein les overskrifta og innhaldet, men ho handlar enkelt fortald om krav til reinsing av avløpsvatn som blir sendt ut frå norske hushald. Det er krav som er laga i Brussel og laga for andre forhold, f.eks. for elvane i Europa og for Middelhavet, og eg trur ikkje dei har tenkt mykje på Nordsjøen og norske kystsamfunn når dei har sete i Brussel og produsert dette EU-direktivet for avløp. For å vera heilt konkret trur eg me kan slå fast at dei neppe har hatt Nordsjøen og norske kystsamfunn i tankane når dei har laga dette regelverket.»