Solveig Vestenfor

Solveig Vestenfor

Arbeiderpartiet·Buskerud·Kommunal- og forvaltningskomiteen

Rangering

#108

av 157

28.2

Totalscore

28.2

Oppmøte

74.3%

Spørsmål

0

Taler

13

Forslag

0

Fra salen

4 nyeste med opptak

5. mai 2026· Innlegg

Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Når ein vert sitert uriktig, må det kommenterast frå denne talarstolen. Representanten Wiborg viser til at me ikkje har tillit til innbyggjarundersøkinga og stemmene til innbyggjarane. Det eg sa i stad, er at kommunestyret har eit overordna ansvar for å sikra best mogleg drift og utvikling for eigen kommune – overordna og i eit langsiktig perspektiv. Det ansvaret har ikkje innbyggjarane, og difor har dei moglegheit til å vurdera saker ut frå sin eigen situasjon på ein heilt annan måte enn det kommunestyret har.

5. mai 2026· Innlegg

Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Innbyggjarundersøkingar er rådgjevande for kommunestyret. Det er litt viktig å få presisert her. Kommunestyret, i motsetnad til alle som uttalar seg i ei slik undersøking, har eit overordna ansvar for å sikra best mogleg drift og utvikling for eigen kommune, tenkja overordna og tenkja langsiktig – kva er best for Gran på sikt? Eg registrerer at det har kome eit laust forslag frå Senterpartiet og FrP om å senda saka tilbake til regjeringa fordi dei viser til eit manglande reelt faktagrunnlag og mangelfulle opplysningar. Me veit her i Stortinget kva slags type samarbeid hadelandskommunane har. Me veit at Jevnaker, Lunner og Gran ynskjer dette for å lette det regionale samarbeidet, og det er det reelle grunnlaget me har, og det me bør forhalda oss til i dag. Lokaldemokratiet har sagt sitt. Det er både rett og rimeleg at me landar denne saka i dag, og eg er glad for at det er eit fleirtal her som faktisk vil gjera vedtak i dag.

5. mai 2026· Innlegg

Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Det er spesielt å koma seint inn i ein debatt, men eg må likevel seia det eg hadde tenkt å seia: Arbeidarpartiet støttar søknaden frå Gran kommunestyre om å verta overført til Akershus fylkeskommune. Det gjer me trass i at både fordeling av skatteinntekter og folketalsutjamning er gode argument for at Gran framleis kunne ha vore i Innlandet, for me vil med positiv støtte til denne søknaden gjera Akershus fylkeskommune endå større. Me veit òg at det finst mykje godt samarbeid mellom Gran og naboane i nord, ikkje minst innanfor sjukehus- og næringssamarbeid. Likevel landar altså Arbeidarpartiet på å støtta søknaden frå kommunen. Kommunane i Noreg er veldig ulike. Alle dei 357 kommunane våre har interkommunale samarbeid, og i mellomstore og mindre kommunar er desse samarbeida viktige og ofte avgjerande for at kommunane kan levera på generalistkommuneprinsippet: å sørgja for gode, forsvarlege og likeverdige tenester for både unge og vaksne. Om Hadeland på sikt vil greia ut kommunesamanslåing, skal dei få lov til å avgjera sjølve i lokaldemokratiet sitt. Slik er det. Når det gjeld generalistkommunesamarbeidet: I det samarbeidet som er på Hadeland, har det vore slik at Lunner, Jevnaker og Gran har eit utstrekt interkommunalt samarbeid, og kanskje viktigast i denne samanhengen: interkommunalt samarbeid spesielt retta mot dei tenestene der fylkeskommunen har direkte eller indirekte ansvar, som innanfor vidaregåande opplæring, næringsutvikling og landbruksforvalting, tannhelse, kultursatsing og samferdsel, men i tillegg òg innanfor barnevern, flyktningtenester, Nav, renovasjonstenester og energi. Kommunar med så tette band og samarbeid, gjennom interkommunale politiske råd og samarbeidsavtalar, bør, så langt det er råd, vera i same fylke. Hadelandskommunane kunne jo vore i Innlandet, eller i Buskerud for den del, men etter oppløysinga av Viken fekk både Lunner og Jevnaker tilhald i nye Akershus. Erfaringane frå desse siste åra med å vera i ulike fylke har vist seg å vera krevjande. Difor står me her. Stortinget sin jobb er m.a. å sørgja for at kommunane vert rusta og organiserte på ein måte som gjer at dei kan utføra oppdraget sitt: å sørgja for gode tenester for innbyggjarane sine. Vår jobb er å letta arbeidskvardagen deira så langt me kan, og dette er eit viktig vedtak for å fjerna stein i skoen eller snubletrådar i vegen. «Hadafylki» har definitivt historisk sus over seg og eksisterte lenge før fylkeskommunar og kommunar fann si form. Lat no Hadeland få samlast att i eitt fylke, slik både ordførarane i Gran, Jevnaker og Lunner på vegner av kommunestyra ber om.

5. mai 2026· Innlegg

Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Det var representanten Njåstad som gjorde at eg teikna meg. Den saka me drøftar no, er i grunnen større enn strandsona aleine. Dette handlar om arealforvaltning i stort. Den frustrasjonen Njåstad viser til frå landsmøtet til FrP førre helg, kjenner eg att i fleire parti, for det er krevjande når nasjonale interesser grip inn i lokaldemokratiet. Trellevik har nettopp snakka om korleis ein opplever forskjellsbehandling i strandsona. Dei same drøftingane har ein for høgfjellet. Det handlar om villrein, om jordvern, om kven som skal bestemma over arealet, og om kraftkablar, energi og vassforvaltning. Handlingsrommet for lokaldemokratiet kan diskuterast. Det er i alle fall viktig å diskutera det, for eg opplever at fleire lokale folkevalde er usikre på om dei klarar å motivera seg for å engasjera seg i lokalpolitikken, nettopp fordi dei opplever at dei statlege føringane er så sterke. Det er difor behov for tydelegare føringar med tanke på kva som er nasjonale interesser, og for lik praksis mellom dei ulike statsforvaltarane. Det må vera ei klar rydding i kva som har nasjonal verdi, og – endå viktigare – kva som ikkje har det. Motsegnsprosjektet som no er i gang, håpar eg fører til ei betring. Statsforvaltarane må samordna seg slik at me ikkje får dei sektorovergripande konfliktane. Den arealmeldinga som er varsla, vil vera kjærkomen for mange av oss.

Innlegg i salen

22 innlegg · 11 møter

Vis →
  • 12. mai 202618:18· Innlegg

    Møte tirsdag den 12. mai 2026 kl. 10

    Denne saka har mange forslag til tiltak for å ta tomme bustader og bygg i bruk. Arbeidarpartiet viser til våre merknader til forslaga. Me er einige med MDG i at rehabilitering og ombruk, i mange tilfelle, kan vera meir samfunnsøkonomisk og sosialt berekraftig enn riving og nybygging, men me kan likevel ikkje støtta dette forslaget. Det er kommunane som har hovudansvaret for å vurdera kva potensial for ombruk som finst i den bygningsmassen ein alt har. I dei statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet står det: «Fortetting og transformasjon av bolig- og næringsområder skal vurderes og bør utnyttes før nye utbyggingsområder settes av og tas i bruk.» Kommunane har med andre ord alt fått klare føringar når det gjeld å vurdera eksisterande bygningsmasse, og det er bra. Husbanken fekk i bustadmeldinga eit utvida mandat til å støtta og rettleia kommunane i deira bustadpolitiske arbeid og utnytta potensialet i den eksisterande bustadmassen. Den digitale tenesta Kobo hjelper kommunane til å kartleggja, planleggja og utnytta effektivt den kommunale bustadmassen. Frå 1. juli 2025 vart det innført nye reglar i plan- og bygningslova som inneber at kommunane skal leggja aktivt til rette for samarbeid med grunneigarar og utbyggjarar, og at ein – der det er relevant – bør ta initiativ til å diskutera rehabilitering, gjenbruk og transformasjon av eksisterande bygningsmasse. Eit forslag handlar om å skattleggja bustader som står tomme over tid. I ein velfungerande bustadmarknad vil bustader normalt bli selde eller leigde ut. Hus som står tomme mellom leigetakarar, under renovering eller i ein salsprosess, er dessutan ein naturleg del av bustadmarknaden, og nybygde bustader kan stå tomme i periodar i ein treig marknad. I område med fråflytting og utan press i bustadmarknaden er ikkje hovudproblemet at bustader står tomme, men at færre ynskjer å busetja seg der. Her vil ei avgift ikkje tena formålet. Det er behov for ei strengare regulering av korttidsutleige i enkelte område. Statsråd Skjæran har allereie varsla at det går føre seg eit arbeid i departementet for å gjera det lettare for kommunane å regulera og handheva ulovleg korttidsutleige. Dette vert det med andre ord jobba med allereie.

  • 7. mai 202616:30· Innlegg

    Møte torsdag den 7. mai 2026 kl. 10

    I fare for å forvirra og i fare for å prøva å nyansera debatten: Det er tydelegvis vanskeleg å kommunisera klokt, riktig eller tydeleg. Det er jo det ein vert angripen for her, og difor tok eg ordet. Eg prøvde å fortelja kva dette betyr for lokalsamfunn, for folk og arbeidsliv. At ein føreslår 4 G som ein sats, som ser ut til å få fleirtal, er det eg er bekymra for. Ein ser ikkje og vurderer ikkje korleis konsekvensar dette får. Å konsekvensutgreie har jo ikkje akkurat vorte eit heidersord frå folk i denne salen, men det meiner eg at det definitivt er.

  • 7. mai 202616:09· Innlegg

    Møte torsdag den 7. mai 2026 kl. 10

    Ei av vår tids største utfordringar er mangel på arbeidskraft. Alle me som kjenner Kommune-Noreg, veit veldig godt at både dei kommunale tenestene og næringslivet hadde knelt hadde det ikkje vore for alle dei som arbeider i yrke som ikkje krev fagutdanning frå start. I kommunen min er meir enn 95 pst. av alle dei som jobbar i reinhald, fødde i andre land. Innan helse og omsorg er tala også store, og her vil behovet verta endå større i åra som kjem. Alle som flyttar hit til landet og tek del i arbeidslivet, er enormt viktige for at samfunnet skal gå rundt. Då må me kommunisera dette – ikkje berre at innvandringspolitikken skal vera streng. Ein sambygding flykta frå sitt opphavlege land til Noreg på grunn av krig og politisk engasjement. I den dramatiske situasjonen der han flykta i frykt for livet, måtte han etterlata den gravide kona og fire små jenter. Han jobba som ein helt for å få råd til å kunna forsørgja dei her i landet, men fyrst seks år seinare kom dei, og faren fekk då treffe sonen han aldri hadde møtt. Ein treng ikkje vere psykolog for å forstå at desse åra var krevjande. Det var sterkt å vera vitne til dette og å helse på familien då dei kom, og ikkje minst å sjå korleis faren fann ro og korleis familien klarte å lande nettopp fordi dei var samla. I debatten om innvandring og integrering må me halda hovudet kaldt og hjartet varmt. Me må bruka nok tid til å finna den riktige innretninga når me set krav om årsløn for familiegjenforeining, både fordi det må vera mogleg å få til dette for dei som gjer jobben sin, og fordi me ynskjer eit anstendig arbeidsliv, der folk ikkje må jobba seg i hel. For alle har rett på fritid og kvile. Arbeidarpartiet støttar kravet om at ein må ha ei grense for årsinntekt, men me må differensiera krava med klokskap, og me må veta at me har tenkt på det som er viktig å tenkja på. Kva tenkjer næringslivsleiarar rundt omkring i dette landet om eit så høgt krav som 4G? Kva tenkjer alle dei som får drosje og vert henta, og alle dei som får omsorg og pleie, reine hus og lokale og service, om dette? Alle veit at stabil arbeidskraft er gull verdt, og den stabiliteten og dei føreseielege vilkåra fortener òg alle arbeidstakarar her i landet, bl.a. dei me pratar om no. Det er vel verdt å bruka den tida som trengst, for å setja nivået rett. «Annan manns bør er alltid lett», heiter det i eit av våre mange ordtak. Det er det verdt å tenkja på i denne debatten.

  • 5. mai 202614:25· Innlegg

    Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

    Når ein vert sitert uriktig, må det kommenterast frå denne talarstolen. Representanten Wiborg viser til at me ikkje har tillit til innbyggjarundersøkinga og stemmene til innbyggjarane. Det eg sa i stad, er at kommunestyret har eit overordna ansvar for å sikra best mogleg drift og utvikling for eigen kommune – overordna og i eit langsiktig perspektiv. Det ansvaret har ikkje innbyggjarane, og difor har dei moglegheit til å vurdera saker ut frå sin eigen situasjon på ein heilt annan måte enn det kommunestyret har.

  • 5. mai 202614:06· Innlegg

    Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

    Innbyggjarundersøkingar er rådgjevande for kommunestyret. Det er litt viktig å få presisert her. Kommunestyret, i motsetnad til alle som uttalar seg i ei slik undersøking, har eit overordna ansvar for å sikra best mogleg drift og utvikling for eigen kommune, tenkja overordna og tenkja langsiktig – kva er best for Gran på sikt? Eg registrerer at det har kome eit laust forslag frå Senterpartiet og FrP om å senda saka tilbake til regjeringa fordi dei viser til eit manglande reelt faktagrunnlag og mangelfulle opplysningar. Me veit her i Stortinget kva slags type samarbeid hadelandskommunane har. Me veit at Jevnaker, Lunner og Gran ynskjer dette for å lette det regionale samarbeidet, og det er det reelle grunnlaget me har, og det me bør forhalda oss til i dag. Lokaldemokratiet har sagt sitt. Det er både rett og rimeleg at me landar denne saka i dag, og eg er glad for at det er eit fleirtal her som faktisk vil gjera vedtak i dag.

  • 5. mai 202613:50· Innlegg

    Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

    Det er spesielt å koma seint inn i ein debatt, men eg må likevel seia det eg hadde tenkt å seia: Arbeidarpartiet støttar søknaden frå Gran kommunestyre om å verta overført til Akershus fylkeskommune. Det gjer me trass i at både fordeling av skatteinntekter og folketalsutjamning er gode argument for at Gran framleis kunne ha vore i Innlandet, for me vil med positiv støtte til denne søknaden gjera Akershus fylkeskommune endå større. Me veit òg at det finst mykje godt samarbeid mellom Gran og naboane i nord, ikkje minst innanfor sjukehus- og næringssamarbeid. Likevel landar altså Arbeidarpartiet på å støtta søknaden frå kommunen. Kommunane i Noreg er veldig ulike. Alle dei 357 kommunane våre har interkommunale samarbeid, og i mellomstore og mindre kommunar er desse samarbeida viktige og ofte avgjerande for at kommunane kan levera på generalistkommuneprinsippet: å sørgja for gode, forsvarlege og likeverdige tenester for både unge og vaksne. Om Hadeland på sikt vil greia ut kommunesamanslåing, skal dei få lov til å avgjera sjølve i lokaldemokratiet sitt. Slik er det. Når det gjeld generalistkommunesamarbeidet: I det samarbeidet som er på Hadeland, har det vore slik at Lunner, Jevnaker og Gran har eit utstrekt interkommunalt samarbeid, og kanskje viktigast i denne samanhengen: interkommunalt samarbeid spesielt retta mot dei tenestene der fylkeskommunen har direkte eller indirekte ansvar, som innanfor vidaregåande opplæring, næringsutvikling og landbruksforvalting, tannhelse, kultursatsing og samferdsel, men i tillegg òg innanfor barnevern, flyktningtenester, Nav, renovasjonstenester og energi. Kommunar med så tette band og samarbeid, gjennom interkommunale politiske råd og samarbeidsavtalar, bør, så langt det er råd, vera i same fylke. Hadelandskommunane kunne jo vore i Innlandet, eller i Buskerud for den del, men etter oppløysinga av Viken fekk både Lunner og Jevnaker tilhald i nye Akershus. Erfaringane frå desse siste åra med å vera i ulike fylke har vist seg å vera krevjande. Difor står me her. Stortinget sin jobb er m.a. å sørgja for at kommunane vert rusta og organiserte på ein måte som gjer at dei kan utføra oppdraget sitt: å sørgja for gode tenester for innbyggjarane sine. Vår jobb er å letta arbeidskvardagen deira så langt me kan, og dette er eit viktig vedtak for å fjerna stein i skoen eller snubletrådar i vegen. «Hadafylki» har definitivt historisk sus over seg og eksisterte lenge før fylkeskommunar og kommunar fann si form. Lat no Hadeland få samlast att i eitt fylke, slik både ordførarane i Gran, Jevnaker og Lunner på vegner av kommunestyra ber om.

  • 5. mai 202612:44· Innlegg

    Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

    Det var representanten Njåstad som gjorde at eg teikna meg. Den saka me drøftar no, er i grunnen større enn strandsona aleine. Dette handlar om arealforvaltning i stort. Den frustrasjonen Njåstad viser til frå landsmøtet til FrP førre helg, kjenner eg att i fleire parti, for det er krevjande når nasjonale interesser grip inn i lokaldemokratiet. Trellevik har nettopp snakka om korleis ein opplever forskjellsbehandling i strandsona. Dei same drøftingane har ein for høgfjellet. Det handlar om villrein, om jordvern, om kven som skal bestemma over arealet, og om kraftkablar, energi og vassforvaltning. Handlingsrommet for lokaldemokratiet kan diskuterast. Det er i alle fall viktig å diskutera det, for eg opplever at fleire lokale folkevalde er usikre på om dei klarar å motivera seg for å engasjera seg i lokalpolitikken, nettopp fordi dei opplever at dei statlege føringane er så sterke. Det er difor behov for tydelegare føringar med tanke på kva som er nasjonale interesser, og for lik praksis mellom dei ulike statsforvaltarane. Det må vera ei klar rydding i kva som har nasjonal verdi, og – endå viktigare – kva som ikkje har det. Motsegnsprosjektet som no er i gang, håpar eg fører til ei betring. Statsforvaltarane må samordna seg slik at me ikkje får dei sektorovergripande konfliktane. Den arealmeldinga som er varsla, vil vera kjærkomen for mange av oss.

  • 5. mai 202612:11· Innlegg

    Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

    Arbeiderpartiet kjem ikkje til å støtta forslaget frå Høgre i denne saka. Det generelle byggjeforbodet bør vidareførast. Strandsona er av allmenn interesse, og slike attraktive område bør vera tilgjengelege for folk flest. Dei har stor nasjonal verdi mange plassar, og det å gjera endringar, slik det er føreslått her, for å få eit tydelegare skilje mellom nedbygd og privatisert areal og ubygd areal i strandsoneforvaltninga, meiner me ikkje er vegen å gå. Lokale folkevalde har formidla at dei har behov for eit tydeleg regelverk. At presset frå sambygdingar, frå folk med eigar- og utbyggarinteresser, er stort, det er veldig forståeleg. Eit generelt forbod kan difor opplevast som eit vern for lokale folkevalde i politiske avgjerder, for dette kan vera krevjande å stå i. Det regelverket som allereie finst, er ei god støtte for å løfte perspektiva og kan vera noko å visa til når sambygdingar er på friarferd eller på krigsstien. Det generelle forbodet er difor viktig for at strandsona framleis skal vera tilgjengeleg for oss alle. Til lags åt alle kan ingen gjera, det er motstridande interesser mange plassar, og det sterkaste krysspresset står kanskje dei folkevalde langs vestfoldkysten, Sørlandet og delar av Vestland i. Likevel: Ser ein strandsone og kyst i heile landet under eitt, varierer det sjølvsagt mykje. Difor trengst dei statlege planretningslinjene, slik at ein kan halde fram med den differensierte forvaltninga langs kysten, og der er det presisert at det generelle byggjeforbodet skal praktiserast strengast der det er størst utbyggingspress. Det finst difor ein fleksibilitet i regelverket, og det er det viktig å få sagt høgt. Strandsona, som høgfjellet, er av våre nasjonale naturressursar, og dei er verdifulle kulturmiljø som skal vera til glede for både lokalbefolkning, grunneigararar, landbruket, friluftsentusiastar, reiseliv og naturinteresserte. Slik bør det framleis vera. Dei nasjonale planretningslinjene er som sagt til for å ivareta nasjonale interesser, og dei er ei støtte for lokale folkevalde. Difor er det viktig at Stortinget faktisk gjev føringar og så klare rammer som råd i arealspørsmål som gjeld nasjonale interesser, og det at føringar, rammer og retningslinjer kan bli tydelegare kommunisert og meir samordna på tvers av sektorar, stemmer nok i fleire tilfelle. Difor er det bra at dette er på dagsordenen frå regjeringa si side.

  • 9. apr 202610:42· Innlegg

    Møte torsdag den 9. april 2026 kl. 10

    Ja, Noreg er både vakkert og variert – det er i alle fall inga tvil om det. KS, organisasjonen til kommunesektoren, har vore tydeleg på at generalistkommune-satsinga skal vidareførast, og at ho har stor støtte i Kommune-Noreg. Kva er det eigentleg fylkeskommunen gjer eller bidreg med? Jo, dette er folkevalde som kjenner sitt regionale område, som koordinerer, gjev råd, og som tek ansvar der det er logisk, innanfor tannhelse, samferdsel, bruer og vegar, for kultur og næringsutvikling og for areal- og planarbeidet. Dei har ein fagkunnskap som er veldig viktig for mange kommunar i dette landet. Høgre vil ha større kommunar og droppa fylkeskommunen. Det er for så vidt ei ærleg sak. Det betyr at nokre kommunar i dette landet vil verta enorme i areal. FrP er imot fylkeskommunen, men små kommunar skal få fortsetja som før. Det vil i alle fall ikkje styrkja Kommune-Noreg. Representanten Bjørnar Larsen viste til synet folk har på fylkeskommunen. Det er klart at for innbyggjarane er det kommunen som betyr mest, men nokre oppgåver må koordinerast på regionalt nivå fordi det tener kommunane på tvers og kommunane over heile landet. Difor er det dei folkevalde som best kjenner verdien av fylkeskommunen, men det gjer òg elevar og føresette når ein skal inn i vidaregåande skule. Det gjeld linjetilbod og skule i distrikt og tettbygde strøk, og at ein kan få eit tilbod som gjer at ein kan bu heime lenger. Det handlar også om nærings- og kulturaktørar i dette landet. For Buskerud sin del veit eg at verken Grettefoss bru i Flesberg eller Austvoll bru i Flå hadde vorte prioritert viss dei hadde vore i ein nasjonal transportplan. Mi lange erfaring frå lokalpolitikken er alle fall tydeleg: Eg vil takka dei tilsette og dei folkevalde i Buskerud fylkeskommune, som ser både bygd og by. Dei ser både kommunar med eit stort arealansvar og få folk og det motsette. Dei styrkjer kultur- og næringsutviklinga, dei kjenner samferdselsutfordringane, og dei forstår og gjer det dei kan for å gje gode tilbod til elevar i vidaregåande skule i heile fylket. Dette handlar om å byggja heile landet, og det handlar om å gjera det attraktivt. Det handlar òg om beredskap, forsvar, kraftforvaltning og om kva slags Noreg me vil ha. Arbeidarpartiet har eit gammalt slagord: By og land, hand i hand. Det er et like godt slagord som før. Fylkeskommunen er viktig for å ivareta både by og land.

  • 13. mar 202610:33· Innlegg

    Møte fredag den 13. mars 2026 kl. 9

    Eg vil gjerne starta med å lesa opp Arbeiderpartiets forslag i saka: «Stortinget ber regjeringen, ved implementeringen av EUs reviderte avløpsdirektiv, sørge for at norske interesser ivaretas på en best mulig måte, og at implementeringen gjøres på en måte som er best mulig tilpasset norske forhold.» Me er heldige i Noreg. Me kan drikka vatn rett frå springen, me kan bada i fersk- og saltvatn, og me vert sjeldan sjuke av forureina vatn – men ingenting varar evig, heller ikkje røyrsystem. Difor treng me reinsing og å fornye systema. Mykje av det som finst av leidningsnett der ute, er veldig gamalt og overmodent for utskifting til moderne løysingar. Det har eg sjølv sett. Me veit difor at det er behov for betydelege investeringar i vass- og avløpssystemet framover, uavhengig av krav frå Brussel, og slike investeringar kostar. Nettopp difor finst det vel knapt ein kommune i dette landet der avløp og reinsing ikkje er eit tema. Det er eit stort løft som trengst her, og det er enorme kostnader som vil måtta fordelast – på vanlege folk. Sjølvkostprinsippet gjeld landet rundt, og difor er det viktig at regjeringa har redusert meirverdisatsen på vatn og avløp frå 25 til 15 pst., og at ein frå 2026 har dobla den maksimale avskrivingstida for kommunale vass- og avløpsanlegg frå 40 til 80 år. Det er ein viktig start, som kommunar landet over har takka for, og det er tydeleg at regjeringa deler bekymringa for utgiftene. For å lukkast må me nytta det handlingsrommet EU-direktivet gjev oss, og at me sikrar både norske interesser og at regelverket vert best mogleg tilpassa norske forhold, både for innland og for kyst. Arbeidarpartiet støttar intensjonen til forslagsstillarane, men regjeringa har sjølv lagt klar vekt på behovet for nettopp å sjå på bruken av omgrepet tettstad og korleis ein kan definera, og deretter avgrensa, i kva for område ulike reglar skal gjelda. Norske interesser skal verta ivaretekne på best mogleg vis og tilpassast norske forhold. Det er alle einige om. Det viktigaste framover er å fokusera på at tilpassinga og handlingsrommet for norske forhold kan vera i fokus. Ein kan lura på om det er målet til nokon i salen å utsetja og forskyva direktiv som samsvarer med behov me må løysa, uavhengig av Brussel. Det må det vera lov å spørja om. Eg tek opp det nemnde forslaget frå Arbeidarpartiet.

  • 13. mar 202609:59· Innlegg

    Møte fredag den 13. mars 2026 kl. 9

    Det er iallfall ingen tvil om at denne salen samla tek inn over seg det alvoret som me står i. Det er det viktig å få understreka. Og at det er eit stort engasjement, også kjenslemessig, er det ingen tvil om. Strategi er éin ting, men det løyser i seg sjølv ikkje problemet. Alle er bekymra. Det høyrest ut som at enkelte her frå talarstolen påstår at me ikkje er bekymra. Så er det også snakk om dette med TEK-krav. Det er snakk om prisar på materiale, det er snakk om kommuneøkonomi, og så er det nokon som kritiserer at ein tek det opp her – jo, men alt heng saman med alt. Det er det ei som har sagt før meg. Det er faktisk slik at me må sjå alt i samanheng, og eg trur at kanskje det viktigaste grepet her er det me har starta med. Me går no igjennom og forenklar lovverket, f.eks. dette med leie-til-eie-modellen, dette med burettslagsmodellen, at det går an å regulera. Me har starta det, og det er meir som skal gjerast. Så trur eg at kommunen vil spela ei kjempeviktig rolle – kanskje endå meir enn det som er vorte gjort til no – og då må me hjelpa dei til å gjera dei gode, kloke vala, og til å verta klår over kva slags moglegheiter dei har. Når det er sagt: Eg har også lest med interesse alle forslag frå SV og FrP og frå alle andre som vert ramsa opp i dette dokumentet som me no har framfor oss. Det er jo ikkje slik at ein ikkje kan ta med seg gode forslag og innspel utan at du må laga ein strategi for det. Samarbeidet no framover må me hegna om, fordi dette er viktigare enn at det skal verta ein politisk polemikk på det.

  • 13. mar 202609:12· Innlegg

    Møte fredag den 13. mars 2026 kl. 9

    Det er eit djupt alvor over saker som dette, og me er mange som deler bekymringa for auken i talet på bustadlause, ikkje minst når ungar er involverte. Det at ungar og ungdom over lengre tid ikkje har ein fast plass dei kan kalla heime, er djupt alvorleg og veldig krevjande. Arbeidarpartiet meiner likevel ikkje at nye strategiar eller handlingsplanar er det som trengst for å løysa utfordringane som forslagsstillarane viser til. «Bustadmeldinga – Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet», som vart lagd fram, behandla og vedteken i Stortinget i 2024, har gode tiltak som det vert jobba med. Det må vera meir effektivt og mykje betre for alle som er fortvila over bustadsituasjonen, at regjeringa heller følgjer opp denne meldinga, enn å bruka tid og ressursar på å utarbeida nye planar og strategiar. For det finst tydelege nasjonale føringar for den bustadsosiale politikken i denne meldinga. Målet er bl.a. at ingen skal vera bustadlause, og at bruken av mellombelse butilbod skal ned, akkurat slik forslagsstillarane vil. Og kanskje viktigast: Ein har kunnskap om kva slags tiltak som fungerer. Difor bør regjeringa få tid til å følgja opp tiltaka, og sjølvsagt undervegs vurdera om det er behov for nye tiltak som kan gje raskare resultat. Regjeringa har styrkt låneramma til Husbanken og til startlån. Målet må vera at det skal verta bygd fleire bustader som folk har råd til å bu i. Bustøtta er styrkt, og det er sett i gang fleire tiltak for å letta på trykket i leigemarknaden. 2025 vart eit rekordår for bygging av nye studentbustader. Det vart sett i gang bygging av over 3 000. Det frigjer andre husvære og er difor positivt for alle som treng bustad. For å lukkast treng me eit sterkt lag av gode krefter. Kommunane har ei nøkkelrolle og eit stort ansvar, som m.a. er presisert i ny bustadsosial lov. Kobo – Husbanken sitt digitale fagsystem for bustadsosialt arbeid – gjev kommunane støtte så dei kan følgja opp lova. Ei ny husleigelov er òg meldt. Tid må forvaltast med klokskap. Det er ingen tvil om at forslagsstillarane har dei beste intensjonane her, men fleire planar gjev ingen nye tiltak eller auka tilgang på bustader.

  • 10. feb 202610:40· Innlegg

    Møte tirsdag den 10. februar 2026 kl. 10

    Eg var nøydd til å ta ordet igjen, fordi eg reagerer litt på nokre av uttalane her, kanskje mest frå FrP og Høgre. Me snakkar om tillit og tillit til lokalpolitikarar. Me trur vel at dei er like opptatte av å byggja bustader som me er herifrå i salen. Ein treng puls i marknaden, og det betyr at variasjonen er viktig. Eg veit frå tidlegare liv som ordførar og frå lokalpolitikken at burettslagsmodellen er noko som tener variasjonen. Og så snakkar me om forenkling – for kven då? For det kostar mykje å kjøpa bustad, men me veit at det er enklare å nå draumen om eigen bustad også gjennom burettslagsmodellen. Min første bustad var i burettslag. Ikkje minst no etter at me vedtok nye reglar for bustadkjøpsmodellar før jul, der du kan leiga til eiga, f.eks., er det òg ein enklare inngang, slik at folk kan eiga eigen bustad og ikkje minst betala til seg sjølv. Det er det me snakkar om, fattigdomsfella. OBOS som var nemnt her i stad, støttar forslaget. Det er jo viktig her: Vi er frustrerte over at byggjebransjen ikkje får bygd nok, men marknaden treng kjøparar, og då er dette også ei tilpassing til det. Stabilitet – det er ei sosial buform, me veit at fleire enn nokon gong bur aleine. Då me var på prosjektet til OBOS i går, viste dei at det går an å tilpassa dette gjennom tekniske bygningskrav og at me kan gjera leilegheitene mindre, og ergo er det fleire som har moglegheit. Burettslag skal me ha der det er gunstig, og der dei tener utbygginga, slik at det blir fleire kjøparar.

  • 10. feb 202610:06· Innlegg

    Møte tirsdag den 10. februar 2026 kl. 10

    Føremålet med dette forslaget er å gje kommunane fleire verktøy for å påverka bustadprofilen og bumiljøet gjennom samfunns- og arealplanlegginga. Saka handlar altså om moglegheita kommunane har til å fastsetja planbestemmingar og regulera eit bestemt bustadområde og bestemma at her skal burettslag vera organisasjonsforma. Akkurat det er det viktig for meg å understreka: Dette er ei moglegheit kommunane har. I høyringsinnspela uttrykkjer mange som har sendt innspel, seg positivt. Kommunane vert oppfordra til å vera aktive bustadplanleggjarar. Nokre presiserer at dette gjev kommunane eit auka handlingsrom til å nå dei bustadpolitiske måla og til å påverka utviklinga i eigen kommune. Dei viser til at dette er ein god og berekraftig eigarmodell, for ulike aldrar, både økonomisk og sosialt. Eg er einig med dei som meiner det. Andre høyringspartar åtvarar om at slike heimlar kan føra til forseinking eller usikkerheit i byggjeprosessar. Dei meiner det kan motverka intensjonen om å få bygd meir og raskare, og dei fryktar at planbestemmingar om burettslag ikkje vil vera treffsikre nok, men derimot svekkja bustadbygginga i område der marknaden etterspør andre buformer. Dei er negative fordi dei meiner dette grip inn i marknadene sine eigne vurderingar, i eigedomsretten og i utbyggingsfridomen. Me ynskjer alle at det skal verta bygd fleire bustader, og det er tydeleg at det trengst ein brei variasjon i buformer for å sikra at flest mogleg får tilgang på bustader som passar dei – sosialt, økonomisk og ut frå om dei bur åleine eller med fleire. Dette er ei endring av plan- og bygningslova, og eg meiner det er riktig å gje kommunane dette utvida handlingsrommet. Samtidig er det viktig for meg å understreka at for å sikra at bustadene faktisk vert selde, og dermed kan verta bygde, er det avgjerande med god dialog mellom kommune og utbyggjar, men òg med aktuelle kjøparar. Det må vera ei felles forståing mellom utbyggjar og kommune om kva type bustader det er behov for å byggja kor, og kva slags bustader det er etterspurnad etter til kvar tid. Difor: Dette er ei moglegheit, og eg rår kommunane til å forvalta denne med klokskap.

  • 5. feb 202620:51· Innlegg

    Møte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

    Endeleg! Som tidlegare ordførar vert ein iblant møtt av saker ein kjenner godt, og engasjerer seg i. Eg har jobba mykje med CWD, med tiltaksplan og reetablering av villrein i høgfjella mellom Hol, Hardanger og Sogn, men òg med beredskap og samferdsel, ikkje minst forbetring av vinterregularitet langs rv. 7. Ein tunnel under Dyranut ville forbetra regulariteten med 70 pst. Oppstart av reguleringsplan for tunnelar på Hardangervidda kjem frå transportkomiteen, men fagansvaret for villreinen ligg i energi- og miljøkomiteen. Saka er difor overgripande, og ho vil ha konsekvensar for villreinen sine levekår i åra framover. Villreinmeldinga og Tiltaksplanen for villrein på Hardangervidda, understrekar dette. Difor hastar det, og framdrifta for arbeidet er relevant. Villreinnemnda i området skriv i høyringsinnspelet sitt: «En miljøtunnel under Dyranut vil være et konkret og effektivt tiltak som gir villreinen bedre mulighet til å bruke større deler av sitt leveområde. Ved å legge veien i tunnel fjernes en stor del av den fysiske og visuelle barrieren, og det frigjøres areal som kan tilbakeføres til naturen. Dette vil bidra til å styrke områdets kvalitet i tråd med nasjonale målsettinger.» Transport- og reiselivsnæring, beredskapsansvarlege og folkevalde frå begge sider av fjellet, innbyggjarar og villreinforkjemparar har gjennom ei årrekkje kjempa for tunnelar på Hardangervidda. Alt i 2015 tilrådde NINA, i rapport 1121 Veger og villrein, at det for villreinen sin del burde byggjast tunnel der. Stamma på vidda utgjer 90 pst. av villreinen i Europa, og Noreg har eit internasjonalt ansvar for å verne om han, spesielt etter den harde nedskytinga i forbindelse med CWD, som no har gjort at villreinen er ein raudlista art. Dyret treng frodige beite og tilgang til områda nord for rv. 7, for der er det kaldare, der er det lite ferdsel, og der er det store, urørte beiteområde. Rv. 7 har vore ein god barriere i åra me har hatt skrantesjuke, men no når det ikkje er avdekt nye smitta dyr, treng villreinen fri ferdsel og tilgang til nordsida av vidda. Og det hastar. Realisering av prosjekt som dette krev koordinering. Ut frå det internasjonale ansvaret, ansvar for vinterregularitet og for beredskap er det viktig å sjå denne saka i eit heilskapleg perspektiv. Det må bety noko framover for både prioritering og planlegging av ny NTP.

  • 16. des 202512:36· Replikk

    Møte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

    Det er heilt ålreit å verta kalla statsråd, sjølv om det ikkje er rett. Metaforen med stall og låve handlar jo om at det er veldig mange i dette landet som er bustadlause – så difor den vesle vinklinga. Synet på fylkeskommunen si rolle kunne eg snakka lenge om, og me kjem sikkert tilbake til den når det Dokument 8-forslaget kjem, men eg har gode erfaringar med at fylkeskommunen er vår viktigaste støttespelar i veldig mange saker, også når det gjeld bustadbygging. Eg tenkjer at både KS og fylkeskommunen har viktige roller for rett og slett å gjera det enklare for kommunane, og kanskje aller mest for dei mindre kommunane, for å forsterka dei gode bustadpolitiske satsingane. Der føler eg at fylkeskommunane er lite negative.

  • 16. des 202512:33· Replikk

    Møte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

    Eg deler skildringa av verkelegheita når det gjeld motsegner og kanskje frustrasjonen i enkelte kommunar. Samtidig er det viktig å ha gode ordningar, slik at ein som kommunalt tilsett eller folkevald gjer dei riktige vedtaka, og det treng me gjerne ein storebror til. Det kan verka som at statsforvaltaren berre har ei kontrollørrolle. For veldig mange kommunar i dette landet er statsforvaltaren òg ein ressurs, ei støtte, til å gjera gode vedtak. Eg synest det er veldig bra at ein no har eit motsegnsprosjekt på gang for å rydda i det som er unødvendig byråkrati, men eg meiner òg at det er veldig lurt at me fortset å ha ein statsforvaltar som hjelper kommunane til å gjera kloke val.

  • 16. des 202512:32· Replikk

    Møte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

    Verdssituasjonen me står i, er utfordrande, og landa i Europa må samarbeida for å finna gode løysingar for alle som ønskjer å koma hit. Dette handlar om verdigheit for folk over heile verda, men det å behandla folk, alle som søkjer asyl i Noreg, på ein riktig måte og med dei beste intensjonar, handlar òg om verdigheit. Me er forplikta av internasjonale lover, av FNs menneskerettskonvensjon osv. For at Europa skal utvikla seg på ein klokast mogleg måte, trur eg me er nøydde til å samarbeida godt. Me kan ikkje stå aleine i denne saka, og difor er det samarbeidet heilt avgjerande.

  • 16. des 202512:25· Innlegg

    Møte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

    Bustadpolitikken engasjerer breitt. Studentar slit med å finna rimelege bustader, eldre kvir seg for å flytta frå einebustaden, barnefamiliar strevar med å finne husvære som passar deira livssituasjon, og altfor mange står utan fast bustad. Samtidig ser me at byggjebransjen har mindre å gjera, handverkarar går utan oppdrag, og nyutdanna fagarbeidarar vel seg bort frå faget. Me har store behov for bustader i både byar og bygder, og kompetansen og ferdigregulerte tomter finst mange stader. I samtalar med bransjen går noko att: Bransjen er tydeleg på at renta er avgjerande for bustadbygginga. Dei framhevar òg noregspris og redusert elavgift som positive satsingar i tillegg til Husbanken sine rammer og eit betre og meir effektivt byråkrati. Arbeidarpartiet har teke og tek grep. For det første fører me ein økonomisk politikk for å halda prisnivået nede og slik bidra til at renta held seg låg og kan gå meir ned. Me har gjenreist Husbanken som eit kraftfullt bustadpolitisk verkemiddel. Med ei historisk låneramme på 34 mrd. kr – den høgaste nokon gong – sikrar me at fleire får moglegheit til å eiga sin eigen bustad, og at fleire bustader med god kvalitet vert bygde. Husbanken har fått utvida mandatet sitt og hjelper kommunane til å ta ei meir aktiv bustadpolitisk rolle. Me prioriterer startlånet, det viktigaste verkemiddelet for husstandar med varig låg inntekt. I tillegg har me sett av 2 mrd. kr til ei forsøksordning for unge og førstegongsetablerarar og 2,1 mrd. kr til studentbustader. Regjeringa har som mål å sikre bygging av 12 000 studentbustader dei neste fire åra. Dette vil både hjelpa studentane og avlasta presset på den private leigemarknaden. Me må òg gå kraftfullt til verks for at det skal verta enklare og raskare å byggja gode bustader. Difor styrkjer me Direktoratet for byggkvalitet med 30 mill. kr i 2026, for å forenkla, for å digitalisera og automatisera plan- og byggjesaksbehandlinga. Me har sett i gang arbeid med å forenkla byggjereglane, og saman med NHO Byggenæringen og KS har me utarbeidd ei tiltaksliste med 72 punkt som no vert vidareutvikla. Det er avgjerande at det vert enklare å byggja – det trur eg alle parti er einige om – skal me nå målet om å setja i gang bygging av 130 000 bustader innan 2030. Det handlar ikkje berre om å byggja meir – det handlar òg om å byggja betre. Gjennom den nye arkitekturstrategien, den første på 16 år, Rom for kvalitet, legg me vekt på varierte nabolag, gode omgjevnader og langsiktig ressursbruk. Me skal byggja i eit hundreårsperspektiv, med kvalitet som varer. Arbeidarpartiet i regjering legg til rette for bustadbygging. Difor må me òg sjå på produktiviteten i næringa. For å sikra framdrift har Forskingsrådet fått i oppdrag å kartleggja produktivitetsutviklinga, og me håpar å sjå tiltak allereie frå 2026. Kommunane spelar òg ei viktig rolle. Me styrkjer løyvingane til kommunane med ein historisk auke i frie midlar. Det gjev dei moglegheit til å ta ei meir aktiv rolle i bustadbygginga og bestilla oppdrag som held hjula i gang i krevjande tider. Når det blir «mørkt i stall og i låve» – (representanten syng den strofa) – treng og fortener me alle ein trygg stad å sova. Arbeidarpartiet har vist handlekraft. Me har gjenreist Husbanken, prioritert startlånet og sikra rekordhøg bygging av studentbustader. Me legg grunnlaget for at det kan byggjast raskare, og legg til rette for både kvalitet og betre produktivitet i bustadbygginga. Dette er politikk som gjev folk bustad, tryggleik og framtidstru – og som held byggjebransjen i arbeid.

  • 5. des 202518:30· Innlegg

    Møte fredag den 5. desember 2025 kl. 9

    Finansdebatten handlar om livet vårt. Ordskiftet frå valkampen er gjenkjenneleg her i dag. Det er interessant å registrera kor optimistisk eller pessimistisk ein ser på samfunnet og på korleis landet vert styrt – nasjonalt, regionalt og lokalt. Den jammerdalen nokon hevdar me er i, kjenner eg meg ikkje att i, men alvoret i mange kommunar og fylke er tydeleg formidla: Velferda er under sterkt press. Difor er prioriteringa av historisk høge overføringar til kommunar og fylke nødvendig. Samtidig er det avgjerande å kommunisera til alle folkevalde, både her og der, at omstilling er heilt nødvendig. Me må føra ein politikk som bidreg til å halda renta nede, stat og storting må redusera styringstrykket, kommunar må effektivisera eller samarbeida meir, og dei som ynskjer å slå seg saman, må vurdera det. For at kommunar og fylke skal lykkast, må me klara å omstilla oss, forenkla, digitalisera, bruka KI smart – kort sagt endra for å bevara det beste ved Noreg, nemleg å ha solide kommunar over heile landet. Det treng me av tryggleikspolitiske grunnar. Me treng det på grunn av beredskap, sjølvforsyning, kritisk infrastruktur som kraftforsyning og vasskvalitet og samferdsel og næringsliv. Med fersk og lang erfaring frå lokalpolitikken meiner eg at kommunane og fylka sjølve veit best kva som trengst av tiltak og innsats. Dei kan best svara på om dei treng mest pengar til eldreomsorg, arbeidsinkludering, vegvedlikehald, bustadsatsing, vidaregåande skular eller tilskot til lag og organisasjonar. Overordna sett ynskjer KS seg frie rammeoverføringar og færrast mogleg øyremerkte midlar – for kommunar er forskjellige, strukturen er ulik, og demografi og geografi er også det. Valresultatet frå i haust viser at veljarane bryr seg om låg barnehagepris, støtte til tannhelse, kollektivsatsing, sletting av studiegjeld, storbysatsing og veldig mykje meir. Dei bryr seg om kunstig intelligens og om satsing på høgare, desentralisert og variert utdanning. Valresultatet viser at alt dette betyr meir for fleire enn skattelette for dei færraste av oss. Fleirtalet av veljarane i dette landet vil ha ordningar som tener oss alle, uavhengig av lommeboka til den enkelte. Eit solid spleiselag der me yter etter evne og får etter behov, er best for flest. Kort sagt: Statsbudsjettet svarer godt ut kva landet vårt treng i 2026.

  • 2. des 202510:43· Innlegg

    Møte tirsdag den 2. desember 2025 kl. 10

    43:03] (ordførar for saka): Fyrst vil eg takka komiteen for godt arbeid og samarbeid. Arbeidarpartiet har som kjent store ambisjonar for bustadbygginga i åra framover. Me veit at det for mange av oss betyr noko for tryggleiken å eiga heimen sin. Det er stabilt, og me kjenner at me høyrer til både i lokalsamfunnet og i nabolaget. Difor har Arbeidarpartiet eit mål om å setja i gang bygginga av 130 000 bustader innan 2030. Ei av barrierane for å få realisert draumen om eigen bustad handlar m.a. om økonomi og om at det er liten variasjon i typen bustader. Heldigvis er det stadig fleire som får moglegheit til å skaffa seg husrom gjennom såkalla bustadkjøpsmodellar, som leiga til eiga og deleiga. Denne saka handlar om å justera dei eksisterande lovane som rammar inn denne typen modellar, for å tilpassa dei slik at det vert mogleg å tilby ein større andel bustader med leiga til eiga og deleiga. Det betyr at fleire vil kunna eiga bustad på eit tidlegare tidspunkt, anten det er førstegongskjøparen som ikkje har ein foreldrebank å lena seg på, eller dei med betalingsevne, men som ikkje har tilstrekkeleg med oppspart eigenkapital. Med andre ord legg me til rette for at fleire skal få høve til å oppnå bustaddraumen. Regjeringa føreslår her ein lovheimel til å regulera i forskrift at aktørar som tilbyr leiga til eiga eller deleiga, kan eiga ein større andel enn i dag. Fordelen med å forskriftsregulera dette er at ein raskare kan stramma inn eller utvida modellane, men òg justera minstevilkåra for eigarskap om ein ser at det er klokt. Lovforslaget vil ramma inn modellane betre enn i dag. Eg er samd med kommunalminister Skjæran når han spesifikt understrekar at det er behov for ein gjennomgang av lovverket for at forbrukarane skal få sikra rettane sine. Me veit at det er meir effektivt å justera og forbetra forskrifter enn å fastsetja alt i lov. Slikt arbeid tek lengre tid. Me er utolmodige, men glade for saka som no er til behandling. Denne lovendringa er ein viktig start på eit stort arbeid.

  • 13. okt 202521:32· Innlegg

    Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

    Dette var vel verdt å vente på. Eg har med stor interesse lytta til alle som har teke ordet i dag, og eg vil snakka om kommuneøkonomi. Arbeidarpartiet prioriterer alltid god kommuneøkonomi og har levert historisk godt dei siste åra. Dette er heilt nødvendig for at kommunar og fylkeskommunar kan sikra gode og likeverdige velferdstenester i byar og distrikt. Likevel: Alle veit at det trengst meir, me er ikkje i mål, og difor har eg – og me – store forventningar til nettopp statsbudsjettet. I valkampen lovde me å setja velferd framfor skattekutt til dei rikaste, og det gjer me no i praksis. Dette handlar om meir pengar til eldreomsorg, fleire tilsette i barnehagen og betre vegar ute i distrikta. Dette er utruleg viktig, for me lever livet vårt ute i kommunane. Alle tenester me får glede og nytte av, vert leverte av det offentlege. Me treng tryggleik for helsa vår, for ungane våre, for vatn- og avløpssystemet, for vegar, for pensjonistlivet, for økonomien. For oss i Arbeidarpartiet handlar dette om tryggleik for kommunane. Det er jo det mange kjenner på – at ein er bekymra for om pengane strekkjer til, at det finst nok vaksne, slik at ein er trygg når ein leverer ungane i barnehagen, at dei tilsette i omsorgstenesta har tid og hender nok til å skifta bleier eller sørgja for trivsel, eller har tid til å vera der når angsten rir ein, eller når ein ligg for døden. Det handlar om arbeidslivet, om trygge jobbar og om å ha nok folk på jobb. Det handlar om at flest mogleg kjem ut i arbeid og aktivitet, og at alle som kan jobba litt eller mykje, vert brukte, slik at endå fleire kjenner at dei kan bety ein forskjell og bidra i lokalsamfunna sine. Det handlar om å leva et heilt liv. I kveld fekk eg ei gladmelding: Ål kommune har fått 83 pst. av ukrainarane ut i arbeid etter fullført introduksjonsprogram – best i landet. Det er veldig hyggeleg for meg som nettopp avgått ordførar, og det seier noko om at der det er vilje, der er det veg. Eg trur alle kommunar ser fram til at ein kan slanka byråkratiet gjennom kommunekommisjonen, fordi rapporteringskrav, lovverk og gode intensjonar frå stortingsvedtak gjennom fleire tiår i aukande grad har utfordra kommunane, og det er viktig å få rydda opp i. Kommuneøkonomien handlar om innbyggjarane våre – om mor mi, om dotter di, om naboen frå Eritrea og om den kollegaen som alltid er sliten. Kommuneøkonomien set kort og godt rammer og retning når det gjeld både tryggleik for morgondagen og tru på framtida.

Siste voteringer

12 nyeste

Vis →