5. mai 202610:11· Innlegg
Møte tirsdag
den 5. mai 2026 kl. 10
Nordøyvegen er eit fantastisk
prosjekt. Bruer og tunellar har bunde saman Nordøyane og Nordre-Sunnmøre.
Det har skapt nye moglegheiter, styrkt beredskapen og gjort kvardagen
enklare for mange. Så kjem spørsmålet: Kva hjelper det med ny veg
dersom rekninga vert for tung å bere?
Det er nettopp det denne saka handlar om. For
folk på Nordøyane er bompengebelastninga vorten for høg – for høg for
familiar, for høg for pendlarar og for høg for næringslivet, som
skal skape verdiar langs kysten vår. Det var ikkje det folk sa ja
til. Det var ikkje dette som var føresetnaden då prosjektet vart
vedteke. Når vi er komne dit, må vi våge å gjere noko med det.
Dette forslaget er ikkje dramatisk. Det er
ikkje uansvarleg. Det handlar om å bruke sunn fornuft – setje eit
tak på 20 passeringar i månaden og gå i dialog med fylkeskommunen og
sjå på ei løysing som gjev lågare belastning utan å velte heile
prosjektet. Det er rett og slett eit godt og forsvarleg forslag
for å gjenopprette balansen.
Vi skal sjølvsagt ha respekt for at bompengeprosjekt byggjer
på lokale vedtak, men respekten må gå begge vegar. Når føresetnadene
endrar seg, når belastninga vert langt høgare enn det folk opplever
at dei sa ja til, må også staten vere villig til å stille opp og
justere kursen.
Dette handlar difor også om tillit – tillit
til systemet, tillit til at når vi byggjer veg i Noreg, gjer vi
det på ein måte folk kan leve med, ikkje berre på opningsdagen,
men også i åra etterpå. Nordøyvegen har eit godt trafikkgrunnlag.
Lågare takstar kan faktisk gje meir trafikk og betre økonomien i
prosjektet over tid. Det handlar altså ikkje berre om å ta folk
på alvor. Det er også ei god løysing for alle.
Kristeleg Folkeparti stiller opp og er med
på dette representantforslaget fordi det tek på alvor kvardagen
til folk, familiar, frivillige og bedrifter på Nordøyane. Vi meiner
det er riktig å be regjeringa gå i dialog med fylkeskommunen og kome
tilbake med ei løysing som faktisk lettar belastinga, for gode vegar
skal binde folk saman, ikkje presse dei frå kvarandre økonomisk.
(Innlegg er under arbeid)
29. apr 202610:42· Replikk
Møte onsdag
den 29. april 2026 kl. 10
Regjeringa står fast ved
målet om 130 000 nye bustader innan 2030. Samtidig innrømmer statsråden
at ein ligg bak skjemaet, sjølv etter at ein har begynt å inkludere
ombygging av eksisterande bygg i måltalet. Dette framstår meir som
å pynte på tala enn å få fart på faktisk ny bustadbygging.
Samtidig viser statsråden til nokre lettingar
frå dei 72 forslaga dei har fått, bl.a. om dagslyskrav og ventilasjon.
Det er positivt, men det framstår gjerne som enkeltståande justeringar
i eit regelverk som er langt større og meir kostnadsdrivande samanlikna
med våre skandinaviske naboland. Meiner statsråden at slike grep
er tilstrekkelege for å få fart på bustadbygginga og nå målet, eller
erkjenner han at det trengst ein heilskapleg gjennomgang av TEK17
– at ein må få krava samla for å forenkle og klargjere regelverk,
slik KrF no har føreslått i Stortinget?
29. apr 202610:40· Replikk
Møte onsdag
den 29. april 2026 kl. 10
Nye tal frå SSB viser
at det særleg er unge einslege og småbarnsfamiliar i byane som ber
den tyngste byrda av dagens rentenivå i Noreg. For mange har bustad
vorte den viktigaste familiepolitiske saka. Vi kan ikkje styre renta
frå denne salen, men vi kan gjere det enklare å byggje fleire og
billigare bustader.
Allereie den 2. juni i fjor fekk departementet
overlevert ei liste med 72 konkrete forslag til forenklingar frå byggjenæringa
sjølv. Det er snart eitt år sidan. Likevel har næringa måtta vente,
samtidig som bustadbygginga har stupt og krisa har forsterka seg.
Kvifor har statsråden late byggjenæringa vente
i nærmare eitt år på å få i gang nokre av desse tiltaka, og kvifor
handlar regjeringa først no, når krisa allereie har sett seg i heile
næringa?
8. apr 202610:31· Replikk
Møte tirsdag den 8. april 2026 kl. 10
Vi ser også at fleire
gründerar og investorar flyttar selskap, eigarskap og kompetansemiljø
ut av Noreg. Dei peikar bl.a. på skattesystemet og rammevilkår for
eigarskap. Samtidig veit vi at nye arbeidsplassar i stor grad kjem
frå unge vekstselskap. Er statsråden bekymra for at vi er i ferd
med å skyve nettopp desse gründermiljøa ut av landet? Kva skal regjeringa
gjere for å sikre at morgondagens selskap faktisk byggjast her i Noreg?
8. apr 202610:29· Replikk
Møte tirsdag den 8. april 2026 kl. 10
Første spørsmål: Noreg
har kapital, kompetanse og god infrastruktur. Likevel ligg vi langt
bak f.eks. Sverige når det gjeld å skape nye selskap og vekstbedrifter.
Samtidig bruker vi stadig meir pengar på store statlege støtteordningar
og grøne subsidiar til etablerte prosjekt, mens mange gründerar
opplever at det er vanskelegare å byggje nye selskap frå botnen.
Meiner statsråden at næringspolitikken til regjeringa i tilstrekkeleg
grad stimulerer til nye teknologiselskap og innovasjon, eller risikerer
vi at politikken i større grad favoriserer subsidierte prosjekt
framfor nye gründerselskap og teknologieventyr?
26. mar 202610:18· Innlegg
Møte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10
På vegner av Ida Lindtveit
Røse, Jorunn Gleditsch Lossius og meg sjølv har eg gleda av å leggja
fram eit representantforslag om besøksbidrag som eit fast beløp.
25. mar 202610:03· Innlegg
Møte onsdag den 25. mars 2026 kl. 10
På vegner av representantane
Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius og meg sjølv har eg
gleda av å fremje eit forslag om heilskaplege næringspolitiske rammer
for ideelle gjenbruksaktørar.
26. feb 202611:44· Innlegg
Møte torsdag den 26. februar 2026 kl. 10
Dette er ei sak som har
skapt stort engasjement. Det er forståeleg. Når ein stiller spørsmål
om kva vi gjev til dyra våre, og dermed indirekte kva vi har på
tallerken eller i glaset, handlar det om noko grunnleggjande – om
tilliten til maten.
La meg vere tydeleg: Kristeleg Folkeparti ønskjer
at landbruket skal bidra til å redusere klimautslepp. Det er ein del
av vårt forvaltaransvar, men tiltaka må vere fagleg forsvarlege,
trygge og bidra til å styrkje, ikkje svekkje, eit landbruk over
heile landet. Difor er rolleforståinga viktig. Stortinget skal setje
mål og rammer. Vi skal ikkje overta ansvaret til fagmyndigheitene
for å vurdere enkeltstoff i kraftfôr. Spørsmål om godkjenning, risiko
og mattryggleik høyrer heime i Mattilsynet og relevante vitskaplege
instansar, ikkje i denne salen.
Samtidig kan vi ikkje lukke auga for den uroa
som er oppstått. Hendingar i Danmark og erfaringar frå Noreg viser at
kunnskapsgrunnlaget må vere solid, og at tillit ikkje kan takast
for gjeven. Når næringa sjølv har valt å setje vidare utprøving
på pause, er det eit uttrykk for ansvarlegheit og respons på vurderingane
frå folk. Det er difor riktig at Stortinget no slår fast at bruk
av metanreduserande fôrråvare ikkje skal vere eit vilkår for husdyrtilskot
i 2027.
Klimaarbeidet i landbruket må byggje på heilskapleg agronomi.
God grovfôrkvalitet, målretta avl, riktig gjødsling, beitebruk og
drenering gjev utsleppskutt som varer. Samtidig styrkjer det økonomien
til bonden og mattryggleiken. Det er slike tiltak vi bør prioritere.
For KrF handlar dette om balanse. Vi skal ta klimautfordringa på
alvor, vi skal lytte til fagmiljøa, og vi skal verne om tilliten
til forbrukarane.
Norsk landbruk er avgjerande for beredskap,
busetjing og verdiskaping i heile landet. Då må også klimaarbeidet
vere kunnskapsbasert, ansvarleg og forankra i landbruksnæringa sjølv.
Tilrådinga frå næringskomiteen gjev ei ryddig og ansvarleg avklaring.
Det støttar KrF.
26. feb 202610:58· Innlegg
Møte torsdag den 26. februar 2026 kl. 10
58:17] (ordførar for saka): Innleiingsvis
vil eg takke medlemene i komiteen for eit godt og grundig arbeid
i denne saka. Det har vore eit stort engasjement, både i komiteen
og ute i landet. Over 2 700 høyringsinnspel vitnar om at dette er
ei sak som vedkjem mange, både bønder, forbrukarar og fagmiljø.
Det handlar om tillit til maten vår, om rammevilkåra for landbruket
og om korleis me skal nå klimamål.
Komiteen har behandla representantforslaget
om å stanse all bruk og vidare utprøving av metanhemmarar i norsk
landbruk, under dette tilsetjingsstoffet Bovaer. Saka kjem opp i ein
situasjon der landbruket er i gang med å følgje opp klimaavtalen
med staten. Metanreduserande tiltak har vore omtalte som eitt av
fleire moglege verkemiddel. Samtidig har hendingar i Danmark og
funn under norske forhold skapt uro og reist spørsmål som det er
viktig å ta på alvor.
Komiteen merkar seg at meieriaktørar har valt
å setje vidare utprøving på pause. Det viser at omsynet til forbrukartillit
og mattryggleik veg tungt. Eit fleirtal i komiteen, inkludert KrF,
understrekar at vurderingar av enkeltstoff og fôrråvarer må gjerast
av ansvarlege fagmyndigheiter og av næringa sjølv. Det er desse
som har kompetansen og det formelle ansvaret for å vurdere mattryggleik,
dyrehelse og regelverk. Stortinget vedtek lovene og regjeringa forskriftene,
mens det er forsking, fag og forvaltning som granskar og tillèt
eller forbyr enkeltstoff som kan utgjere ein fare for folk, dyr
og miljø.
Samtidig meiner fleirtalet at det ikkje skal
stillast krav om bruk av metanreduserande fôrråvarer som vilkår
for husdyrtilskot i 2027. Usikkerheita som har oppstått, behovet
for meir kunnskap og omsynet til tilliten folk har til norsk matproduksjon,
tilseier at eit slikt krav ikkje bør innførast.
Komiteen fremjar difor ei samla tilråding om
at bruk av metanreduserande fôrråvarer ikkje skal vere eit vilkår
for å få husdyrtilskot frå 2027. Komiteen vil også understreke at
klimaarbeidet i landbruket må vere heilskapleg og forankra i god agronomi.
Tiltak som betre grovfôrkvalitet, avl, gjødsling, beitebruk og drenering
kan gje varige utsleppsreduksjonar og samtidig styrkje produksjon,
dyrevelferd og beredskap.
Med dette håper eg at Stortinget vil gje si
støtte til tilrådinga frå næringskomiteen.
29. jan 202612:20· Innlegg
Møte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10
Først vil eg takke saksordføraren,
Tobias Linge, for godt arbeid. Dette er på ein måte ein premieresak
for meg. Som fersk stortingsrepresentant kom denne saka veldig rett
opp i fanget på meg, og eg vil difor også takke komiteen for samarbeidet.
I den grad vi vart einige om noko, så var jo det ekstra kjekt.
I denne saka vil eg ta fram kanskje dei viktigaste
tinga for KrF. Denne saka er eit første steg i arbeidet med å modernisere
og forbetra eit regelverk som i dag vert opplevd som tungt og komplisert
og lite tilgjengeleg, særleg då for kommunar og for små og mellomstore
verksemder.
For KrF er det eit omsyn som veg tyngst i denne
saka, og det er forenkling. Offentlege anskaffingar må vere utforma slik
at dei gjev best mogleg bruk av fellesskapets midlar, samtidig som
dei er praktisk gjennomførbare for dei som skal bruke regelverket,
både oppdragsgjevarar og leverandørar. Samtidig må det seiast at
forslaget ikkje går langt nok. Lovendringane tek i for liten grad
tak i dei forholda som i praksis gjer anskaffingar unødvendig kompliserte,
kostnadsdrivande og lite tilgjengelege, særleg for mindre aktørar.
Etter fire år med dagens regjering er vi framleis
langt unna regjeringa sitt eige mål om å forenkle tilsvarande 11 mrd.
kr. Tvert imot er det i same periode innført ei rekkje nye krav
om rapportering og dokumentasjon. Dette svekkjer etter KrF sitt
syn regjeringa sitt bidrag til at kommunar og næringsliv skal oppleve
mindre byråkrati.
Eit av dei viktige spørsmåla i denne saka er
dette med innslagspunktet. Der ønskjer KrF eit høgare innslagspunkt. 100 000 kr
har stått i mange år, uregulert, og Kristeleg Folkeparti sitt syn
her er at vi bør løfte det minst til 750 000 kr. Vi har naboland
som har vesentleg høgare tersklar, opp i det området, 750 000 kr
pluss. Dette er ei viktig sak som vi kanskje ikkje får fleirtal
for, men som vi støttar, i lag med FrP og Høgre. Eit nivå på 750 000 kr
vil gje ei reell forenkling og styrkje lokale og små leverandørar
og gje kommunane eit nødvendig handlingsrom. Dersom det ikkje vert
750 000 kr, vil vi subsidiært støtte 500 000 kr som innslagspunkt.
KrF vil også understreke dette med at kompetanse
er avgjerande for offentlege anskaffingar. Fleire reglar og plikter gjev
ikkje nødvendigvis betre kjøp. Tvert imot er det ein risiko for
at kravet om anskaffingsstrategi og -rutinar først og fremst fører
til fleire planar og sjekklister, utan at kvaliteten på anskaffingane
vert betre.
Når det gjeld klima- og miljøomsyn, meiner
KrF det er viktig at krava vert utforma på ein måte som er fleksibel
og kostnadseffektiv. Erfaringa viser at unødvendig detaljerte og teknologispesifikke
krav kan gje høgare kostnader, svakare konkurranse og i nokre tilfelle
utfordre beredskapen. Regelverket må gje rom for at marknaden kan
finne dei beste løysingane.
KrF er også opptekne av at næringslivet tek
ansvar for lærlingar, og mange stader overfor eit nytt prosjekt
er det naturleg å stille krav. Samtidig meiner vi at regjeringa
sitt forslag kanskje er litt for lite praktisk og litt for rigid
med å bruke ein prosentandel. Det kan skape unødvendig prosessrisiko
og stengje mindre verksemder ute. Difor føreslår KrF at lærlingkravet
vert utforma som ei kan-føresegn, utan fast prosentkrav.
Til slutt vil eg understreke betydninga av
innovasjon. Offentlege anskaffingar er eit kraftfullt verkemiddel
til å fremje nye løysingar og styrkje konkurranseevna i norsk næringsliv. KrF
meiner det er behov for ein større bruk av fleksible anskaffingsprosedyrar
og betre tilrettelegging for innovasjonspartnarskap, slik at også
små og mellomstore verksemder får ei reell moglegheit til å delta.
KrF støttar lovendringa som eit nødvendig første
steg, men dersom målet verkeleg er forenkling, må vi våga å gå lenger,
med høgare innslagspunkt, mindre byråkrati og større tillit til
kommunar og næringsliv.
14. jan 202610:48· Replikk
Møte onsdag den 14. januar 2026 kl. 10
Når statsministeren i
nyttårstalen sin knapt nemner bedrifter, gründerar eller start ups,
forsterkar det inntrykket av at innovasjon og privat verdiskaping
ikkje har høg prioritet i regjeringa. Spørsmålet blir då: Korleis
kan statsråden meine at regjeringa legg til rette for omstilling
i norsk industri, når det verken gjenspeglar seg i budsjettet, eller
blir sett høgt på den politiske agendaen?
14. jan 202610:46· Replikk
Møte onsdag den 14. januar 2026 kl. 10
Statsråden viser til at
regjeringa legg til rette for omstilling, men mange aktørar i næringslivet
opplever at ein ikkje merkar dette i praksis.
Ein heilt avgjerande føresetnad for å lykkast
med omstilling av norsk industri er innovasjon. Samtidig peiker
investorar, bedrifter og organisasjonar på at uføreseielege og særnorske
rammevilkår gjer det vanskelegare å satse i Noreg, og ein åtvarar
om at både kapital og kompetanse blir trekt ut.
Investinor og Shifter viser til at tilgangen
på kapital for oppstartsselskap er halvert sidan 2023, at antal
inngåtte avtalar har falle kraftig, og at investorar vurderer tilgangen
på kapital som forverra. Spørsmålet blir: Korleis kan statsråden påstå
at regjeringa legg til rette for innovasjon i Noreg når aktørar
i marknaden, investorar og Innovasjon Noreg seier noko heilt anna?
19. des 202513:28· Replikk
Møte fredag den 19. desember 2025 kl. 9
Takk for spørsmålet. KrF
har alltid meint at det å dele med dei fattigaste blant dei fattige
kanskje er det viktigaste vi kan gjere, også i politikken. Det er
saligare å gje enn å ta imot – det har vi tru på. Dette handlar
litt om det, at blant alt vi held på med i kongeriket Noreg, er
det å ikkje gløyme omverda veldig viktig. Det får vere svaret på
det spørsmålet. Eg tør ikkje gå i djupet på det, og så er det vel
ikkje tid til det.
19. des 202513:27· Replikk
Møte fredag den 19. desember 2025 kl. 9
Takk for spørsmålet –
eller innspelet, var det vel meint som. Det som skjedde med ferrolegeringar,
handlar litt om å vise fram at vi er ein handelspart som ønskjer
å kunne stole på eit regelverk. Det var vel det som vart adressert
ganske tydeleg. Vi meiner lovverket vart sett i spel med det vedtaket
EU gjorde i ferrolegeringssaka.
19. des 202513:25· Replikk
Møte fredag den 19. desember 2025 kl. 9
Takk for spørsmålet. Poenget
med det innspelet frå KrF var å setje dette høgst på dagsordenen,
slik at EU skulle forstå kor viktig det var for Noreg, òg for Europa,
som er ein stor mottakar av ferrolegeringar frå Noreg. KrF sitt
poeng med det var å stille det opp og vise kor alvorleg det er,
og ei frykt for at det kunne smitte over på andre viktige eksportnæringar
i Noreg som leverer mykje til Europa.
19. des 202513:19· Innlegg
Møte fredag den 19. desember 2025 kl. 9
Eg trur eg først vil takke
for eit godt samarbeid i næringskomiteen, godt leia av representanten
Rune Støstad. Som fersk stortingsrepresentant er det godt å kome
inn i eit slikt klima.
Så til temaet i dag: Verdiskapinga er grunnlaget
for velferda vår. Oppgåva til politikarane er å leggje til rette
for gode og føreseielege rammer både for å oppretthalde og for å
styrkje verdiskapinga i landet vårt. Det er eit stort behov for
ei styrking av næringspolitikken.
Skattlegginga av norske eigarar og bedrifter
har auka betydeleg dei siste åra. Under regjeringa Støre har Noreg
fått nye skattar, midlertidige skattar og skattar med tilbakeverkande
kraft. Gründerar vel vekk Noreg, og bedriftseigarar med langt over
50 mrd. kr i formue har forlate landet vårt. Det ser ikkje lyst
ut om dette fortset i same spor. Vi i KrF vil ta med oss dette inn
i skattekommisjonen, som skal starte eit arbeid og forhåpentlegvis
kanskje sjå på dette.
Eit lyspunkt kan sjølvsagt vere å høyre Jakob
Sandes song «Det lyser i stille grender». Med fem ord frå Jakob
Sande har eg i grunnen sagt det som har særprega det norske samfunnet
gjennom generasjonar – eit samfunn som vert bygd nedanfrå, av bedrifter,
bønder, fiskarar og frivillige over heile landet, og som held lys
i husa, fabrikken og bygda. I generasjonar har små og store bedrifter
vore berebjelkar i samfunnet. Dei bidreg til fellesskap gjennom
inntekter, verdiskaping, sysselsetjing og investeringar i lokalsamfunn.
Norsk og lokalt eigarskap har vore ein viktig
faktor for den utviklinga vi har hatt så langt. Kristeleg Folkeparti
ønskjer å ta vare på dette vidare. Vi ønskjer å jobbe med dette. Vi
ønskjer å byggje samfunnet på verdiar – å skape verdiar. Vi ønskjer
meir satsing på entreprenørskap, innovasjon og vekst i næringslivet,
og vi ønskjer betre vilkår for gründerar, som skapar framtidige
arbeidsplassar.
Det er avgrensa kor lenge norske eigarar kan
tappe bedriftene sine for kapital for å finansiere formuesskatt.
Det er midlar som trengst til å utvikle bedrifta, sikre arbeidsplassane til
folk og halde lys i fabrikkar, grender, byar og lokalsamfunn. For
oppstartsbedrifter vert denne skattlegginga ekstra ille. Det medfører
at mange små sel aksjar, og då gjerne til utanlandske eigarar, for
å betale formuesskatt på verdiar som normalt ikkje er likvide midlar.
At formuesskatten for norske eigarar favoriserer utanlandske eigarar,
burde eigentleg vere eit sjølvstendig argument for å fjerne den
særnorske skattlegginga.
Norsk fiskeri- og havbruksnæring har, saman
med landbruket, vore viktig for landet vårt gjennom generasjonar.
Dette må vi halde høgt og ta godt vare på. Landbruksnæringa er viktig
for bl.a. sjølvforsyning og beredskap i heile landet vårt. Sjømatnæringa
har stor betyding for lokalsamfunna langs kysten og for velferd
og er ein viktig verdiskapar og ei eksportnæring. Sjømatnæringa
eksporterer til 150 nasjonar og er den nest største eksportnæringa
i landet vårt. Fiskerinæringa fangstar og forvaltar fiskeriressursar
i verdsklasse, mat med eit særs lågt CO2-avtrykk. KrF
vil fjerne den særnorske CO2-avgifta frå fiskeflåten.
Følgjene av den særnorske avgifta kan verte store tap for verdikjeda
rundt fiskeflåten og nedlegging av viktige arbeidsplassar i Noreg.
I dei urolege og usikre tidene vi lever i, kan følgjene av denne
avgifta bidra til å svekkje beredskap, med nedbygging av bunkerslokasjonar og
andre viktige funksjonar langs kysten vår.
Til slutt: Eg viser til innspela vi har til
statsbudsjett og til alternative budsjett. Så ønskjer eg god jul
– og kanskje ein kan tenkje litt ekstra på desse fem orda frå Jakob
Sande: «Det lyser i stille grender.»
4. des 202511:54· Innlegg
Møte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10
Regjeringa offentleggjorde
i sommar at det skal innførast nullfiskeområde i Oslofjorden frå
1. januar 2026. Det inneber at både yrkes- og fritidsfiskarar får
fiskeforbod.
KrF er einige i at tilstanden i Oslofjorden
er alvorleg, men vi merkar oss at regjeringa har budsjettert med
ei mangelfull kompensasjonsordning for fiskarar. Det er i utgangspunktet
positivt med kompensasjon når situasjonen er som han er, men vi
må samtidig erkjenne at fiskarane framleis lever i stor uvisse.
Dei veit ikkje kven som vil få erstatning, kor mykje dei kan forvente,
eller kva krav som må oppfyllast for å kome inn under ordninga.
Det verkar som regjeringa meiner at ordninga
med arbeidsløysetrygd skal vareta dei økonomiske behova til fiskarane,
slik det er for andre som vert arbeidsledige, men vi må hugse at
fiskarane i stor grad er organiserte i enkeltpersonføretak. Dei
har ofte lån på fiskarbåt og reiskap, med pant i hus og heim, så
ein konkurs for ein fiskar er difor langt meir alvorleg enn det
å verte arbeidsledig. Det kan bety å miste hus og heim.
Fiskebåtar er spesialiserte og har ein avgrensa
verdi når fiskaren vert tvinga til å selje som følgje av fiskeforbodet. Dette
gjer situasjonen meir alvorleg, og Kristeleg Folkeparti vil difor
understreke at kompensasjonsordninga må vere tydeleg og rettferdig
og raskt kome på plass. Vi ser at totalforbod skapar mykje utryggheit
og er svært krevjande for dei som vert ramma. Då kan vi ikkje ha
ei ordning som er ramma inn slik at ho skapar endå meir utryggheit.
KrF vil til slutt melde vår støtte til forslag
nr. 8 i saka, frå Raudt, og vi gjer samtidig merksam på at KrF ved
ein inkurie ligg inne som medforslagsstillar på forslaga nr. 2 og
3. Vi vil stemme mot dei forslaga.
4. des 202510:37· Innlegg
Møte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10
Det er absolutt behov
for å styrkje næringspolitikken i landet vårt. Frå dag éin har Støre-regjeringa,
etter vårt syn, svekt det private norske eigarskapet. Skattane for
norske eigarar av bedrifter er auka med 30 mrd. kr sidan Støre tok
over, og det betyr nesten 200 mill. kr i auka skattar kvar einaste
veke. Mangel på stabile rammevilkår er øydeleggjande. Vi har fått
nye skattar, vi har fått midlertidige skattar, og vi har til med
fått skattar med tilbakeverkande kraft. Gründerar vel å byggje bedriftene
sine frå utlandet, og bedriftseigarar med over 50 mrd. kr i formue
har forlate landet. Det skadar investeringar, arbeidsplassar og
vekst i Noreg.
Noreg vert bygd nedanifrå gjennom bedrifter,
bønder og frivilligheit over heile landet. I generasjonar har dei
små og mellomstore bedriftene vore berebjelkar i samfunnet vårt.
Dei bidreg til fellesskapet gjennom inntekter, verdiskaping, sysselsetjing
og investeringar i lokalsamfunnet.
Mange eigarar av små og mellomstore bedrifter
må tappe bedriftene sine for kapital for å kunne betale formuesskatt. Dette
er ressursar som i staden kunne ha vore brukte til vidareutvikling
av bedrifter, arbeidsplassar og lokalsamfunn. For oppstartsbedrifter
er situasjonen ekstra ille, då mange må selje aksjar i eiga verksemd,
gjerne til utanlandske eigarar, for å betale den urettferdige formuesskatten.
I tillegg favoriserer skatten utanlandske eigarar, som ikkje er
omfatta. Skal vi sikre at bedriftene kan utvikle arbeidsplassane
vidare, og at bedriftene ikkje flyttar frå Noreg, må formuesskatten
på arbeidande kapital fjernast. Noreg har tradisjonelt hatt ein
god entreprenørskapskultur. Fleire målingar indikerer beklagelegvis at
han er svekt dei siste åra.
Vi i KrF vil støtte intensjonen i mange av
forslaga frå Venstre. Samtidig er måten dei vert fremja på, litt
uheldig – i eit representantforslag der det er kasta inn ei mengd
heilt ulike forslag om skatte- og forenklingspolitikk, EØS-oppfølging, risikokapital,
forsking og innovasjon, arbeidsliv og kompetanse, offentlege anskaffingar,
teknologi, KI og finanspolitiske innretningar. Dette gjev eit dårleg
utgangspunkt for ei reell behandling, trass i at fleire av forslaga
isolert sett er gode. Vi vil kome tilbake til desse når dei kjem
fram ved eit seinare høve, men vi vil stemme imot i denne saka.
19. nov 202510:43· Replikk
Møte onsdag den 19. november 2025 kl. 10
Eit lite tilleggsspørsmål:
I går kveld – det var nesten det siste eg gjorde før eg la meg –
såg eg statsråden stå på «tillitsbygget», for å kalle det det, på
Økern. Til dette med å ha tillit til kommunane i den situasjonen
vi er i no, eksempelvis når det gjeld det som vart nemnd her om
øyremerkte tilskot: Vi brukte i 2024 ca. 38 mrd. kr til øyremerkte
tilskot, og på tilskot som er på over 100 000 kr, må ein rapportere
tilbake til staten. Den tilliten til kommunane, som er fulle av
tillitsvalde i kommunestyra – kan statsråden sjå på det, eller i
det minste endre nivået på tilbakemeldingskrav? Eg spør fordi 38 mrd. kr
er 385 000 100 000-kronerslappar. Eg ser for meg at det er litt
å hente.
19. nov 202510:41· Replikk
Møte onsdag den 19. november 2025 kl. 10
Kommune-Noreg står til
halsen i oppgåver som må løysast kvar dag og kvar natt heile året.
Oppgåvene vert fleire og meir komplekse og krevjande med åra, og
forventningane frå innbyggjarane er ofte krevjande nok. Spagaten
som kommunane står i, er ikkje god. Det er først og fremst krevjande
for dei tilsette, som ønskjer å gi innbyggjarane gode tenester,
men det utfordrar òg omdømet til kommunen. Kommunen er dei tilsette, innbyggjarane
og samfunnet. Kommunane hamnar meir og meir bakpå i kampen om å
få tak i fagfolk. Dette er ei utfordring som ofte vert omtalt som
ei framtidssak, men det er det ikkje i kommunane. Når vi i tillegg
veit at fleire kommunar enn på mange år er på veg til å kome på,
eller allereie har kome på, ROBEK-lista på grunn av driftsubalanse,
vert situasjonen meir prekær enn kva eg sjølv kan hugse etter 30 år
i eit kommunestyre og åtte år i ei ordførarrolle.
Då vert spørsmålet: Opplever statsråden situasjonen
i Kommune-Noreg som så prekær at han har det travelt med å forenkle
der det kan forenklast no?
14. okt 202514:50· Innlegg
Møte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10
Norge er mulighetenes
land bygd på rike naturressurser, frihet, menneskeverd og nestekjærlighet,
men vi kan gjøre ting bedre på mange områder. Jeg vil nevne tre
her.
Ett av dem er regjeringens skattepolitikk,
som sender dyktige norske eiere ut av landet. Formuesskatten på
arbeidende kapital må betales uavhengig av overskudd, og den kveler
nyskaping, innovasjon og investeringer i små og store bedrifter
over hele landet. KrF ser på småbedrifter, familieeide selskaper
og lokale arbeidsplasser som bærere av viktige verdier: fellesskap,
samfunnsansvar og samfunnsbygging. Nettopp derfor har vi lenge vært
opptatt av rammevilkårene for virksomhetene som gir liv til bygder,
tettsteder og lokalsamfunn – og ikke minst av å fjerne formuesskatten
på arbeidende kapital.
Vi må lykkes med å redusere utenforskap her
i landet. Noe av det viktigste vi kan gjøre, er å hjelpe flere av
de 700 000 menneskene som står utenfor arbeidslivet. Når antall ungdommer
i utenforskap vokser og nå er over 100 000, har vi en jobb å gjøre.
Det må vi ta tak i, og vi må få alle med oss. KrF vil ha en uførereform
inspirert av Danmark. Uføre med gradert uføretrygd kan få større
arbeidsmuligheter ved at arbeidsgivere kan betale en noe lavere
lønn, og uføretrygden kan gis som kompensasjon for redusert timelønn.
Regjeringen foreslo en pilotordning med dette tiltaket for noen
år siden, men det forsvant ut i budsjettforliket med SV. La oss håpe
at dette forslaget snart kan bli en realitet, for dette er vinn-vinn
for enkeltmennesker og samfunnet.
KrF har lenge vært skeptisk til å innføre CO2-avgift
for fiskeflåten, bl.a. fordi land rundt oss ikke har en slik avgift.
I mange år fikk vi derfor stanset forsøk på å innføre denne avgiften,
men 1. juli i år fjernet det rød-grønne flertallet fritaket for
CO2-avgiften for fiskefartøy som fisker i fjerne farvann. Beslutningen
ble sterkt kritisert, og regjeringen valgte å utsette utestengingen
til 1. januar 2026. Hva skjer etter 1. januar? KrF håper at regjeringen
skroter tanken om en slik avgift. Vi frykter at organisasjonen Fiskebåt
har rett i sin advarsel om redusert konkurransekraft og beredskap
langs kysten, ettersom følgene av denne avgiften kan bli nedlegging
av bunkersstasjoner, redusert etterspørsel etter servicetjenester
fra den maritime industrien langs kysten og økte CO2-utslipp.