13. mai 202611:21· Replikk
Møte onsdag
den 13. mai 2026 kl. 10
Bustadpolitikken som blir
ført i dag, er ein forskjellsmaskin. Husbanken har anslått at det
no er 4 700 bustadslause i Noreg. Mange av dei er barn. Det skjer
fordi prisen på å få seg ein heim har eksplodert. I tillegg fører
renteaukinga til at barnefamiliar og unge i etableringsfasen med
høge bustadlån verkeleg kjenner det på lommeboka. Vi treng å byggje
fleire bustadar, vi treng å byggje dei raskt. Difor har SVs milliardløft
til Husbanken vore nødvendig. Det er ein start, men høgst nødvendig.
Noreg er samtidig i verdstoppen i bustadgjeld,
og då må vi stille oss spørsmål om den pengepolitikken som blir
ført, er riktig og basert på dei rette føresetnadane. Leigeprisane
blir målte forskjellig i Noreg og Sverige. I Noreg utgjer leige-
og eiebustadprisane ein betydeleg del av KPI-en, og auka rente og
høgare leigeprisar driv inflasjon opp. Både Eiendom Norge og NHOs
påtroppande sjefsøkonom seier det er med i inflasjonen.
Når bukostnadane er den største utgifta for
folk og auka rente gjer det verre, er finansministeren einig med
Eiendom Norge i at når leige- og eigeprisane utgjer ein så stor
del av KPI, risikerer vi å auke inflasjonen med auka rente heller
enn å redusere den?
13. mai 202611:19· Replikk
Møte onsdag
den 13. mai 2026 kl. 10
Uroa rundt Hormuzsundet minner
oss om kor farleg og ustabil den fossile økonomien er, og kor sårbare
og avhengige vi er av olje. Vi ligg allereie bakpå i omstillinga
av norsk økonomi, og når verda raskt omstiller seg for å bli meir
uavhengig av olje og gass, må vi henge med. Viss ikkje risikerer
vi både arbeidsplassar og miljø.
Det er svært lite i dette budsjettet som minner
om at verda allereie har mindre olje på verdsmarknaden, og at det
kan bli mindre i månadane som kjem. Samtidig viser det kor sårbar og
avhengig verda er av olje. I tillegg til at det viser kor sårbar og
avhengig verda er av olje, sende òg krigen i Iran eit oljeprissjokk
i verdsøkonomien.
Før påske vedtok altså eit fleirtal i denne
salen midlertidig avgiftskutt som svar på raskt aukande drivstoffprisar.
Då sa regjeringa at dei skulle kome tilbake med tiltak for vanlege folk
i revidert. Ei openberr løysing for det er å svare ut avgiftskuttet
på drivstoff med å gjere kollektivtransporten billegare og betre,
men i staden ser vi at regjeringa kuttar i kollektivprosjekt. Er
det berre bilistar som skal få betre økonomi? Kva er eigentleg regjeringas
tiltak for å betre folks økonomi i dette budsjettet?
13. mai 202611:17· Replikk
Møte onsdag
den 13. mai 2026 kl. 10
Ikkje berre er kvardagsøkonomien
til vanlege folk pressa, deler av velferda er også på brestepunktet.
Renteaukinga gjer at gjeldstynga kommunar og sjukehus slit og må
kutte. Stramt og ansvarleg er ikkje å la sjukefråværet fortsetje
å auke i barnehagane. Vi byggjer ikkje velferd på utbrente skuldrer,
vi må sikre fleire folk på jobb. Ansvarleg politikk er å sørgje
for nok folk til å byggje legoklossane i barnehagen og å hente teiknesakene
i SFO. Då trengst det folk, og det trengst omfordeling. Det er det
einaste ansvarlege å gjere.
DNB kan vise til rekordoverskot, med over 10 mrd. kr berre
i fyrste kvartal. Noreg har aldri hatt fleire milliardærar. Det
er ein annan veg i ansvarleg styring, nemleg å auke skattane til
dei som har aller mest i dette landet, og for banksektoren. Historia
kjem ikkje til å spørje om regjeringa heldt skatteløftet sitt, den
kjem til å spørje om Noreg brukte rikdomen og handlingsrommet då
verda tvinga oss til å handle, til å redusere forskjellane, utvide
velferda og omstille oss.
Spørsmålet mitt er: Når målet er å dempe presset
utan å ramme folk, kvifor er regjeringa meir oppteken av å skjerme dei
rikaste frå økt skatt enn å auke velferda?
13. mai 202611:13· Innlegg
Møte onsdag
den 13. mai 2026 kl. 10
Spørsmålet mitt går til finansministeren.
I revidert, som kom i går, skriv regjeringa at i ei tid med auka
internasjonal uro, vil regjeringa føre ein politikk som tek vare
på dei små forskjellane og den høge tilliten vi har i Noreg. Men
det som blei lagt fram i går, er jo «copy-paste» frå i fjor, eller
som statsministeren kalla det: stramt og ansvarleg i fjor, stramt
og ansvarleg i år.
Sidan i fjor har vi fått krig i Iran og stenging
av Hormuzstredet. Verdsøkonomien, energimarknaden og utsiktene for
norsk økonomi er vesentleg endra. Vi har no fått eit nytt oljeprissjokk,
som også kjem med auka matvareprisar. Aleinemødrer kvir seg for
å gå i butikken fordi dei må velje mellom middag eller frukost.
Folk legg seg om kvelden med ein klump i magen fordi dei ikkje veit
om dei får til å betale rekningane sine. På toppen av dette kjem
renteaukinga, som gjer økonomien til barnefamiliane og unge i etableringsfasen
med høge bustadlån endå vanskelegare.
I ei slik tid må vi sikre kvardagsøkonomien
til vanlege folk og redusere forskjellane. Dei seinaste dagane har
vi høyrt heile regjeringsapparatet, seinast på denne talarstolen,
snakke på innpust og utpust om tiltak som verkeleg gjer noko med økonomien
til folk, som ein historisk låg barnehagepris på 1 200 kr, kutta
med meir enn 20 000 kr i året, gratis SFO, og at med gjennomslaga
til SV har vi nesten dobla barnetrygda, som no er over 2 000 kr.
Vi har redusert både antalet og andelen barn som veks opp i fattige
familiar, og folk som har lite, får meir, slik som med aukinga i
minstepensjon. Problemet er jo at dette er saker som SV har kjempa
fram, ikkje regjeringa. Regjeringa kjem ikkje med nokon tiltak for
å betre kvardagsøkonomien til folk i dette budsjettet. I staden
er det altså «copy-paste» frå i fjor. Når regjeringa no legg fram
eit budsjett utan å svare på dei store utfordringane folk står i,
betyr det at regjeringa tenkjer at det er SV som nok ein gong skal gjere
jobben ved å sørgje for gjennomslag som betrar kvardagsøkonomien
til vanlege folk og får ned forskjellane i ei uroleg tid? For kva
er eigentleg tiltaka som regjeringa kjem med i revidert som reduserer
forskjellane?
21. apr 202614:34· Innlegg
Møte tysdag
den 21. april 2026 kl. 10
Det er svært fornuftig å få
ei meir rettferdig og korrekt verdsetjing av dyre bustader. Det
har SV jobba for lenge, og vi fekk også i førre periode gjennomslag
for at vi skulle få denne utgreiinga. Det er her snakk om svært
dyre bustader, anten dei er på over 10 mill. kr eller over 14 mill. kr.
Det velkjent at dyre bustader over år har hatt ei for låg verdsetjing,
og difor er det betalt for lite skatt for desse i forhold til folk
som har bustader som ikkje er verdt så mykje. Det er difor bra at
det kjem ei utgreiing som viser at det er mogleg å gjere det meir
korrekt og meir rettferdig.
Problemet er ikkje at vi ikkje får ei meir
rettferdig skattlegging av dei aller dyraste bustadene i Noreg.
Problemet er at bustadmarknaden har blitt ein forskjellsmaskin der
unge slit med å kome seg inn på bustadmarknaden. Det å eige bustad
er og har vore veldig gunstig i Noreg. Samanlikna med andre land
er det veldig låg skattlegging av bustader i Noreg. Vi er mange
som ønskjer oss lågare skatt på låge inntekter, og at vi skal stimulere
til arbeid, og då er det fornuftig i staden å skulle skattleggje
formueobjekt som eigedom. «Tax wealth, not work» er ein bevegelse
som ønskjer at vi skal vri skattesystemet over til formue og eigedom
og ikkje til arbeid.
Det er også ei overdriving at dette var ei
skattebombe. Det er nesten 400 000 som har fått mindre skatt no
– 230 000 i den første runden og eventuelt no nesten 500 000 med
den nye modellen. At nokre får så mykje skattelette, skjøner eg
heller ikkje at nokon kan vere ueinig i.
Det er sånn at den endringa som statsråden
gjorde for nokre veker sidan, også har nokre utfordringar, når ein
endrar frå 10 mrd. kr til 14 mrd. kr. Vi ser at bl.a. dei bustadene
som er aller, aller dyrast, også får den største skatteletten.
Dette er openbert ei sak som vi ikkje er ferdig
snakka om. Eg er veldig glad for at vi har fått denne modellen oppe
og gå, sånn at det er mogleg å få ei meir korrekt og rettferdig
verdsetjing av bustader. I ei tid der det blir varsla innstrammingar
og at velferda må kuttast, trengst det i eit ansvarleg budsjett
inntekter som også bidrar til fellesskapet, og då er det fornuftig
å få ei rettferdig skattlegging også av eigedom.
21. apr 202613:49· Innlegg
Møte torsdag
den 21. april 2026 kl. 10
Det er behov for endringar
i regelverket for forvaltninga av garanterte pensjonsprodukt. I
mange år har desse fripolisane forvalta av livselskapa ikkje hatt
noka som helst regulering, noko som har gjeve betydeleg lågare pensjonar
enn det som var lova, og som innbetalt pensjonskapital bør kunne
sørgje for. Det gjev eit tap for den enkelte pensjonist, men også
for samfunnet, ved at store midlar blir forvalta for forsiktig.
Over tid har ein altså opplevd lita eller inga
regulering av pensjonsytingane, og det har svekt kjøpekrafta og
levekåra til pensjonistane. SV og Raudt er difor i denne saka einig
med bl.a. høyringsuttalene til LO og Pensjonistforbundet i at forslaga
i proposisjonen ikkje løyser dei grunnleggjande problema knytt til
låg avkasting og manglande oppregulering av fripolisar. Vi viser
eksplisitt til Fafos rapport frå 2018, Ikke som forventet, som peikar
på at det krevst eit meir djuptgripande tiltak for å betre denne
forvaltninga. Vi meiner at det er behov for ein ny gjennomgang av
ordninga, og at vi må sjå vidare på dei forslaga som ligg i Fafo-rapporten.
Vi meiner òg at regjeringa burde sett ned ei slik arbeidsgruppe
allereie no i vår for å greie ut meir gjennomgripande endringar
i korleis fripolisane blir forvalta og organiserte.
Det er også fleire parti som viser til at den
største og mest radikale endringa regjeringa føreslår i proposisjonen,
er forslaget om lånt eigenkapital. Vi meiner forslaget bryt med
premissen om at endringane skal vere til fordel for kundane, og vi
er difor imot regjeringas forslag om innføring av lånt eigenkapital.
Vi kan ikkje støtte eit forslag som svekkjer kundane sine rettar
og ikkje er i deira interesse.
Eit anna punkt er bufferfond – at dagens reglar
om pliktig nedbygging av bufferfond i utbetalingsfasen blir føreslått fjerna
og erstatta med krav om at pensjonsleverandørane sjølve skal fastsetje
retningslinjer for opp- og nedbygging av buffer. Vi er også kritiske
til det og viser igjen til Pensjonistforbundets høyringssvar, som
peikar på at desse livforsikringsselskapa har hatt klare insentiv
til å halde bufferkapitalen tilbake, ettersom det reduserer behovet
for eigenkapital og då avgrensar pensjonspliktene selskapet har
overfor kundane. Vi meiner også, i likskap med Pensjonistforbundet,
at kravet burde ha vore at den årlege pensjonsutbetalinga utgjer
ein bestemt andel av premiereserven, og at den skal tilsvare andel av
bufferfondet og utbetalast som eit kronetillegg.
Det siste punktet gjeld investeringsval. Eit
breitt fleirtal i høyringsrunden, frå LO, Forbrukerrådet og Pensjonistforbundet
til Finanstilsynet og Fintech Norway, tek til orde for løysingar
for å gå i retning av å gje kundane rett til å konvertere frå garanterte
fripolisar til fripolisar med investeringsval. Ei slik løysing vil
vere positivt for kundane då dei sjølve kan velje investeringsprofil.
Vi er difor fleire parti som meiner at regjeringa må kome tilbake
med forslag som gjev kundane rett til konvertering frå garanterte
fripolisar til fripolisar med investeringsval.
Eg tek opp forslaga våre. Eg trur FrP har teke
opp forslag, men det er nokre forslag som SV har saman med andre,
og som eg no tek opp. Vidare vil vi stemme subsidiært for forslag nr. 4.
21. apr 202613:06· Innlegg
Møte torsdag
den 21. april 2026 kl. 10
Det er urolege tider. Det
er krig i Ukraina og krig i Iran, prisane aukar, og det er varsla
ytterlegare renteauke, Mens andre får høgare bustadlån og mindre
på konto, vil altså DNB mest sannsynleg gå med endå større overskot
komande år. Men det kan ikkje bety at sjefen i DNB kan fortsetje
å få ein lønsauke som langt overgår resten av lønsauken i Noreg.
I krevjande tider, der vanlege folk får det
tøffare, er det ekstra viktig at regjeringa styrer og sikrar ei
utvikling som får dei økonomiske forskjellane ned, sikrar velferda
og stiller opp om den norske modellen for lønsdanninga. Og i ei
slik tid ikkje berre kan, men bør regjeringa handle. Regjeringa
kan begynne å gjere alvor av sine eigne retningslinjer om moderasjon,
ikkje berre som ei forventning, men som får konsekvensar, og som
blir etterfølgt.
Det er altså fem år sidan Støre sjølv sa at
han var open for lønsfrys og for å stoppe leiarlønsgaloppen. SV
har føreslått leiarlønskommisjon og lønsfrys for dei høgast løna
leiarane, som Arbeidarpartiet sjølv måtte gjennomføre når dei sat
i opposisjon. No kan dei gjennomføre når dei sit i posisjon. Det
er openbert at det går godt i banksektoren, og at det er rom for
å hente inn meir til velferda og sikre at ikkje berre dei aller,
aller høgast løna toppleiarane får løn, men at det også er mogleg
å hente inn meir frå banksektoren for å sikre velferda. Det gjeld spesielt
også på finansskatt. Men i dag, på DNBs generalforsamling, handlar
det ganske enkelt om at regjeringa kan stemme i tråd med eigne og
Stortinget sine reglar og styringssignal, og med det vise at det
ikkje berre er tomme ord, men reell handling som må til om denne
leiarlønsgaloppen skal stoppast.
21. apr 202613:01· Innlegg
Møte torsdag
den 21. april 2026 kl. 10
Som statsråden sjølv sa: I
dag er det generalforsamling i DNB. Banken har dei siste åra levert
enorme overskot, blant anna fordi renta for vanlege folk har auka
kraftig. Mens vanlege folk har fått høgare buutgifter og strammare
økonomi fordi DNB har tent svært godt på eit høgt rentenivå, hadde
DNB-sjef Kjerstin Bråthen i fjor ei samla løn på 18,7 mill. kr.
Det er 10,6 pst. meir enn året før. DNB-sjefen får altså ein lønsauke
som er langt over dobbelt så høg som det vanlege folk kan forvente å
få. Det er fullstendig uansvarleg.
I eigarskapsmeldinga, som statsråden også var
inne på – og som eit samla storting har stilt seg bak – heiter det
ikkje berre at moderasjon er noko ein skal ta omsyn til i fastsetjing av
leiarløningane. I eigarskapsmeldinga står det også at dersom veksten
i samla godtgjering eller i enkelte godtgjeringselement er større
for leiande tilsette enn for tilsette elles, anten prosentvis eller
kronemessig, er staten oppteke av at styret gjev ei særskild grunngjeving
i lønsrapporten for selskapet.
10 pst. lønsauke til DNB-sjefen er betydeleg
og langt over frontfagsramma. Har statsråden bedt om, og fått, denne særskilde
grunngjevinga som retningslinjene krev når leiarløna aukar meir
enn den generelle lønsauken i selskapet? Og kva tenkjer næringsministeren
å gjere i dagens generalforsamling? Har vi fått denne grunngjevinga,
og vil statsråden for ein gongs skyld gjere noko meir enn berre
å forvente moderasjon frå selskap der staten er ein dominerande
eigar, og faktisk stemme for sine eigne retningslinjer og imot den
enorme lønsauken til DNB-sjefen? Har statsråden vurdert om det skal
få nokon konsekvensar for styremedlemene som ikkje følgjer retningslinjene
frå Stortinget og regjeringa, som at statsråden f.eks. vurderer
å skifte ut eventuelle styremedlemer som ikkje følgjer opp moderasjon?
21. apr 202612:51· Innlegg
Møte torsdag
den 21. april 2026 kl. 10
Det er vår; det er lønsforhandlingar.
Frontfaget har kome i mål, men tilsette i restaurantbransjen har
gått i streik. Folk i hotell- og restaurantbransjen står streikevakt
for seg sjølv og kollegaene sine for eit lønsløft i ein bransje
med dei lågaste løningane i landet, slik at vanlege folk, kollegaene
deira, kan ha noko igjen når handlekorga og bustadutgiftene er betalte.
Det krev ei lønsauke som er så høg at ho ikkje straks blir nulla
ut av at vanlege utgifter er høgare enn før.
Den bekymringa har ikkje landets toppleiarar,
for samtidig med at vårsola skin på dei streikande, blir det levert
rapportar om at leiarløningane fortsett å auke mykje meir enn vanlege
løningar – også i selskap der staten er dominerande eigar.
La meg berre ta nokre eksempel: DNB-sjef Kjerstin
Braathen hadde i fjor ei samla løn på 18,7 mill. kr. Det er 10,6 pst.
meir enn året før. Yara-sjef Svein Tore Holsether auka løna med
nær 7 pst. i fjor, til 17 mill. kr. Holsether er også president
i NHO. Equinor-sjef Anders Opedal fekk ein kompensasjon på 23 mill. kr
i fjor. Dermed auka løna med 1 mill. kr. Telenor-sjef Benedicte
Fasmer fekk 16,18 mill. kr i løn. Kongsberg Gruppens sjef, Geir
Håøy fekk 14,39 mill. kr i 2025.
Noko av det beste med Noreg er den norske modellen
for lønsdanning, der konkurranseutsett industri forhandlar først for
eit nivå på lønsauken som næringsliv og norsk økonomi toler. Den
hadde ei ramme på 4,4 pst. Likevel ser vi at frontfagsramma openbert
ikkje gjeld for norske toppleiarar i statlege selskap, og det gjeld
heller ikkje sjølv om dei statlege selskapa har fått tydelege signal
frå regjering og storting om at ein forventar moderasjon. Forventninga
er uttrykt både i eigarskapsmeldinga og i eigne retningslinjer,
men selskapa bryr seg ikkje.
I eit oppslag i VG for fem år sidan, i mars
2021, kravde Jonas Gahr Støre statleg leiarlønsfrys om han kom til
makta. Den gong då var det framleis pandemi. Han oppfordra då Høgre-regjeringa
til å sjå på korleis den akutte pandemien auka ulikskapen, og at
det gjorde det nødvendig å ta grep for å bremse lønsfesten for leiarane
i det offentlege og i selskap der staten hadde eigardel. Sidan den
gong har vi hatt krig i Ukraina, dyrtid, auka renter og matkøar
som aldri har vore så lange – og no, til sist, endå ein krig, i
Iran.
Ulikskapen har auka. Medan vanlege folk har
fått det tøffare, har altså dei på toppen stukke frå. Det gjeld
ikkje berre milliardformuane som veks enormt på svært få hender.
Det gjeld også løna til toppleiarane. Medan vanlege folk blir bedne
om moderasjon, folk står og streikar utanfor hotella, og regjeringa
varslar innstramming i velferda, fortsett altså leiarlønsfesten
i dei statlege selskapa.
No har regjeringa styrt i fem år, og leiarløningane
fortset å stige til nye høgder. Det er ingenting som tyder på verken moderasjon
eller ansvarskjensle når DNB-sjefen får ei solid lønsauke på 10 pst.
For fem år sidan sa Støre til VG at «de ikke
bare vil oppfordre, men handle», og at dei ville ha «kontroll over
lederlønnsgaloppen». Kvar har det blitt av handlinga, og på kva måte
meiner statsråden at regjeringa har fått kontroll på leiarlønsgaloppen?
Og kva slag signal tenkjer statsråden at desse leiarlønene sender
til Fellesforbundet og resten av fagrørsla som tek ansvar for heile
den norske lønsmodellen, og som samtidig står med streikevestar
for å heve løna innan hotell- og restaurantbransjen så mykje at
det faktisk er mogleg å leve av den, når toppsjefane i statlege
selskap openbert meiner dei fortener langt over dobbelt så høg lønsauke
som resten av oss?
21. apr 202610:02· Innlegg
Møte torsdag
den 21. april 2026 kl. 10
På vegner av representanten
Kirsti Bergstø og meg sjølv er det ei glede å setje fram eit representantforslag
om å setje ned ein forskjellskommisjon.
25. mar 202613:29· Innlegg
Møte onsdag den 25. mars 2026 kl. 10
Vi må ta grep som tryggjar
folk om Trump fortset å drive økonomien inn i krise. Då kan vi ikkje
berre sjå på pumpeprisen. Han svir no, men når oljeprisen aukar,
risikerer vi også auka prisar i heile samfunnet – på mat, på bustadlån
og på det meste. Difor treng vi fleire grep som betrar kvardagsøkonomien
til folk over heile linja. Vi treng tiltak som bidreg til å redusere
prispresset, og som faktisk gjev meir pengar i lomma for folk. Vi
treng også løysingar som faktisk utbetalar pengar til folk. Vi treng
løysingar som gjer at vi kan få ut pengar raskt i krisetid, og i
ei tid der vi skal ha høge klimaavgifter for å redde klimaet.
For SV er det ikkje aktuelt å vere med på ei
hastebehandling. Vi meiner det er useriøst, og det er ein usikker
kostnad. Vi kan ikkje ta dette rett over bordet. Det må takast i
den ordinære behandlinga.
18. mar 202611:14· Replikk
Møte onsdag den 18. mars 2026 kl. 10
I går kom Statistisk sentralbyrå
med den relativt nedslåande analysen at vi nok ikkje kjem til å
sjå rentenedsetjingar i år. Krigen i Midtausten vil kunne gje auka
importprisar her heime. Sjølv om økonomien den seinaste tida har
betra seg ein heil del, er det openbert at vi kan risikere ei ny
dyrtid, og det etter ei dyrtid frå koronapandemien som har sett
seg fast for mange her i landet.
Arbeidarpartiet gjekk til val på det dei kalla
ei trygg økonomisk styring som ville få renta ned, men det har vi
sett lite til. Den trygge økonomiske styringa innebar derimot eit
skatteløfte som ikkje vil bidra til å omfordele dei store verdiane
i Norge til velferda som rustar oss i usikre tider.
Erfaringane frå krisetiltak i koronakrisa viste
at forskjellane auka under pandemien. Dei som sleit frå før, fekk
det verre, ikkje betre med krisetiltak. Derfor er det ekstra viktig
i møte med ei uroleg framtid å sikre omfordelande politikk. (Presidenten
klubbar.) Kva vil finansministeren gjere for at ei ytterlegare ny
dyrtid med auka prisar ikkje skal føre til at endå fleire slit,
og har vi nok kunnskap til å stake ut ein ny politikk for å snu
forskjellsutviklinga? (Presidenten klubbar igjen.)
18. mar 202611:12· Replikk
Møte onsdag den 18. mars 2026 kl. 10
Regjeringa var svært handlekraftig
for å finne løysingar sånn at eigarane av dei aller dyraste bustadane
fekk mindre bustadskatt. Samtidig viser nye tal denne veka at bustadløysa
aukar kraftig, med ei dobling i Bergen og Oslo – totalt ei tredobling.
I fjor fekk 7 357 husstandar ein mellombels stad å bu av kommunen.
Vi har no over 1 000 norske barn som ikkje har ein stad dei kan
kalle heim. Ein blir stressa, einsam og får dårlegare fysisk og
psykisk helse av ikkje å ha ein stad å bu, seier Kirkens Bymisjon.
Når over 1 000 barn i Noreg manglar ein trygg
stad å bu, kvifor meiner regjeringa at det viktigaste å prioritere
no, er skattelettar i bustadskatten for dei med dei aller dyraste
bustadane, og ikkje å omfordele meir pengar sånn at alle saman kan ha
ein trygg stad å bu og pengar til å betale rekningane sine?
18. mar 202611:10· Replikk
Møte onsdag den 18. mars 2026 kl. 10
I går fekk eg moglegheit til
å vere på eit skattesymposium i Brussel, og der fekk eg æra av å
høyre tidlegare nobelprisvinnar i økonomi Joseph Stiglitz. Han var
tydeleg: Verda står overfor ei klimakrise, ei økonomisk ulikskapskrise
og ei demokratikrise. Dei rikaste fører ein vedvarande og effektiv
krig mot skattlegging gjennom lobbyisme, klaging over tonen i debatten,
aggressiv skatteplanlegging, misbruk av skatteparadis og ordningar
som gjev lågare effektive skattesatsar. Det skjer i verda, og det
ser vi verkeleg i Noreg også. Dollarmilliardærane har no 4 000 gonger
så stor sjanse for å bli folkevalde som vanlege folk i verda. Stiglitz
var tydeleg på at ulikskapskrisa må tas tak i av dei som styrer,
av regjeringane, gjennom ein omfordelande skattepolitikk og ein
plan for å få ned forskjellane.
Det eg lurar på, er: Kva har finansministeren
tenkt å gjere for at ikkje Oxfam neste år igjen skal leggje fram
ein rapport der dei ti rikaste personane i Noreg eig like mykje
som halvparten av befolkninga i Noreg? Kva er eigentleg finansministeren
og regjeringas plan for å få ned forskjellane i Noreg?
18. mar 202611:06· Innlegg
Møte onsdag den 18. mars 2026 kl. 10
Folk ser drivstoffprisane
auke kvar einaste dag. Aleinemødrer går i butikken med klump i halsen
fordi summen på kassalappen veks og veks. Matkøane er rekordlange.
Samtidig er det nokre få på toppen som stikk ifrå, og det gjer dei
i racerfart. I fjor auka formuane til dollarmilliardærane tre gonger
fortare enn dei gjorde i snitt i femårsperioden før. Det er ei brutal
verd for mange og ei fantastisk verd for dei få – ikkje berre i
verda, men også i Noreg.
Dei fremste ekspertane i verda i Oxfam har
sett på Noreg med lykt og lupe og funne at Noregs ti rikaste personar
eig meir enn det halvparten av befolkninga gjer. Dei aller rikaste i
Noreg sit altså på ein sjokkerande stor andel av rikdomen i Noreg.
I fjor steig formuane til norske milliardærar med 57 pst. – heile
276 mrd. kr – mens den fattige halvparten av befolkninga i Noreg
sit på berre 3,5 pst. av den samla formuen. Vi har altså no eit
Noreg der det for dei aller rikaste ikkje lenger held med eitt privatfly,
men ein må ha to, slik vi har kunna lese om Rema-Reitan det siste
året. Dette skjer samtidig som aleinemødrer får vondt i magen av
å gå i butikken, fordi summen på kassalappen frå Rema-Reitan blir
for stor.
Slik hadde det ikkje trunge å vere. Barnefamiliar
hadde ikkje trunge å bekymre seg for framtida viss vi hadde omfordelt
betre. Dei aller fattigaste hadde ikkje trunge å stå i matkø viss
vi hadde omfordelt litt meir av rikdomen, frå dei som har i overflod.
Det er ingen naturlov at forskjellane skal auke. Det er ein villa
politikk, der dei på toppen betaler minst skatt, og dei som har
minst, betaler rekninga – fordi det er manglande politisk vilje
til å omfordele meir.
Difor vil eg spørje: Er finansministeren og
Arbeidarpartiet komfortable med den utviklinga vi har sett, der
dei ti rikaste personane i Noreg eig meir enn det halvparten av
befolkninga gjer? Og trur finansministeren forskjellane i Noreg kjem
til å auke eller minke i løpet av denne stortingsperioden?
26. feb 202614:18· Innlegg
Møte torsdag den 26. februar 2026 kl. 10
SV sluttar seg i all hovudsak
til det som er føreslått, men med nokre presiseringar, som eg skal
gå gjennom. Det eine er § 2-18, som gjeld når offentlegheit skal
tre inn for saksdokument til eller frå representantskapet. Det er
fordi at å lovfeste ein bestemt praksis for offentleggjering ikkje
er representativt for arbeidet til representantskapet, og kravet
om einigheit mellom representantskapet og hovudstyret om meiroffentlegheit
kan bety at hovudstyret vil kunne få innflytelse på tilsynsorganet.
Det andre er at openheit er viktig for SV.
Sjølv om det blir presisert i denne saka at kapittel 1 i sentralbanklova
i all hovudsak er utforma med sikte på å regulere Noregs Banks rolle
som sentralbank, og at føresegna §§ 1-2, 1-7, 1-9 og 1-10 ikkje
skal gjelde forvaltinga av Statens pensjonsfond utland, er det viktig
å få presisert at vi i SV ikkje forstår § 1-6 slik at Noregs Bank
ikkje har noka plikt til å informere departementet om saker knytte
til forvaltninga, og at det tvert imot vil kunne gjelde ei meir
omfattande informasjonsplikt i desse sakene. Saman med Raudt og
MDG vil vi difor understreke viktigheita av tydelege rammer for
openheit og informasjonsdeling knytt til forvaltninga av Statens
pensjonsfond utland.
SV vil òg vise til at fleire fagforeiningar
i høyringa til Finansdepartementet har teke til orde for ordinær
tilsetterepresentasjon i hovudstyret i Noregs Bank. I dag deltek
representantar for dei tilsette i styret berre i behandlinga av
administrative saker, noko som historisk har vore grunna med hovudstyret
si rolle og funksjon i styringa av pengepolitikken. Men etter sentralbanklova
i 2019, då komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet blei
oppretta, meiner vi det kan stillast spørsmål ved om grunngjevinga
framleis skal vere gjeldande.
Ordninga avvik frå praksis i norsk arbeidsliv
og i statleg eigde verksemder som òg behandlar samfunnsviktige spørsmål
i styra sine. Vi meiner difor at tilsetterepresentasjon er eit prinsipielt
spørsmål, at det bør bli vurdert nærare i lys av dagens oppgåver
for styret i Noregs Bank, og at det bør bli gjennomført ei utgreiing
om konsekvensane av å gje representantane for dei tilsette i hovudstyret
i sentralbanken fullverdig status og deltaking.
Så vil eg berre gjenta at det i regelverket
for tilsynet med verksemda i Noregs Bank er viktig for offentlegheita
å ha innsikt i styringa og kontrollen med Noregs Bank. Vi er einige med
representantskapet, som i sitt høyringsinnspel påpeikar at det er
ein styrke at sak og saksforhold er gjort greie for i offentleg
tilgjengelege dokument.
Til slutt: Eg vil elles vise til høyringsinnspelet
frå representantskapet i Noregs Bank, som viser til at det ikkje
er praksis at hovudstyremedlemene utover sentralbankleiinga og tilsetterepresentantane
blir kalla inn til møter i representantskapet, og at medlemene viser
til at sidan det ikkje er møteplikt, er det heller ikkje behov for
å grunngje kvifor dei nemnde medlemene eventuelt ikkje møter.
12. feb 202616:13· Innlegg
Møte torsdag den 12. februar 2026 kl. 10
Vi har ei sjukehusfinansiering
som har gått ut på dato. Vi treng nye sjukehus, vi treng nye moderne
bygg og lokale, men når resultatet er at splitter nye einerom må
byggjast om til dobbeltrom, sjukehus blir bygde utan pauserom, eller
ortopedi og barsel må leggjast ned i distrikta, som i Lærdal, er
det ikkje berre eit spørsmål om rom og desentralisering. Det handlar
om pasientbehandling i det heile.
Vi står overfor ei enorm gjeldsbelasting i
norske sjukehus. Ho er over 60 mrd. kr, og ho vil aukast til over 100 mrd. kr.
Dette blir i dag betalt av pasientane. Når sjukehus etter sjukehus
må spare i hundremillionarsklassen, merkast det på klinikken. Dette
skuldast ikkje at drifta er dårleg eller ineffektiv, det skuldast
gjeld og renter. Difor er eg svært glad for at vi i dag sikrar eit
fleirtal med regjeringa for ein ny sjukehuspolitikk. Vi kan ikkje
fortsetje med at store – svært store – sjukehusinvesteringar skal
gå på kostnad av drifta av sjukehusa. Vi treng å skilje drift og
investering, og vi treng at sjukehusbygg i større grad blir finansierte
og vedtekne i Stortinget, i denne salen.
Dette er ein svært viktig dag for ein svært
viktig sektor. Helsesektoren er sjølve juvelen i den norske velferdsstaten. Viss
folk mistar tilliten til at ein får den beste pasientbehandlinga
i norske sjukehus, risikerer vi at heile det norske velferdssystemet
raknar. Difor er dagens vedtak så viktig. Vi må slutte med at det
er tilsette og pasientar på kvart enkelt sjukehus som må ta heile
kostnaden og ansvaret for nødvendige investeringar på sitt sjukehus.
Helsepersonell spring nok allereie. Vi må endre at grunnen er at
sjukehuset investerer, og at det har så mykje gjeld og må betale
så mykje renter til den norske stat.
Dette er ein historisk dag. Det er starten
på ein ny sjukehuspolitikk.
8. jan 202611:31· Replikk
Møte torsdag den 8. januar 2026 kl. 10
På årskonferansen til NHO
i går viste James Robinson, nobelprisvinnaren i økonomi, eit bilde
av det ypparste det norske samfunnet har å by på, nemleg ein kafé
med barnevogner med sovande babyar utanfor. Det er ikkje berre eit
bevis på tryggleik, men ikkje minst eit bevis på eit samfunn med
svært høg grad av tillit, og dette var i eit innlegg om konkurransekraft
og global makt. Det gode norske samfunnet, det produktive næringslivet
vårt, det inkluderande arbeidslivet vårt og samfunnsinstitusjonane
våre er ufråvikeleg knytt til graden av tillit, og undersøking på
undersøking viser at det viktigaste for å sikre høg grad av tillit,
er små økonomiske forskjellar. Små økonomiske forskjellar får ein
gjennom eit meir omfordelande, rettferdig og effektivt skattesystem.
Da er mitt spørsmål til Høgre, når dei i sin plan, i sitt alternative
statsbudsjett og i sitt program prioriterer omfattande skattelettar:
Kvifor meiner Høgre at det er skattelettar til dei aller rikaste
som er det som sikrar eit av våre viktigaste fortrinn i Noreg, nemleg
høg tillit?
22. des 202510:14· Innlegg
Møte mandag den 22. desember 2025 kl. 10
Saman med fleirtalspartia
Senterpartiet, MDG og Raudt har SV kjempa på plass endringar i budsjettet
for 2026 som tek Noreg i ei grønare og meir rettferdig og solidarisk
retning, også i denne saka, i nysalderinga. Alle veit at det i år
måtte ein ekstra runde til før statsbudsjettet fekk eit faktisk
fleirtal bak seg. Det kan vere vanskeleg å vite kva det var som
eigentleg blei endra frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt
la fram budsjettet sitt, til det blei ei einigheit med SV og MDG.
Lat meg difor berre gjenta det, sidan nokre av dei endringane ligg
nettopp her i nysalderinga.
For det første: Dobbelt så mykje skog skal
bli verna når potten no blir auka til 1 mrd. kr. Med det fortset
vi SVs storstilte satsing på skogvern. Sidan SV fekk gjennomslag
for ordninga i 2021, har 1 038 skogsområde blitt verna. Sist ut
er bl.a. utvidinga av Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune
i Vestland.
Når einigheita med Senterpartiet, Arbeidarpartiet
og Raudt innebar reversering av regjeringa sitt forslag til auking av
drivstoffavgifta, må det møtast av andre klimatiltak. Difor er eg
glad for at regjeringa kjem tilbake til det.
Mykje er bra med noregspris, men vi såg ein
fullstendig kollaps innan solcellemarknaden då noregspris blei innført. Det
er ein konsekvens ingen ønskjer seg. Difor er vi veldig fornøgde
med at det no blir greidd ut ein noregspris på solstraum.
Vi treng å få omstilt Noreg. Då er det veldig
bra at SVs omstillingskommisjon kan justerast og forbetrast, sånn
at vi kan få til endringar med tanke på korleis vi i Noreg skal
nå klimamåla våre, og at vi i tillegg kan auke CO2-prisen
på sokkelen.
Noko av det mest prinsipielle som likevel er
vedteke i budsjettet, er at studiestøtta og bortebuarstipendet skal
regulerast gjennom grunnbeløpet i folketrygda – ein kjempesiger som
studentorganisasjonane har applaudert, og som vi er mange som har
kjempa for.
Som ein del av einigheita er det fleire løyvingar
på denne nysalderinga: til SKUDA, til Verdensteatret, til Melahuset,
til Kvensk institutt – og ikkje minst 4 mill. kr til vedlikehald
av seglskipet Statsraad Lehmkuhl. Det burde regjeringa ha fiksa sjølv
då dei tidlegare i år kom med det rekordstore beløpet 20 mill. kr
til Christian Radich.
Eg er stolt over at vi har fått på plass auka
løyvingar no før jul til dei som stiller opp for dei som har aller
minst – 7 mill. kr til Blå Kors, til Frelsesarmeen, til Kirkens
Bymisjon, til Raudekrossen og til matsentralane.
Til sist vil eg berre seie at eg er glad for
at vi i denne saka er med på å vedta 1 mrd. kr til Palestina. Det
er eit enormt behov for humanitær bistand, det er ei skjør våpenkvile.
Det skulle berre mangle at det norske storting samlar seg om pengar
til Palestina når behova og nauda er så store.
18. des 202510:43· Replikk
Møte torsdag den 18. desember 2025 kl. 10
I dag er skattenivået 22 mrd.
kr lågare enn då finansministeren sjølv gjekk av som statsminister
i 2013. Sjølv om høgresida i denne salen roper høgt om at landet
blir nedsylta i skattar, klarte vi i førre periode berre å reversere
om lag halvparten av dei skattelettane som høgresida og Solberg-regjeringa
innførte.
Vi i SV er bekymra for den aukande ulikskapen
i Noreg og meiner at vi må omfordele meir gjennom skattesystemet
og styrkje velferda. Skal vi omfordele meir, må vi sjå skattenivået
i samanheng med ytingar som barnetrygd, sosialhjelp og eigenbetaling
i f.eks. barnehage og helsetenesta.
Regjeringa har gjeve eit skatteløfte som f.eks.
gjer det mogleg å auke skattane viss ein samtidig kutter i frådrag,
f.eks. foreldrefrådraget, men ikkje viss pengane heller skal gå
til auka barnetrygd. Sjølv om auka barnetrygd går til alle og foreldrefrådraget
er større jo høgare inntekt ein har, er det altså ikkje mogleg innanfor
dette skatteløftet. Det gjev inga meining.
Difor vil eg spørje finansministeren – i ei
tid der matsentralane manglar julemat og køane er lengre – kvifor
det er viktigare å halde på eit teknisk skatteløfte, enn å sørgje
for å omfordele meir til dei som treng det, og ikkje berre (presidenten
klubber) til dei som er i skatteposisjon.
18. des 202510:13· Innlegg
Møte torsdag den 18. desember 2025 kl. 10
På ein valplakat i Bergen
for om lag 15 år sidan var det bilde av ei bustete, men blid dame
med namnet Oddny Miljeteig. På den plakaten stod det: Skatt er sivilisasjon.
Det er heilt riktig, for skatt er avgjerande
for sivilisasjonen, for velferdsstaten vår og for at vi har pengar
til å gje alle helsehjelp, utdanning og barnehageplass. Skatt er
også avgjerande for omfordeling, ikkje berre av pengar, men også
av makt, frå dei som har mest, til dei som har minst.
Denne veka kunne vi lese at 0,001 pst. av befolkninga
i verda kontrollerer tre gonger så mykje rikdom som heile den nedste
halvdelen av menneskeslekta. Også i Noreg aukar ulikskapen urovekkjande.
Skattelistene viser at norske formuar skyt i vêret. Samla formue
blant dei 400 rikaste har no auka til over 2 000 mrd. kr. Den rikaste
prosenten eig rundt ein tredjedel av all formue. Samtidig melder
matsentralane om mangel på julemat, lange køar og stort behov.
I Noreg ser vi at dei aller rikaste kjøper
seg makt og politisk påverknad gjennom annonsekampanjar og desinformasjon.
USA blir styrt av ein president med forakt for demokratiet og eit
oligarki med dei tre rikaste mennene i verda. Pengar er makt, og
når pengane blir samla på færre hender, er det ein reell trussel
for demokratiet. Difor treng vi eit omfordelande skattesystem som
reduserer den økonomiske ulikskapen. Skatteinntektene er det som
betaler for dei flotte tilsette i barnehagen, kreftbehandling og
helsefagarbeidarar på eldresenteret, og dette treng vi meir av.
Difor omfordeler SV i sitt alternative statsbudsjett betydelege
midlar frå dei som har mest, og skattlegg næringar som går godt,
slik som bankane og oppdrettsnæringa, og gjev til kommunar og velferda
vår, gjennom auka barnetrygd og pensjon.
Med SVs skatteopplegg får fire av fem mindre
skatt, mens dei som har mest, må betale meir. Hadde SVs alternative
budsjett blitt vedteke, kunne ein barnefamilie sitje igjen med 63 000 kr,
og hadde vi fått gjennomslag, ville kommunane og fylkeskommunane
ha auka inntektene sine med 16 mrd. kr. Det viser at det er fullt
mogleg å omfordele meir, om det er vilje til det.
I statsbudsjettet som no blir vedteke, er vi
glade for at vi får auka personfrådraget og auka inntektsskatten for
dei med dei høgaste inntektene, og at vi utset utfasing av elbilfordelane.
Vi er likevel aller mest glade for at statsbudsjettet ikkje blir
vedteke av høgresida i denne salen, for då ville dei aller rikaste
i Noreg ha fått enorme skattelettar, vi hadde hatt mindre å drive
velferd for, og rekninga ville ha blitt sendt til dei som har minst.
5. des 202512:17· Replikk
Møte fredag den 5. desember 2025 kl. 9
Det er flott at vi har fått
til eit budsjett, og vi er stolte over at det er kome meir pengar
til kommunane, men vi trur at velferda står overfor store omstillingar
og store utfordringar i åra framover. Difor lurer eg på: Når vi
ser den situasjonen som kommunesektoren har lagt bak seg, og når
vi ser korleis situasjonen er i sjukehusa, ønskjer finansministeren
å bidra til og jobbe for at vi i dei komande åra, i dei komande
statsbudsjetta, får eit endå meir omfordelande skattesystem, der
vi hentar inn meir frå skattar for å sikre den grunnleggjande velferda?
5. des 202512:15· Replikk
Møte fredag den 5. desember 2025 kl. 9
I går kunne vi lese i kommunesektoren
si eiga undersøking at budsjetta i norske kommunar er prega av nedskjering,
avvikling, nedbemanning og omstilling, at vi har ein kommunesektor
som treng meir pengar, og at det er for få folk i velferda til å
stelle våre eldre og passe våre barn. Vi har jo saman blitt einige
om fleire milliardar meir til kommunar, fylke og sjukehus i dette budsjettforliket,
i det vi i dag skal vedta. Det er veldig bra og høgst nødvendig,
og det er vi nok begge stolte over.
Denne veka blei også skattelistene offentlege.
Mens Noregs rikaste har formue og inntekt på fleire titals milliardar,
tener nesten 70 pst. av vanlege lønstakarar mindre enn gjennomsnittsløna.
Samtidig går bankane med store overskot. Eg lurer på om finansministeren
er einig i KS-direktøren si beskriving av ein kommunesektor prega
av nedskjering og nedbemanning. Er finansministeren einig i at det
er behov for meir omfordeling, og vil han jobbe for det?
5. des 202510:29· Replikk
Møte fredag den 5. desember 2025 kl. 9
SV har drive fram ei av dei
store reformene for norsk skule dei siste fire åra, nemleg å gjere
skulefritidsordninga gratis, sånn at alle barn kan vere med på leiken.
Like før vi starta forhandlingane, var eg på
Tøyen skole. For nokre år sidan, då ordføraren i Oslo den gongen,
Marianne Borgen, var der, var det nokre barn som leika på utsida
av skulegarden, og nokre barn som leika på innsida. Då ho hadde spurt
kvifor nokre leika på utsida, hadde dei svart at det var fordi dei
ikkje hadde nok pengar til å vere med på SFO.
Dette er ein måte for å sikre inkludering i
norsk skule. Det er ein måte for å sikre at det som for over 90 pst.,
nesten alle elevane, er ein del av skulekvardagen, å gå på SFO,
faktisk skal vere eit tilbod og ei moglegheit for alle saman. Det er
SV stolt over, og det gir også rom for å utvikle skulen framover.
5. des 202510:27· Replikk
Møte fredag den 5. desember 2025 kl. 9
For det første kjem det jo
i dette budsjettforliket 50 mill. kr meir til barnevern i Oslo,
så det å seie at ein ikkje har prioritert dette, at det ikkje har
vore oppe i forhandlingane, er direkte feil. Det er faktisk ein
del av einigheita at det har kome meir pengar til barnevernet i
Oslo.
SV er også der at vi ikkje berre kan fjerne
private tilbod om det ikkje er eit offentleg tilbod som står klart
til å ta imot barna. Det er også heilt nødvendig, men då må vi vere
villige til å byggje opp og gjere endringar innanfor barnevernstenesta,
sånn at vi sikrar at det er føreseieleg, med stabile og trygge institusjonar
for dei aller mest sårbare barna, så dei ikkje skal vere ein del
av eit anbodssystem og få nye tilbydarar og nye drivarar kvart andre,
fjerde eller sjette år.
5. des 202510:25· Replikk
Møte fredag den 5. desember 2025 kl. 9
For det første er eg einig
i at barnevernet og dei aller mest sårbare barna ikkje har eit godt
nok tilbod i Noreg i dag. Det er vi mange som er einige om. Eg vil
samtidig også gje ros til tidlegare barne- og familieminister Kjersti
Toppe for å ha teke tak i situasjonen i barnevernet i førre periode.
SV meiner jo at ein del av den krisa barnevernet
no står i, er eit resultat av at det over år har vore for mykje
privatisering i barnevernet, at det over år har vore ei pulverisering,
ei oppstykking, der barn – dei aller mest sårbare barna – skal vere
ute på anbod, ute for kjøp og sal. Vi bør organisere heile barnevernet
på ein annan måte.
SV er opptekne av at vi sikrar dei mest sårbare
barna i denne endringa, men eg vil seie at der har regjeringa i
førre periode faktisk gjort ein god jobb, og eg tenkjer vi er nøydde til
berre å fortsetje slik, for å sikre at dei aller mest sårbare barna
får det tilbodet dei har krav på.
5. des 202510:23· Replikk
Møte fredag den 5. desember 2025 kl. 9
Absolutt, og i det alternative
statsbudsjettet til SV var det langt over ein milliard også til
sjukehusa. Hadde vi kunne fått fleirtal, hadde vi hatt endå meir
pengar å rutte med. Vi meiner at det er rom for å omfordele meir
i Noreg, hente inn meir skatt frå dei som har mest, for å sikre
pengar til velferda i ein situasjon der velferda har problem med
å skaffe nok folk, der folk spring så fort at dei har problem med
å gjere oppgåvene sine, anten det er i kommunen eller i sjukehusa.
Vi er opptekne av at pengane må hentast frå ein reell stad. Vi er
difor villige til å omfordele frå skattesystemet for å sikre meir
pengar til sjukehusa, mens FrP går til val på store, store skattelettar.
Viss FrP faktisk hadde kome hit og skulle vedta budsjett, trur eg ikkje
at mange av dei lovnadene dei har, faktisk hadde blitt ein realitet
– for det var det som skjedde førre gong dei sat i posisjon. Då
var det ikkje mogleg å kutte i dei skattane likevel.
5. des 202510:21· Replikk
Møte fredag den 5. desember 2025 kl. 9
Eg vil igjen gjenta at det
er over 3 mrd. kr meir til kommunane, og det er også meir pengar
til sjukehus, i det som blei eit budsjettforlik fleirtalet stiller
seg bak.
Eg vil ta avstand frå at eit rikt land – faktisk
eit av dei rikaste landa i verda – ikkje har pengar å sende til
å hjelpe dei aller, aller fattigaste i verda. Gaza har vore igjennom
eit folkemord. Gaza ligg i ruinar. At vi frå det norske stortinget
faktisk er villige til å gje éin milliard kroner – det burde ikkje
ha vore gjennom eit forlik, det burde ha vore gjort frå før. Vi
har gjeve milliardar til Ukraina. Det skulle berre mangle at vi ikkje
kunne stille opp med pengar til å hjelpe Gaza i den tragiske situasjonen
dei har vore igjennom.
5. des 202510:19· Replikk
Møte fredag den 5. desember 2025 kl. 9
Eg er fullstendig ueinig i
at dette budsjettet ikkje gjer noko for dei eldre i landet. Det
er trass alt ei kraftig styrking av kommuneramma. Det er over 3 mrd. kr
meir til kommunane. Det er for å sikre meir pengar til dei som passar
ungane våre, til dei som steller dei sjuke, til å sikre fleire hender
i eldreomsorga. SV skulle gjerne hatt meir pengar. Vi var jo villige
til å kunne hente inn meir pengar gjennom skattesystemet, mens FrP
gjekk til val på at dei skulle kutte kraftig i skatteinntektene,
med 34 mrd. kr. Viss vi hadde starta med vallovnadene til FrP, hadde
vi jo starta med 34 mrd. kr i minus fordi ein hadde starta med eit
budsjett der ein har gått til val på å kutte i formuesskatten. Det
hadde vore endå mindre pengar til eldre i kommunane.
5. des 202510:13· Innlegg
Møte fredag den 5. desember 2025 kl. 9
SV gjekk til val på å redusere
forskjellane i dette landet, betre kvardagsøkonomien til folk og
styrkje velferda. I dette budsjettet fortset vi SVs velferdsreformer
som vi starta på i førre periode, SFO-reforma og tannhelsereforma.
Frå neste haust blir SFO gratis òg i 4. trinn
i levekårsutsette område. Vi tek foreldreopprøret på alvor og styrkjer
bemanninga i barnehagen med 600 mill. kr gjennom ordninga som SV
fekk på plass i revidert nasjonalbudsjett, og det kjem milliardar
til både kommunane og fylkeskommunane for å styrkje velferda.
Noko av det første SV gjorde i 2021 etter åtte
år med høgreregjering, var å endre lova slik at barnetrygda blei
halden utanfor sosialhjelpssatsen. Dessverre måtte vi òg ta den
kampen i det første budsjettet med ei ren Ap-regjering, men no er han
sikra og vunne for heile stortingsperioden. Dette, saman med ein
auke i barnetrygda, gjer at barn som veks opp i dei aller fattigaste
familiane, får meir til klede, fotballsko og fritidsaktivitetar.
Med dette budsjettet kan uføre senke skuldrene
og få behalde meir av det dei tener, utan å vere redde for at dei
blir trekte i trygda. Frå 1. oktober kan uføre tene heilt opp til 130 000 kr,
når fribeløpet aukar til 1 G. Vi reverserer òg kuttet i eingongsstønaden.
I dette budsjettet fortset vi tannhelsereforma
SV starta på i førre periode, slik at det ikkje skal koste meir
å gå til tannlegen enn til legen. Vi kuttar i ventetida for folk
som treng tannbehandling etter å ha vore utsette for tortur og overgrep
eller har tannlegeangst, og vi styrkjer spesialistbehandlinga. I
dette omfordeler vi innanfor skattesystemet.
Vi har lagt bak oss år med folkemord i Palestina.
Gaza ligg i grus. Difor er vi glade for at det i dette budsjettet
ligg inne 1 mrd. kr til Palestina, og for at vi startar eit internasjonalt
arbeid med Israels folkerettslege ansvar for å straffeforfølgje
busetjarvald.
Dette året har vi sett varmerekord etter varmerekord.
Klimakrisa forsvinn ikkje sjølv om verda har blitt meir uroleg,
ho blir berre verre. Difor må rike land som Noreg kutte utslepp her,
og vi må omstille industrien vår. I dette budsjettet har SV sikra
700 mill. kr til å redusere utslepp i industri- og avfallsforbrenningsanlegg.
Det betyr at BIR i Bergen kan fortsetje planane for karbonfangst
og -lagring og sende det til Langskip i Øygarden.
I fjor på denne tida fekk SV gjennom ein enormt
viktig siger for naturen og havet, då vi stansa gruvedrift på havbotnen.
Det var eit prosjekt som ville ha vore det største naturinngrepet
i noregshistoria, og som har hausta enorm kritikk frå internasjonale
ekspertar på berekraftig havmiljø. I dette budsjettet har vi stansa
planane ein gong for alle – ut heile stortingsperioden. Det er ein
siger vi deler med heile miljøbevegelsen, og som vi alle kan vere
stolte over.
Då SV sist var i regjering, fekk vi på plass
byvekstavtalane. Dei siste 15 åra har vi sett ein enorm auke i kollektivtrafikken.
Difor er eg enormt glad for at dette budsjettet har eit kjempeløft
for kollektivtrafikken, for å oppretthalde tilbod og ein pris som
gjer at det løner seg å velje kollektivtransport i heile landet.
Likevel var ikkje dette budsjettet grønt nok.
Difor var klimaprofilen ein av grunnane til at vi ønskte å fortsetje
forhandlingane sist laurdag, for budsjettet kunne ende med å auke
klimagassutsleppa, ikkje redusere dei. Difor er vi i SV glade for
at vi sidan laurdag, då Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt
presenterte einigheita si, fekk inn 500 mill. kr meir til klimainvesteringsfondet,
at dobbelt så mykje skog skal vernast, saktare utfasing av momsen
på elbil, og noregspris på solkraft.
Legg ein alt dette saman med regulering av
studiestøtta og bortebuarstipend, lovfesting av SFO i 1.–3. trinn,
og meir til dei som har minst til jul, gjennom ei ekstraordinær
løyving til frivillige organisasjonar og Matsentralen, har dette
budsjettet ein profil som SV både er stolt over og kan stille seg bak.
Som førstereis på Stortinget vil eg seie at
dei to første månadene som «ny i jobben» har vore ein ekstremsportmaraton
som ikkje er alle forunnt å oppleve. Eg vil difor takke dei fire
andre partia på raud-grøn side for tøffe og lange forhandlingar
i fleire veker og fleire netter. Vi kom heldigvis i mål, sjølv om
vi måtte ta nokre ekstra strafferundar.
Eg vil avslutte med å framheve representanten
og min partileiar Bergstø for at ho tok rolla som brubyggjar og
samlingskraft, noko som var ein svært medverkande årsak til at det
brotet som var, trass i alt berre blei ein pause, ei utsetjing og
ikkje ei faktisk regjeringskrise.
SV gjekk til val på eit raudare, grønare og
meir solidarisk Noreg, og det har vi fått med dette budsjettet.
Difor vil SV stemme for det – og eg vil med det òg ta opp forslaget
SV har åleine.
5. nov 202511:15· Replikk
Møte onsdag den 5. november 2025 kl. 10
Eg trur ikkje finansministeren
forstår alvoret i situasjonen, og at vi ikkje har noko anna val
enn å skaffe meir pengar for å sikre folka som jobbar i barnehage,
skule og sjukehus, i åra framover. Eg er bekymra for at skatteløftet
til Arbeidarpartiet i realiteten er eit løfte om sakte å leggje
ned velferdsstaten og å ikkje gjere nok for å få ned ulikskapen.
Finansministeren svarte tidlegare i denne ordvekslinga
at ein ønskjer seg ein sterk offentleg sektor, men likevel er ein
mest oppteken av å gå til val på eit skattenivå som er på same nivå,
og å inngå eit skatteforlik. Eg meiner at i den historieforteljinga
om tidlegare skatteforlik som finansministeren snakka om, er det
primært eitt parti som har vore lojal til dei skatteforlika – det
er Arbeidarpartiet, ikkje høgresida. Idet høgresida kjem til makta,
ser vi at dei ikkje held seg til skatteforlik i det heile. Det første
Erna Solberg og Siv Jensen gjorde då dei fekk makta i 2013, var
å ikkje halde seg til det skatteforliket.
Kva er det som gjer at finansministeren denne
gongen – med eit rekordstort Framstegspartiet – trur at høgresida
vil vere lojale til eit skatteforlik?
5. nov 202511:13· Replikk
Møte onsdag den 5. november 2025 kl. 10
Dei siste dagane har det handla
mykje om oljefondet og teknologiselskap, men det er ikkje berre
innanfor oljefondet debatten rundt store verdiar i teknologiselskap
er viktig å ta. Det gjeld like mykje innanfor skatt. Vi har i dag
teknologiselskap som er verdsmeistrar i å ikkje betale skatt til samfunna
dei hentar ressursane frå eller verkar i. Vi har i tillegg bankane
i Noreg, som for berre eit par veker sidan kunne vise til rekordoverskot,
og som har skodd seg svært godt på at folk har slite med auka renter.
I tillegg har vi vårt eige vesle skatteparadis av ei reiarnæring
her i Noreg som ikkje skattar. Samtidig slit Kommune-Noreg med å
få budsjetta sine til å gå opp. Kommune-Noreg gjekk 4 mrd. kr i
minus i fjor, og kommunepolitikarane har store problem no om dagen.
Mitt spørsmål til finansministeren og Arbeidarpartiet
er: Korleis skal eit skatteforlik med eit frose skattenivå sikre
at dei sektorane som i dag ikkje blir skattlagde, eller ikkje blir
skattlagde så mykje, bidreg meir, slik som bankar, teknologigigantane
og reiarnæringa?
5. nov 202511:11· Replikk
Møte onsdag den 5. november 2025 kl. 10
Eg er glad for å høyre at
finansministeren langt på veg deler vår verkelegheitsforståing om
ulikskap, men det er samtidig urovekkjande at eit sosialdemokratisk
parti er så lite oppteke av å gjere noko med det. Det er eit faktum
at når store formuar blir samla på færre hender, blir velferda stramma
inn. Eg ser ikkje noko anna enn at det blir varsla kutt i svært
mange kommunar med det statsbudsjettet som Arbeidarpartiet nettopp
har lagt fram, og at det blir varsla at det må prioriterast stramt.
Denne hausten har vi sett at foreldre med barn
i barnehage organiserer seg i foreldreopprøret for betre bemanning
i barnehagen, fordi dei opplever at barna går klissvåte ute om vinteren
fordi det ikkje er nok folk på jobb. Dette er ei bemanningskrise
som norsk velferd står i, og det trengst meir pengar.
Difor lurer eg på korleis finansministeren
ser for seg at det i eit skatteforlik med Høgre og Framstegspartiet
er mogleg å få til meir pengar til velferd og omfordeling.
5. nov 202511:06· Innlegg
Møte onsdag den 5. november 2025 kl. 10
Mitt spørsmål går også til
finansministeren.
Det går godt her i Noreg, men det går ikkje
godt for alle. Det har vore ein eventyrleg vekst i formuane i dette landet
dei siste åra. Formuane til personlege eigarar av unoterte selskap
har vakse langt meir enn norsk økonomi, og mens medianinntekta til
vanlege folk har auka med knappe 3,8 pst., har likningsverdien for
personleg eigde unoterte selskap auka med 156 pst. sidan 2011 – og
endå meir om vi legg marknadsverdien til grunn.
Samtidig veks nesten 10 pst. av barna i Noreg
opp i ein fattig familie. Det betyr at i gjennomsnitt to til tre elevar
i kvart klasserom veks opp i ein familie med dårleg råd. Det gjeld
derimot ikkje dei 300 barna av Noregs aller rikaste som Kapital
for nokre veker sidan kunne informere om at sat på ein verdi på
ikkje mindre enn 672 mrd. kr. I dag fekk vi tal frå Statistisk sentralbyrå som
seier at endå fleire unge aleinebuande og einslege forsørgjarar
enn før slit med å få endane til å møtast i Noreg. Det skjer altså
samtidig med at dei rikaste i landet er blitt fleire.
Det er eit problem i Noreg i dag at forskjellane
aukar – at dei aller, aller rikaste stikk frå. Dei superrike i Noreg har
blitt så rike at det er vanskeleg å fatte. NRK kunne i vår melde
at salet av Ferrari- og Lamborghini-bilar har auka parallelt med
formuen til dei rikaste nordmennene. Dei tre rikaste har ein formue
på 490 mrd. kr.
I ein slik situasjon, når denne ulikskapen
eksisterer i Noreg, er det vårt ansvar som folkevalde å dele ressursane
i samfunnet betre. Finansministeren har invitert til eit arbeid
med ein skattekommisjon og til eit skatteforlik. Då er mitt spørsmål:
Korleis tenkjer finansministeren at eit skatteforlik med høgresida
vil sikre at ulikskapen i Noreg går ned og ikkje opp?
15. okt 202510:57· Innlegg
Møte onsdag den 15. oktober 2025 kl. 10
Dette budsjettet gjer at vi
ikkje eingong er halvveges i å nå klimamåla våre innan 2030. Vi
har ei eksistensiell klimakrise og naturkrise i Noreg. Då er vi
nøydde til å gjere alt vi kan, og det kviler eit spesielt ansvar
på Noreg som oljenasjon for å ta grep og kutte internasjonalt.
SV har fått til mange gode tiltak i forhandlingane med
regjeringa tidlegare, men eg registrerer at det eine etter det andre
av våre gjennomslag er kutta, og at vi er nøydde til å gå i omkamp.
Det er sjølvsagt SV budd på, men eg må seie at eg ikkje synest noko
om at vi heile tida skal ta omkamp på heilt eksistensielle, viktige
saker for framtida vår.
Til sist vil eg berre ha sagt at vi har lagt
bak oss to år med folkemord i Palestina. Det er no ei våpenkvile
som vi alle saman kjenner lette for, men det er ingen fred. Det er
avgjerande viktig at Noreg er med og held presset oppe, at vi sikrar
at våre investeringar ikkje er med og bidreg til folkerettsbrot
og okkupasjon. Noreg er nøydd til å ta ei leiarrolle for å sikre
at Palestina kjem på rett spor, og at vi kan få denne våpenkvila
til å vare, slik at det kan bli utsikter til betring for alle dei
som i to år har levd i eit helvete.
15. okt 202510:52· Innlegg
Møte onsdag den 15. oktober 2025 kl. 10
Finansministeren beskriv ei
rekkje positive utviklingstrekk ved norsk økonomi og vektlegg trygg
styring, men mange kjenner på utryggleik no. Finansministeren unnlèt
å snakke om realiteten mange familiar står i, der éin av fem ikkje
klarar å betale ei uføresett utgift, der folk lèt vere å gå til tannlegen,
der barnefamiliar manglar eit stabilt tak over hovudet, og der foreldre
kuttar i klede og utstyr til ungane sine.
SV vil meir med samfunnet, og det ville fleirtalet
i denne salen også. Difor er eg mildt sagt skuffa når ei Arbeidarparti-regjering
leverer eit budsjett med fleire målretta sosiale kutt mot barnefamiliane
– som kutt i eingongsstønaden viss ein får barn. Det er i år 20 år
sidan eg fekk min fyrste son, med eingongsstønad, eg var student.
Det føreslår regjeringa eit stort kutt i – ein kuttar ein tredjedel.
Regjeringa føreslår å kutte overgangsstønaden til einslege. SVs
gjennomslag om å halde barnetrygda unna sosialhjelpssatsane i kommunane
føreslår også regjeringa å kutte. Dette er eit budsjett som målretta
kuttar og målretta går etter barn som lever i fattige familiar.
Eg er redd for at resultatet er at fleire barn veks opp i fattige
familiar.
Regjeringa og finansministeren vektla også
trygg og ansvarleg styring, men dette er trygg styring utfor stupet. Dette
er eit budsjett som ikkje legg opp til å nå våre klimamål. Mange
kjente på utryggleik då ekstremværet Amy trefte Sør-Noreg for berre
nokre veker sidan. Denne veka kom også nyheita om at korallreva
er dødsdømde.
Eit budsjett som faktisk ikkje legg opp til
at Noreg, som eit av verdas rikaste land, tek sitt ansvar og når
sine klimamål, er ikkje ansvarleg – det er uansvarleg. I staden for
å kutte heime legg regjeringa også opp til å betale seg ut av det
med å kjøpe endå fleire klimakvotar utanfor EU. Det er ikkje berre
uansvarleg, det er også det motsette av å sikre omstilling og trygge
arbeidsplassar i Noreg, gjennom at vi brukar våre pengar på å omstille
andre land framfor vår eigen heimemarknad.
13. okt 202515:07· Replikk
Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10
Takk for spørsmålet. Avgiftene
har jo ulik funksjon. Mange av dei er sjølvsagt å bidra til å sikre
finansane til velferdsstaten. Der vi i SV kan møte Senterpartiet,
er at vi ønskjer avgifter som tydeleg hjelper forbrukarane til å
velje riktig. Vi er f.eks. veldig for avgifter som gjer at det løner
seg å velje miljøvenleg, og avgifter som sørgjer for at vi når klimamåla
våre.
Vi er einige i at det er mogleg å sjå på avgiftssystemet,
men for oss er det viktig at det i så fall har eit formål, og at
vi tek den sosiale delen gjennom skattesystemet vårt. Det er den
mest effektive måten å sikre at det blir rettferdigheit for alle
saman på, nemleg at dei som har mest, betaler mest, og at dei som
har minst, betaler minst. Den mest effektive måten å sikre rettferdig fordeling
på er gjennom skattesystemet, og så er SV villig til å sjå på endringar
i avgiftssystemet, spesielt for å nå klimamål og betre handling.
13. okt 202515:04· Replikk
Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10
SV meiner det er god dokumentasjon
internasjonalt på at samfunn med små økonomiske forskjellar har
høgare grad av tillit, mindre helseproblem og også mindre kriminalitet.
Vi ser at det er ein klar samanheng mellom rettferdig fordeling
og i kor stor grad ulike land har store problem med kriminelle.
Vi anerkjenner at det er eit stort problem i Sverige, og vi synest
det er urovekkjande at det også kjem til Noreg.
Der vi skil oss frå høgresida, er at vi likevel
meiner at tiltaka som må gjennomførast, er å sikre at alle dei som er
nøydde til å kome til Noreg eller Sverige fordi dei er nøydde til
å rømme frå eit krigsherja land – og vi har forpliktingar til å
ta imot folk som treng beskyttelse – er nøydde til å få ei god inkludering.
Dei er nøydde til å få ein god skulegang, og dei er nøydde til å
få moglegheita for arbeid og føle at dei blir verdsette og kan bidra
i det norske samfunnet. Vi trur at det er det som er den riktige vegen
for å sikre reell inkludering og mindre kriminalitet.
13. okt 202515:02· Replikk
Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10
Vi i SV meiner at vi skal
ta klimatrusselen på alvor. Det gjer at vi er nøydde til å ta ansvar,
som kanskje ein av verdas største oljeleverandørar. Vi fekk store
gjennomslag i førre periode med at vi stoppa 26. konsesjonsrunde,
og vi meiner det er klokt ikkje å starte å leite etter nye område
som uansett vil vere langt unna og koste mykje pengar.
Vi meiner vi heller må gjere det den førre
representanten utfordra meg på, nemleg å satse på andre grøne næringar,
sånn at folk som i dag jobbar innanfor leverandørindustrien, kan
gå tørrskodde over i andre næringar. Havvind er ein slik industri.
Der har vi arbeidsplassar på Stord, i fylket mitt, som i dag monterer
havvindmøller. Det er ein måte å sikre grøn omstilling på i praksis.
13. okt 202515:00· Replikk
Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10
Takk for spørsmålet frå representanten
Merkesdal. SV er oppteke av å kutte klimagassutsleppa. Vi meiner
at det å kutte klimagassutsleppa på sokkelen er avgjerande for å
nå Noregs klimamål. Spørsmålet er kva som er vegen til å kutte klimagassutsleppa.
Både eg og representanten Merkesdal kjem frå Hordaland valkrins,
og vi har sett korleis krava og behovet for straum er i fylket vårt.
Difor har vi vore tydelege på at det å ta straum frå land og ut til
sokkelen er dårleg bruk av straumen vår. Vi har i samarbeid med
Arbeidarpartiet heller lansert ein ganske omfattande plan for havvindutbygging,
der vi meiner at det er mogleg å gjere tre ting på éin gong, nemleg både
å kutte klimagassutslepp på sokkelen og å skape ny næring med havvind.
13. okt 202514:54· Innlegg
Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10
Fleirtalet i dette valet valde
fellesskap og velferd, ikkje skattelette til dei få. Det betyr at
det arbeidet SV sikra i førre periode, gjennom ei rekkje fornuftige
skattegrep for å redusere forskjellane, som å auke formuesskatten
og å tette skattehol, må fortsetje.
Millionar blei pøste inn i valkampen for å
støtte høgrepartia, men likevel tapte høgresida valet. Dei tapte det
i stor grad fordi formuesskatten var korthuset som ramla saman.
I fleire år har høgresida, med sine milliardærar, fortald ei historie
om at formuesskatten er skadeleg for norsk næringsliv. Sjølv om
solid forsking i stor grad har underbygd det motsette, låg forteljinga
om ein urimeleg skatt over debatten lenge – heilt til «trollmannen
frå Os» kom. Denne gongen er det ikkje eventyret eller filmen eg
siktar til, heller ikkje Framstegsparti-ordføraren i Os, Terje Søviknes.
Eg siktar til Asle Olsen, oljearbeidaren og SV-medlemen frå Os,
og hans nettside faktaomformuesskatt.no.
Etter år med anekdotar om påståtte verknader
av formuesskatten gjekk Olsen igjennom tala for bedriftene. Kor
mykje har eigarane teke ut i utbytte, og kor mykje har dei betalt
i formuesskatt? Det same gjekk igjen: Det var teke ut betydeleg
meir i utbytte enn det som blei betalt i formuesskatt. Formuesskatten
var ikkje deira største problem.
Etter kvart skjønte lokalaviser og nasjonale
medium kva slags sprengstoff «trollmannen frå Os» sat på. Bedrift etter
bedrift måtte innrømme at forteljingane deira ikkje heldt. Millionkampanjar
forkledde som journalistikk, med Aksjon for norsk eierskap og Fellesaksjonen
– for verdiskaping og privat norsk eierskap, blei punkterte av Olsen
og fakta. Kvifor seier eg dette? Jo, fordi eg meiner at det snudde
valkampen, og at det å tore å gå inn i skattedebatten er avgjerande
for å vite kva slags interessekampar som finst i norsk politikk.
For SV er det viktig med gode rammevilkår for
næringslivet og eit rettferdig skattenivå som omfordeler meir av
verdiane i samfunnet og som skaper trygge, grøne arbeidsplassar.
Aukande økonomisk ulikskap legg til rette for polarisering og mobilisering
av ytre høgre. Når vanlege folk får det verre, mens dei aller rikaste
stikk av, mistar folk tilliten til dei som styrer, og vender seg
til ytterleggåande høgreparti, som Reform UK i Storbritannia, og
Trump blir attvald i USA. Det har gått så langt at ordet «klima»
ikkje kan bli brukt i søknader i USA. Det faktum at vi risikerer
å miste tilliten til noko så grunnleggjande som klima og vêrdata,
set heile klimakampen i fare. Det burde bekymre langt fleire enn
berre venstresida.
Difor må vi i Noreg ikkje vere naive i møte
med vår eiga ulikskapsutvikling. I Noreg hadde vi 436 milliardærar
i 2024. I år 2000 hadde vi 40. Vi har no ein formuesulikskap i Noreg
som er på nivå med land som nettopp Storbritannia og USA. Det seier
noko om kvar samfunnet vårt er på veg.
Formuesskatten blir ofte kalla særnorsk, men
debatten om å skattleggje formue er langt frå særnorsk: «Tax wealth,
not work». I ei rekkje andre land veks det no fram ei større mobilisering
rundt det heilt rimelege kravet om å skattleggje formue meir, ikkje
arbeid. Dette kravet går inn i kjernen av den norske skattedebatten, der
Noreg har gått framfor. I møte med ei uroleg verd hastar det meir
enn nokon gong å gjere meir av det vi veit fungerer, nemleg å sikre
meir velferd og mindre forskjellar – ikkje det motsette. Det er
det SV har gjort og skal gjere meir av.
Vi vil betre økonomien til vanlege folk, slik
at foreldre kan betale rekningane sine, slik at færre barn veks opp
i fattige familiar. Vi vil sørgje for at fleire folk jobbar med
å passe barna våre, stelle dei eldre og behandle dei sjuke. Vi vil
også fortsetje å utvide velferda med store, nye velferdsreformer.
SV er gjennomføringspartiet. Våre gjennomslag
og velferdsreformer er så gode og populære at når regjeringa i trontaledebatten
skal skryte av kva dei har fått til, er det gjennomslaga til SV
dei viser til: auka barnetrygd, gratis SFO, auka studiestøtte, fleire
studentbustader, billigare tannhelse og aukingar i ei rekkje ytingar
til dei som har minst.
Skal vi fortsetje å gjere det som verkeleg
hjelper folk i dyrtid, som verkeleg får folk ut av fattigdom, og
som får fleire folk på jobb, gjer regjeringa lurt i å kome SV i
møte i komande forhandlingar om statsbudsjett.
Vi har i to år vore vitne til omfattande krigsbrotsverk,
okkupasjon og folkemord i Gaza. Nesten 70 000 er drepne. Med våpenkvila
er det no eit lysglimt over Gaza, men våpenkvila er ikkje ein fredsavtale.
Noreg må halde presset oppe og sikre at vi ikkje er medansvarlege
for folkemord og folkerettsbrot gjennom investeringane våre i oljefondet.
13. okt 202510:53· Replikk
Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10
Først vil eg gratulere representanten
Tonje Brenna med vervet som parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet,
og eg vil frå SV invitere til godt samarbeid.
I dette valet valde ikkje folk skattelettar
for dei få på toppen; dei valde fellesskap og velferd for dei mange.
Difor har fleirtalet i denne salen også peikt på Jonas Gahr Støre
som statsminister, og det er i dette fleirtalet regjeringa må finne
einigheit og samarbeid, om dette skal gå bra.
Eg registrerer at regjeringa likevel har valt
å bruke dei store invitasjonane etter valet til å vende seg til
høgresida, som å gjenta invitasjonen til eit skatteforlik. Difor
lurer eg på: Kva er det som får Arbeidarpartiets parlamentariske
leiar til å tru at ein sikrar eit forlik som omfordeler, tettar
skattehol og omstiller Noreg, når det er høgresida dei vender seg
til?