Ove Trellevik

Ove Trellevik

Høyre·Hordaland·Kontroll- og konstitusjonskomiteen·Andre nestleder, Kontroll- og konstitusjonskomiteen

Rangering

#52

av 157

41.8

Totalscore

41.8

Oppmøte

73.5%

Spørsmål

30

Taler

10

Forslag

9

Fra salen

4 nyeste med opptak

5. mai 2026· Innlegg

Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Det er ingen menneskerett verken å eiga eller å byggja eigedomar i strandsona. Likevel kjennest det urimeleg at for ein eigedom som har vore i virket til ein familie og der ein har drive både fiskeri og landbruk i generasjonar, må ein søkja kommunen om dispensasjon for nødvendig vedlikehald og opprusting fordi det ligg i LNF-område – landbruks-, natur- og friluftsområde – i strandsona. Ikkje kan ein byggja garasje som andre, ikkje kan ein byggja drivhus som andre, og ikkje kan ein byggja på huset eller byggja terrasse. Etter dei nye reglane kan ein kan faktisk ikkje setja opp ei flaggstong i LNF-område i strandsona utan dispensasjon. Dette er noko dei aller fleste kan byggja utan å måtta søkja. Om dei held seg til gjevne grenser, held det å senda inn ei forenkla byggjemelding i etterkant av bygginga. Dette vert opplevd som ei forskjellsbehandling – ei urimeleg forskjellsbehandling. Reint prinsipielt burde det kanskje vore forbode for kommunane å definera eit areal som LNF om det var bygd der og det budde og levde folk i husa. Dessverre er det motsett i plan- og bygningslova. Ein har ikkje krav på korrekt definisjon av arealet. Med andre ord kan den juridiske definisjonen av arealet på eit bustadhus vera noko heilt anna enn det den praktiske bruken har vore gjennom kanskje hundre år. Dette gjev ei urimeleg forskjellsbehandling mellom innbyggjarar som bur i strandsona i eit LNF-område, og dei som ikkje bur slik. Me er vitne til at regjeringa vurderer å ta frå kommunane ansvaret for strandsona. Det er eit av forslaga til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ny tiltaksplan for Oslofjorden. Han meiner kommunane gjev for mange dispensasjonar frå byggjeforbodet i strandsona, og at kommunane praktiserer regelverket ulikt. Regjeringa og Arbeidarpartiet vil difor at statsforvaltarane heilt skal overta styringa i strandsona, innføra totalt byggjeforbod eller gje kommunane strengare rammer. Me er alle bekymra for Oslofjorden. Innsatsen må aukast, men byggjeforbod vert feil. I Aftenposten 3. desember 2025 kunne me lesa at ein rapport frå Miljødirektoratet peikar på at det er ei utfordring med ulik praksis knytt til kommunal behandling av byggjesaker og dispensasjonar. Sjølvsagt skal det vera ulik praksis frå kommune til kommune. Det er noko av styrken i lokaldemokratiet. Det må vera forskjell på Fedje og Oslo. Lokale forhold og vurderingar må og bør ein spela inn. Staten har vedteke ei differensiert strandsoneforvaltning som gjev oss eit visst handlingsrom, men det er på ingen måte tilstrekkeleg, spesielt ikkje der det bur folk i hus i LNF-område i strandsona. Det bør det gjerast noko med.

5. mai 2026· Replikk

Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Då forstår eg det slik at statsråden garanterer at i nye kommuneplanar viss kommunane vil ha ein annan arealkategori der det er bygd, får dei det – at det ikkje vert LNF i framtida der det er bygd frå før. Er det korrekt?

5. mai 2026· Replikk

Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

Eg stemte for eit strengare strandsonevern og dei endringane me fekk i § 19-2 i 2021, vel vitande om at det vart mindre politikk og meir jus. Når eg ser på praktiseringa i ettertid, er det slik at om ein bur i ein bustad i strandsona i eit LNF-område, får ein ikkje byggja garasje – ein får ingen dispensasjon til å byggja garasje i eit LNF-område i strandsona. Meiner statsråden det er for strengt?

23. apr 2026· Innlegg

Møte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Sommaren 2023 politimelde Utanriksdepartementet Telenor for moglege brot på sanksjonsreglane i Myanmar. Det kjem fram i eit svar frå utanriksministeren til kontroll- og konstitusjonskomiteen. Det er altså eit stort skilje mellom eigarskapen til staten som vert forvalta av Næringsdepartementet, og resten av regjeringsapparatet som følgjer opp næringslivet både med og utan staten som eigar. Dette er eit viktig skilje, for det er forvaltinga av statens eigarskap i samsvar med vedteken eigarskapspolitikk i Stortinget me no ber Riksrevisjonen sjå på. Som eigar ventar staten at selskap med statleg eigardel skal følgja FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar. Dette er tilrådingar, og det knyter seg ikkje rettsleg ansvar til eventuelle brot på desse. Det betyr ikkje at me skal ta lett på eventuelle brot. Interne dokument og korrespondanse mellom departementa som inngår i interne saksførebuingar frå regjeringa og departementa, og som ikkje tidlegare er offentlege, kan få fritak frå offentleg innsyn i samsvar med offentleglova. Det er langvarig konstitusjonell praksis for, frå skiftande parti, at organinterne dokument i regjeringa og departementa ikkje vert sende over til kontroll- og konstitusjonskomiteen. Sjølv om regjeringa altså har delt informasjonen me har bedt om, er sjølve dokumenta ikkje delte. Høgre meiner isolert sett at me har fått dei opplysningane me treng for å vurdera regjeringa si forvalting av eigarskapen i Telenor, ut frå at regjeringa sjølvsagt har gjeve korrekt og ikkje mangelfull informasjon til komiteen. Sidan dette ikkje er tilfredsstillande for komiteen, støttar Høgre tilrådinga frå komiteen, og eg ser fram til å få rapporten frå Riksrevisjonen for vidare oppfølging i komiteen.

Innlegg i salen

27 innlegg · 12 møter

Vis →
  • 27. nov 2025· innlegg

    Møte torsdag den 27. november 2025 kl. 10

    Ove Trellevik 1. Innstilling fra valgkomiteen om valg av medlemmer og stedfortredere til Riksrettsutvalget (Innst. 31 S (2025–2026)) 2. Debatt om utenriksministerens redegjørelse om viktige EU- og EØS-saker i 2025 (Redegjørelsen holdt i Stortingets møte 25. november 2025) 3. Referat Presidenten [10:00:11]: Vyrde medrepresentantar! Tidlegare stortingsrepresentant Morten Steenstrup gjekk bort 22. mai, 72 år gamal. På Stortinget representerte han Vestfold Høgre frå 1981 til 1989. Han sat dei første to åra som medlem av justiskomiteen, men det meste av tida på Stortinget var han medlem av finanskomiteen. Han gjorde seg tidleg gjeldande som ein kunnskapsrik og debattsterk representant. Pågangsmot, engasjement og ein imponerande arbeidskapasitet er ord som går igjen i beskrivinga av Morten Steenstrup. I Willoch-regjeringa var han frå 1985 til 1986 statssekretær for finansminister Rolf Presthus, deretter ved Statsministerens kontor. Steenstrup evna som få å kombinera politikk og jus. Han vart Candidatus juris frå Universitetet i Oslo i 1980 samtidig med tilnærma heiltidsengasjement i bystyre og formannskap i Tønsberg. Gjennom studietida, berre avbrote av militærteneste som vernepliktig journalist i Mannskapsavisa, var han òg leiar av Vestfold Unge Høgre og redaktør av Unge Høgres avis Extra. Advokatløyve fekk han i 1987, med møterett for Høgsterett frå 1993. Etter tida på Stortinget etablerte han sitt eige advokatfirma. Då ein tidlegare kollega seinare kom inn som partnar, tok firmaet namnet Steenstrup Stordrange. I dag er det kjent som Sands og anerkjent som eit av dei fremste i landet. Ein framgangsrik karriere som advokat og ei rekkje styreverv i næringslivet innebar ikkje slutt på det politiske engasjementet. I 2015 vart Steenstrup vald inn som bystyremedlem i Oslo. Han vart raskt ei tydeleg røyst òg i rådhuset – alltid vel forberedt og med evne til å løfta den politiske debatten. Prinsippfastleik vart kombinert med varme, vilje til å løfta andre og eit urokkeleg engasjement for hovudstaden. Han hadde gjennom åra ei rekkje framståande tillitsverv i Høgre og var seinast leiar for Oslo Høgre og medlem av Høgres Sentralstyre frå 2022 til 2024. Dei siste åra vart også prega av kampen mot hjernekreft. Han var open om diagnosen, som ga han kort forventa levetid, men nekta å forhalde seg til prognosen som ein endeleg beskjed. Han tok han heller som ein spore til engasjement for å finna nye behandlingsmetodar og løysningar, ikkje minst til beste for andre som måtte verta ramma av sjukdomen. Vi lyser fred over Morten Steenstrups minne. Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale. Presidenten [10:04:42]: Frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe ligg det føre søknad om studiepermisjon for representanten Trond Giske i tida frå og med 2. til og med 5. desember. Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke: Søknaden vert handsama straks og innvilga. Vararepresentanten Kjell-Arve Aspaas vert innkalla for å møta i permisjonstida. Presidenten [10:05:06]: Presidenten vil føreslå at det vert valt to setjepresidentar for Stortingets møte i dag – og ser det som vedteke. Presidenten føreslår Frode Jacobsen og Anne Kristine Linnestad. – Andre forslag ligg ikkje føre, og Frode Jacobsen og Anne Kristine Linnestad er valde som setjepresidentar for dagens møte. Representanten Trond Helleland vil setja fram eit representantforslag. Trond Helleland (H) [10:05:48]: Jeg har gleden av å fremme et forslag på vegne av Anne Kristine Linnestad, Ove Trellevik og meg selv om oppstart av reguleringsplanarbeid for Hardangerviddatunnelene. Presidenten [10:06:06]: Representanten Pål Morten Borgli vil setja fram eit representantforslag. Pål Morten Borgli (FrP) [10:06:21]: Jeg har gleden av å sette fram et forslag på vegne av representantene Tor André Johnsen, Stig Even Lillestøl, Bengt Rune Strifeldt, Erlend Wiborg, Kristoffer Sivertsen, May Helen Hetland Ervik og meg selv om å ikke bruke metanhemmere i norsk landbruk. Presidenten [10:06:44]: Representanten Marius Langballe Dalin vil setja fram eit representantforslag. Marius Langballe Dalin (MDG) [10:07:02]: Eg har gleda av å setje fram eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Geir Pollestad, Bengt Fasteraune, Helge André Njåstad, Erlend Wiborg, Kristian August Eilertsen, Erlend Svardal Bøe, Bård Ludvig Thorheim, Grunde Almeland og meg sjølv om alkoholsal i fjernbetente butikkar. Presidenten [10:07:30]: Representanten Erlend Larsen vil setja fram eit representantforslag. Erlend Larsen (H) [10:07:46]: Jeg har gleden av å fremme et representantforslag på vegne av Bård Ludvig Thorheim og meg selv om å gjennomgå importvernet for å senke matprisene og sørge for økt åpenhet i verdikjeden for mat. Presidenten [10:08:03]: Representanten Lars Haltbrekken vil setja fram eit representantforslag. Lars Haltbrekken (SV) [10:08:20]: På vegne av stortingsrepresentantene Kirsti Bergstø, Mirell Høyer-Berntsen, Anne-Lise Fredlund, Ingrid Fiskaa, Marthe Hammer og meg selv vil jeg fremme et representantforslag om konsesjonsordning for etablering av datasentre. Presidenten [10:08:37]: Forslaga vil verta handsama etter reglementet.

  • 21. apr 2026· innlegg

    Møte torsdag den 21. april 2026 kl. 10

    President: Ove Trellevik 1. Redegjørelse av kultur- og likestillingsministeren om status i arbeidet med å fremme likestilling og mangfold i alle sektorer 2. Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Haagen Poppe og Anna Molberg om mer åpenhet og demokrati i kultursektoren (Innst. 199 S (2025–2026), jf. Dokument 8:87 S (2025–2026)) 3. Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Mímir Kristjánsson, Synne Høyforsslett Bjørbæk og Marie Sneve Martinussen om å åpne grossistleddet og gjøre prisutviklingen mer oversiktlig i norsk dagligvarebransje (Innst. 208 S (2025–2026), jf. Dokument 8:89 S (2025–2026)) 4. Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Jørgensen, Sofie Marhaug og Mímir Kristjánsson om Nysnø (Innst. 211 S (2025–2026), jf. Dokument 8:109 S (2025–2026)) 5. Interpellasjon fra representanten Marthe Hammer til næringsministeren: «DNB er Norges største bank, og staten er største eier. Banken har de siste årene levert enorme overskudd, blant annet fordi rentene for vanlige folk har økt kraftig. Samtidig opplever mange høyere boutgifter og strammere økonomi. Køene til matutdeling har aldri vært lengre. Konsernsjef Kjerstin Braathen fikk i fjor en samlet godtgjørelse på 18,7 mill. kroner i fjor, en lønnsøkning på mer enn ti prosent fra året før. Dette skjer samtidig som regjeringen sier at staten skal bidra til moderasjon i lederlønninger. Når bankenes overskudd i stor grad øker fordi vanlige boliglånskunder betaler mer i rente, burde vi kunne forvente større moderasjon i toppen og at finansnæringen bidrar mer tilbake til fellesskapet. Hvordan vurderer statsråden utviklingen, og vil regjeringen bruke statens eierposisjon mer aktivt for å sikre moderasjon i lederlønninger?» 6. Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bjørn Arild Gram og Geir Pollestad om terskelverdier for revisjon av stiftelser (Innst. 165 S (2025–2026), jf. Dokument 8:78 S (2025–2026)) 7. Innstilling fra finanskomiteen om Samtykke til å sette i kraft en skatteavtale mellom Norge og Kina, undertegnet i Oslo 12. mai 2023 (Innst. 174 S (2025–2026), jf. Prop. 6 S (2025–2026)) 8. Innstilling fra finanskomiteen om Endringer i foretakspensjonsloven og forsikringsvirksomhetsloven (forvaltning av garanterte pensjonsprodukter) (Innst. 177 L (2025–2026), jf. Prop. 31 L (2025–2026)) 9. Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Henrik Asheim og Ola Svenneby om lavere og mer forutsigbar skatt på folks bolig og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Marit Vea om å midlertidig suspendere den nye modellen for beregning av formuesverdi på bolig (Innst. 188 S (2025–2026), jf. Dokument 8:94 S (2025–2026) og Dokument 8:97 S (2025–2026)) 10. Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Maren Grøthe, Bjørn Arild Gram og Geir Pollestad om å utrede en økt elavgift for datasentre (Innst. 183 S (2025–2026), jf. Dokument 8:105 S (2025–2026)) 11. Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Nikolai Astrup og Kari Sofie Bjørnsen om å forbedre aksjesparekontoordningen for å øke investeringer i vekstbedrifter (Innst. 182 S (2025–2026), jf. Dokument 8:108 S (2025–2026)) 12. Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kirsti Bergstø, Marian Hussein, Marthe Hammer, Mirell Høyer-Berntsen, Ingrid Fiskaa, Kathy Lie og Anne Lise Gjerstad Fredlund om å kutte sykefravær, ikke sykelønn (Innst. 212 S (2025–2026), jf. Dokument 8:125 S (2025–2026)) 13. Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marian Hussein, Marie Sneve Martinussen og Alf Erik Andersen om åpenhet og rettferdighet for ofrene i trygdeskandalen (Innst. 213 S (2025–2026), jf. Dokument 8:132 S (2025–2026)) 14. Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Pensjonar frå statskassa (Innst. 202 S (2025–2026), jf. Prop. 40 S (2025–2026)) 15. Referat Presidenten [10:00:15]: Representantane Tuva Moflag, Marthe Hammer, Grunde Almeland og Isak Veierud Busch, som har vore permitterte, har igjen teke sete. Følgjande innkalla vararepresentantar tek no sete: For Hedmark: Bente Irene Aaland For Møre og Romsdal: Berit Tønnesen For Oslo: Ola Svenneby, Malin Bye Sørensen og Heidi Nordby Lunde For Telemark: Bengt Halvard Odden Frå Høgre si stortingsgruppe ligg det føre melding om at den innvilga permisjonen for representanten Tone Wilhelmsen Trøen i tida frå og med 20. til og med 24. april er trekt tilbake. – Denne meldinga vert teke til etterretning. Frå representantane Hanne Beate Stenvaag og Trond Giske ligg det føre søknader om permisjon etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum frå og med 21. april og inntil videre. Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke: Søknadene vert handsama straks og innvilga. Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida: For Troms: Camilla Renate Mikkelsen For Sør-Trøndelag: Kjell-Arve Aspaas Presidenten [10:01:26]: Camilla Renate Mikkelsen og Kjell-Arve Aspaas er til stede og vil ta sete. Presidenten [10:01:34]: Presidenten vil gjera framlegg om at det vert valt to setjepresidentar for stortingsmøtet i dag, og ser det som vedteke. Presidenten vil tilrå Frode Jacobsen og Anne Kristine Linnestad. – Andre framlegg ligg ikkje føre, og presidenten reknar Frode Jacobsen og Anne Kristine Linnestad som samrøystes valde som setjepresidentar for stortingsmøtet i dag. Statsråd Lubna Jaffery vil overlevera éin kongeleg proposisjon. Statsråd Lubna Boby Jaffery [10:02:09]: På vegne av regjeringen har jeg æren av å overbringe én kongelig proposisjon: samtykke til inngåelse av avtale mellom regjeringen i Kongeriket Norge og regjeringen i Folkerepublikken Kina om leie av tomt til Den kongelige norske ambassaden i Kina Presidenten [10:02:43]: Proposisjonen vil verta handsama etter reglementet. Representanten Marthe Hammer vil setja fram eit representantforslag. Marthe Hammer (SV) [10:02:58]: På vegner av representanten Kirsti Bergstø og meg sjølv er det ei glede å setje fram eit representantforslag om å setje ned ein forskjellskommisjon. Presidenten [10:03:10]: Forslaget vil verta handsama etter reglementet. Før sakene på møtekartet vert tekne opp til handsaming, vil presidenten opplysa om at møtet i dag held fram utover kl. 16. (Innlegg er under arbeid)

  • 26. feb 2026· innlegg

    Møte torsdag den 26. februar 2026 kl. 10

    Ove Trellevik 1. Redegjørelse av kunnskapsministeren om status for regjeringens barnehagepolitikk og arbeidet med styring og finansiering av barnehagesektoren 2. Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om dyrevelferd (fremstilling og fremvisning m.m. av seksuelle overgrep mot dyr) (Innst. 133 L (2025–2026), jf. Prop. 30 L (2025–2026)) 3. Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Stig Even Lillestøl, Bengt Rune Strifeldt, Erlend Wiborg, Kristoffer Sivertsen, May Helen Hetland Ervik og Pål Morten Borgli om å ikke bruke metanhemmere i norsk landbruk (Innst. 132 S (2025–2026), jf. Dokument 8:57 S (2025–2026)) 4. Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Larsen og Bård Ludvig Thorheim om å gjennomgå importvernet for å senke matprisene og sørge for økt åpenhet i verdikjeden for mat (Innst. 130 S (2025–2026), jf. Dokument 8:58 S (2025–2026)) 5. Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Kjersti Toppe og Bengt Fasteraune om å endre forskrift om makspriser for drosjebilkjøring, slik at øvre grense for påslag for rullestol gjelder i alle kommuner (Innst. 131 S (2025–2026), jf. Dokument 8:46 S (2025–2026)) 6. Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om å utrede norsk EU-medlemskap (Innst. 115 S (2025–2026), jf. Dokument 8:54 S (2025–2026)) 7. Interpellasjon fra representanten Kamzy Gunaratnam til utenriksministeren: «For litt over ett år siden ble det avholdt valg på Sri Lanka. Valget ble møtt med forsiktig optimisme internasjonalt, særlig knyttet til den nye regjeringens antikorrupsjonslinje og signaler om politisk kursendring etter år med borgerkrig, økonomisk kollaps og svekket tillit. Samtidig er det grunn til å spørre om varslede endringer omsettes i handling. Det rapporteres fortsatt om riving av hinduistiske templer, etablering av buddhistiske strukturer i tamilske områder, nye funn av massegraver og vedvarende militær kontroll i nord og øst. Hvilke løfter ble gitt av den singalesiske regjeringen overfor egen befolkning og det internasjonale samfunnet, og i hvilken grad følges disse opp, hvordan vurderer Arbeiderparti-regjeringen dagens menneskerettssituasjon på Sri Lanka, og hvilke konkrete virkemidler vil Norge bruke for ansvarliggjøring, demilitarisering og beskyttelse av etniske og religiøse minoriteter?» 8. Innstilling fra finanskomiteen om Endringer i sentralbankloven (adgang for staten til å innhente kreditt for likviditetsformål mv.) (Innst. 122 L (2025–2026), jf. Prop. 9 L (2025–2026)) 9. Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Grunde Almeland, Guri Melby og Abid Raja om å gjennomføre forenklingstiltak for næringslivet for minst 12 mrd. kroner de neste fire årene (Innst. 123 S (2025–2026), jf. Dokument 8:29 S (2025–2026)) 10. Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tom Staahle, Martin Virkesdal Jonsterhaug, Hans Andreas Limi og Hilde Grande om finansnæringen som næringspolitikk (Innst. 120 S (2025–2026), jf. Dokument 8:38 S (2025–2026)) 11. Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens årlige rapportering til Stortinget om regnskapsrevisjon (Innst. 121 S (2025–2026), jf. Dokument 1 (2025–2026)) 12. Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Særskilt melding fra Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvåkings-, og sikkerhetstjeneste (EOS-utvalget) om ulovlig lagring av data ved E-tjenestens bruk av metoden tilrettelagt innhenting (TI) (Innst. 119 S (2025–2026), jf. Dokument 7:1 (2025–2026)) 13. Referat Presidenten [10:00:17]: Det ligg føre fem permisjonssøknader: frå Arbeidarpartiet si stortingsgruppe om permisjon for representanten Sverre Myrli i tida frå og med 28. februar til og med 8. mars for å delta på reise med NATOs parlamentariske forsamling til Mumbai og New Dehli, India frå Arbeidarpartiet si stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum for representanten Mona Nilsen frå og med 3. mars og inntil vidare frå representanten Øystein Mathisen om foreldrepermisjon i tida frå og med 2. mars til og med 12. juni frå Arbeidarpartiet si stortingsgruppe om permisjon for representantane Trine Lise Sundnes og Nils-Ole Foshaug i tida frå og med 3. til og med 5. mars – begge for å delta på parlamentarisk konferanse og bilaterale møte med delegasjonen til konferansen om EUs utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk i Nikosia, Kypros Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke: Søknadene vert behandla straks og innvilga. Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møte i permisjonstida slik: For Akershus: Marie Østensen 3.–6. mars For Nordland: Sander Delp Horn 3. mars–12. juni og Rune Krutå 3. mars og inntil vidare For Oslo: Fawzi Warsame 3.–5. mars For Troms: Hilde Anita Nyvoll 3.–5. mars Presidenten [10:01:51]: Representanten Geir Pollestad vil setja fram eit representantforslag. Geir Pollestad (Sp) [10:01:54]: På vegner av stortingsrepresentantane Trygve Slagsvold Vedum, Bengt Fasteraune, Erling Sande, Ole Herman Sveian og meg sjølv har eg gleda av å leggja fram eit representantforslag om naturskadeordninga. Presidenten [10:02:20]: Representanten Abid Raja vil setja fram eit representantforslag. Abid Raja (V) [10:02:23]: Jeg har på vegne av representantene Guri Melby, Grunde Almeland og meg selv gleden av å framsette et representantforslag om en nasjonal strategi for en trafikksikker, bærekraftig og verdiskapende vinterturisme. Presidenten [10:02:55]: Representanten Jonas Andersen Sayed vil setja fram to representantforslag. Jonas Andersen Sayed (KrF) [10:02:59]: På vegne av representantene Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius, Hans Edvard Askjer og meg selv har jeg den glede å fremme et representantforslag om en stortingsmelding om innvandring og integrering. Og på vegne av representantene Jørgen Kristiansen, Hans Edvard Askjer, Harry Valderhaug og meg selv har jeg den glede å fremme et representantforslag om å la ukrainere reise hjem. Presidenten [10:03:35]: Representanten Jon Engen-Helgheim vil setja fram eit representantforslag. Jon Engen-Helgheim (FrP) [10:03:49]: På vegne av Fremskrittsparti-representantene Stian Storbukås, Anette Carnarius Elseth, Finn Krokeide, Helge André Njåstad og meg selv har jeg gleden av å framsette et representantforslag om å utløse opsjon på tre politihelikoptre. Presidenten [10:04:06]: Representanten Kristoffer Sivertsen vil setja fram eit representantforslag. Kristoffer Sivertsen (FrP) [10:04:18]: På vegne av Fremskrittsparti-representantene Tor Mikkel Wara, Sylvi Listhaug, Rikard Spets, Morten Stordalen, Pål Morten Borgli, Marius Arion Nilsen og undertegnede har jeg gleden av å sette fram et representantforslag om tiltak for mer effektiv og økonomisk utnyttelse av strømnettet. Presidenten [10:04:35]: Forslaga vil verta behandla etter reglementet. Før sakene på møtekartet vert tekne opp til behandling, vil presidenten opplysa om at møtet i dag om naudsynt held fram etter kl. 16.

  • 18. nov 2025· innlegg

    Møte tirsdag den 18. november 2025 kl. 10

    Ove Trellevik 1. Debatt om kultur- og likestillingsministerens redegjørelse om mediepolitikk og ytringsfrihet (Redegjørelsen holdt i Stortingets møte 13. november 2025) 2. Referat Presidenten [10:00:10]: Vyrde medrepresentantar! Tidlegare stortingsrepresentant for Høgre i Akershus, Tore Haugen, gjekk bort den 23. mai, 93 år gamal. Bak seg hadde han ein livslang samfunnsinnsats. Av utdanning var Haugen jurist, med embetseksamen frå Universitet i Oslo i 1958 og vidare studiar ved University of Illinois College of Law og det internasjonalt anerkjende Hague Academy of International Law. Han fortsette det juridiske virket sitt som domarfullmektig ved Søre Sunnmøre sorenskrivarembete, deretter i Prisdirektoratet som konsulent, og seinare som kontorsjef og underdirektør same stad. Advokatløyve fekk han i 1965. Blant hans mange folkevalde verv kan nemnast at han var ordførar i Oppegård frå 1969 til 1975. Kommunen var inne i ein sterk vekstperiode, med betydeleg utbygging og modernisering. Haugen var oppteken av å få til ei balansert utvikling og sikra bevaring av grøntområde og natur. Engasjementet hans for jus og politikk fekk han utløp for òg som forfattar av fleire bøker innan dette feltet, både faglitteratur og meir lokalpolitiske skrifter, som Høgres historie i Oppegård. Då direkteval til fylkestinget vart innført i 1975, gjekk han for fullt inn i fylkespolitikken og var bl.a. fylkesordførar i Akershus frå 1980 til 1987. Han leidde i fire år fylkesordførarkollegiet og var nestleiar i Kommunenes sentralforbund frå 1988 til 1989. Han var stortingsrepresentant for Akershus frå 1989 til 1993, det første året som medlem av samferdselskomiteen og deretter av kommunal- og miljøvernkomiteen. Vidare var han riksrevisor frå 1994 til 2002. Samtidig leidde han Oslofjordens Friluftsråd, der han i 2005 vart utnemnd til æresmedlem. Haugens politiske engasjement gjennom åra var i betydeleg grad knytt til samferdsel. Han var bl.a. formann for samferdselsstyret i Akershus, styret for Stor-Oslo lokaltrafikk og styret for Noregs statsbaner. Vidare var han nestformann og seinare formann for Hovudkomiteen for lokalforvaltninga på 1980-tallet. Kollegaer beskriver han som ein som hadde eit blikk for menneske, som drog nytte av eit stort nettverk og som hadde evne til å lytta til innspel før han tok avgjerder – alltid venleg, mild i forma og oppteken av å finna løysingar, gjerne på tvers av partigrenser. Òg etter oppnådd pensjonsalder fortsette han å vera aktiv, bl.a. som leiar av Oppegård Høgre, mangeårig leiar av Akershus Senior Høgre og medlem av styret i Senior Høgres Landsforbund. Me lyser fred over Tore Haugens minne. Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale. Presidenten [10:04:50]: Følgjande innkalla vararepresentantar tek no sete: For Akershus: Marie Østensen For Hordaland: Andreas Breivik Ormevik For Oslo: Malin Bye Sørensen og Fawzi Abdirashid Warsame For Rogaland: Christoffer Emberland Håland og Lasse Anfinsen Fredheim For Telemark: Helene Røsholt For Sør-Trøndelag: Hilde Marie Gaebpie Danielsen For Vestfold: Eivind Yrjan Stamnes Statsråd Lubna Boby Jaffery vil overlevera ein kongeleg proposisjon. Statsråd Lubna Boby Jaffery [10:05:43]: På vegne av regjeringen er det en ære å legge fram en kongelig proposisjon om endringer i sikkerhetsloven – opplysningsplikt ved autorisasjon. Presidenten [10:05:55]: Proposisjonen vil verta handsama etter reglementet. Representanten Maren Grøthe vil setja fram eit representantforslag. Maren Grøthe (Sp) [10:06:16]: På vegne av undertegnede har jeg gleden av å fremme et representantforslag om å oppheve klimanøytralitetsmålet. Presidenten [10:06:25]: Forslaget vil verta handsama etter reglementet. Presidenten vil opplysa om at sak nr. 2, Referat, vil verta handsama før sak nr. 1. Presidenten ber difor representantane om å verta sitjande til referatet er ferdig handsama. Presidenten vil òg be om Stortingets samtykke til at voteringa i dag kl. 15 går ut, då det ikkje ligg føre forslag til votering – og ser det som vedteke.

  • 8. jan 2026· innlegg

    Møte torsdag den 8. januar 2026 kl. 10

    Ove Trellevik 1. Redegjørelse av statsministeren om regjeringens politiske prioriteringer – plan for Norge (Det vil bli foreslått debatt umiddelbart etter redegjørelsen) 2. Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Marit Vea om å tillate kommunene å regulere bruk av elektriske sparkesykler på fortau (Innst. 73 S (2025–2026), jf. Dokument 8:20 S (2025–2026)) 3. Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Trond Helleland, Anna Molberg, Mahmoud Farahmand og Anne Kristine Linnestad om å bevare Flytoget (Innst. 74 S (2025–2026), jf. Dokument 8:21 S (2025–2026)) 4. Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen, Alf Erik Andersen, Marius Arion Nilsen, Stian Storbukås og Kristoffer Sivertsen om å redusere bompengebelastningen på E39 Mandal-Kristiansand (Innst. 76 S (2025–2026), jf. Dokument 8:22 S (2025–2026)) 5. Interpellasjon fra representanten Margret Hagerup til helse- og omsorgsministeren: «Direktøren på Stavanger universitetssjukehus (SUS) har foreslått ansettelsesstopp for å bøte på SUS sine økonomiske utfordringer. Helle Schøyen sier til Stavanger Aftenblad at hun forstår at folk blir sinte, og at ansettelsesstopp er et lite treffsikkert grep på lang sikt, men at SUS må ta grep for at budsjettene skal gå opp. Ved utgangen av november lå SUS 248 mill. kr bak budsjettet for 2025. I tillegg har utgiftene til byggetrinn 1 av nye SUS økt med ytterligere 100 mill. kr. Slik dagens finansieringssystem er satt opp, skal sykehusene effektivisere drift for å finansiere investeringer. Vi er kommet dit at sykehusene stiller urimelig høye krav til effektivisering for å kunne investere i nye bygg og utstyr. Det gir urealistiske budsjetter, uforutsigbarhet og en dårligere arbeidsplass for helsepersonell, og det gir pasientene et dårligere helsetilbud. Hva er konsekvensen av innsparingstiltakene for pasientene?» 6. Referat Presidenten [10:00:02]: Representanten Margret Hagerup vil setja fram eit representantforslag. Margret Hagerup (H) [10:00:31]: På vegne av representantene Henrik Asheim, Erlend Svardal Bøe, Anne Kristine Linnestad, Erna Solberg, Tone Wilhelmsen Trøen og meg selv vil jeg legge fram et forslag om et helhetlig løft for kvinnehelse og overgangsalderen. Presidenten [10:00:55]: Representanten Erlend Wiborg vil setja fram eit representantforslag. Erlend Wiborg (FrP) [10:01:09]: Det er en stor glede på vegne av Fremskrittspartiets stortingsrepresentanter Sylvi Listhaug og meg selv å fremsette et representantforslag om en utvisningsreform for kriminelle innvandrere. Presidenten [10:01:23]: Forslaga vil verta behandla etter reglementet. Før sakene på dagens kart vert tekne opp til behandling, vil presidenten opplysa om at møtet i dag om nødvendig held fram utover kl. 16.

  • 5. mai 202612:40· Innlegg

    Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

    Det er ingen menneskerett verken å eiga eller å byggja eigedomar i strandsona. Likevel kjennest det urimeleg at for ein eigedom som har vore i virket til ein familie og der ein har drive både fiskeri og landbruk i generasjonar, må ein søkja kommunen om dispensasjon for nødvendig vedlikehald og opprusting fordi det ligg i LNF-område – landbruks-, natur- og friluftsområde – i strandsona. Ikkje kan ein byggja garasje som andre, ikkje kan ein byggja drivhus som andre, og ikkje kan ein byggja på huset eller byggja terrasse. Etter dei nye reglane kan ein kan faktisk ikkje setja opp ei flaggstong i LNF-område i strandsona utan dispensasjon. Dette er noko dei aller fleste kan byggja utan å måtta søkja. Om dei held seg til gjevne grenser, held det å senda inn ei forenkla byggjemelding i etterkant av bygginga. Dette vert opplevd som ei forskjellsbehandling – ei urimeleg forskjellsbehandling. Reint prinsipielt burde det kanskje vore forbode for kommunane å definera eit areal som LNF om det var bygd der og det budde og levde folk i husa. Dessverre er det motsett i plan- og bygningslova. Ein har ikkje krav på korrekt definisjon av arealet. Med andre ord kan den juridiske definisjonen av arealet på eit bustadhus vera noko heilt anna enn det den praktiske bruken har vore gjennom kanskje hundre år. Dette gjev ei urimeleg forskjellsbehandling mellom innbyggjarar som bur i strandsona i eit LNF-område, og dei som ikkje bur slik. Me er vitne til at regjeringa vurderer å ta frå kommunane ansvaret for strandsona. Det er eit av forslaga til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ny tiltaksplan for Oslofjorden. Han meiner kommunane gjev for mange dispensasjonar frå byggjeforbodet i strandsona, og at kommunane praktiserer regelverket ulikt. Regjeringa og Arbeidarpartiet vil difor at statsforvaltarane heilt skal overta styringa i strandsona, innføra totalt byggjeforbod eller gje kommunane strengare rammer. Me er alle bekymra for Oslofjorden. Innsatsen må aukast, men byggjeforbod vert feil. I Aftenposten 3. desember 2025 kunne me lesa at ein rapport frå Miljødirektoratet peikar på at det er ei utfordring med ulik praksis knytt til kommunal behandling av byggjesaker og dispensasjonar. Sjølvsagt skal det vera ulik praksis frå kommune til kommune. Det er noko av styrken i lokaldemokratiet. Det må vera forskjell på Fedje og Oslo. Lokale forhold og vurderingar må og bør ein spela inn. Staten har vedteke ei differensiert strandsoneforvaltning som gjev oss eit visst handlingsrom, men det er på ingen måte tilstrekkeleg, spesielt ikkje der det bur folk i hus i LNF-område i strandsona. Det bør det gjerast noko med.

  • 5. mai 202612:38· Replikk

    Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

    Då forstår eg det slik at statsråden garanterer at i nye kommuneplanar viss kommunane vil ha ein annan arealkategori der det er bygd, får dei det – at det ikkje vert LNF i framtida der det er bygd frå før. Er det korrekt?

  • 5. mai 202612:36· Replikk

    Møte tirsdag den 5. mai 2026 kl. 10

    Eg stemte for eit strengare strandsonevern og dei endringane me fekk i § 19-2 i 2021, vel vitande om at det vart mindre politikk og meir jus. Når eg ser på praktiseringa i ettertid, er det slik at om ein bur i ein bustad i strandsona i eit LNF-område, får ein ikkje byggja garasje – ein får ingen dispensasjon til å byggja garasje i eit LNF-område i strandsona. Meiner statsråden det er for strengt?

  • 23. apr 202617:26· Innlegg

    Møte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

    Sommaren 2023 politimelde Utanriksdepartementet Telenor for moglege brot på sanksjonsreglane i Myanmar. Det kjem fram i eit svar frå utanriksministeren til kontroll- og konstitusjonskomiteen. Det er altså eit stort skilje mellom eigarskapen til staten som vert forvalta av Næringsdepartementet, og resten av regjeringsapparatet som følgjer opp næringslivet både med og utan staten som eigar. Dette er eit viktig skilje, for det er forvaltinga av statens eigarskap i samsvar med vedteken eigarskapspolitikk i Stortinget me no ber Riksrevisjonen sjå på. Som eigar ventar staten at selskap med statleg eigardel skal følgja FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar. Dette er tilrådingar, og det knyter seg ikkje rettsleg ansvar til eventuelle brot på desse. Det betyr ikkje at me skal ta lett på eventuelle brot. Interne dokument og korrespondanse mellom departementa som inngår i interne saksførebuingar frå regjeringa og departementa, og som ikkje tidlegare er offentlege, kan få fritak frå offentleg innsyn i samsvar med offentleglova. Det er langvarig konstitusjonell praksis for, frå skiftande parti, at organinterne dokument i regjeringa og departementa ikkje vert sende over til kontroll- og konstitusjonskomiteen. Sjølv om regjeringa altså har delt informasjonen me har bedt om, er sjølve dokumenta ikkje delte. Høgre meiner isolert sett at me har fått dei opplysningane me treng for å vurdera regjeringa si forvalting av eigarskapen i Telenor, ut frå at regjeringa sjølvsagt har gjeve korrekt og ikkje mangelfull informasjon til komiteen. Sidan dette ikkje er tilfredsstillande for komiteen, støttar Høgre tilrådinga frå komiteen, og eg ser fram til å få rapporten frå Riksrevisjonen for vidare oppfølging i komiteen.

  • 23. apr 202617:10· Replikk

    Møte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

    Det er litt spennande og litt kjekt dette her, også at næringslivet ønskjer å engasjere seg. Eg snakka med ein reiar som så for seg at oppdraga kanskje vert litt mindre viss det vart krise og krig, og han hadde store båtar som kunne produsera straum den andre vegen. Landsstraumsanlegga i byane i dag er sånn at ein får straum frå land om bord på båtane for at dei ikkje skal forureine, men i krise og krig kan ein kanskje sjå for seg at enkelte hamner faktisk ikkje har straum, at det faktisk er tatt ut. Ein ønskjer då og ser for seg, kanskje, ei moglegheit for å kunne vera med og bidra med å produsera straum i hamner og inn på land, opp på kaia og opp til Haukeland sjukehus i Bergen – eller kor det måtte vera. Er næringsministeren villig til å vera med og diskutera sånne gode løysingar med næringslivet?

  • 23. apr 202617:09· Replikk

    Møte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

    Næringslivet, og spesielt sjømatnæringa, etterspør kanskje klarare planar for korleis dei kan bidra i beredskapen. Men ser næringsministeren for seg at ho kan vera med og leggja til rette for at næringslivet i hamnene får tydelegare forventningar til kva dei kan bidra med, og tydeleggjere opplæring i totalforsvaret?

  • 23. apr 202617:08· Replikk

    Møte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

    Mange hamner har i dag utdatert infrastruktur. Næringslivet langs kysten er jo opptatt av kostnader, og dei har – på ein måte – uttalt at organiseringa av hamnene kanskje bør vera i større regionale selskap, både for å samordna beredskapen betre og få kostnadene ned, slik bl.a. DNV har anbefalt. Er dette noko statsråden støttar og kan ta initiativ til i regjeringa?

  • 23. apr 202617:02· Replikk

    Møte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

    Du nemnde digital sårbarheit, og hamnene er utpeikt som kritiske knutepunkt. Den hamne- og digitale infrastrukturen som du nemnde, krev på ein måte ekstra vern, og viss det blir digitale angrep, kan det ramma forsyningskjeda langt opp på land. Vil regjeringa òg sjå på fordeling av kostnader når det gjeld digital sikkerheit for lågterskel cyberangrep i hamnene våre?

  • 23. apr 202617:01· Replikk

    Møte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

    Norske hamner langs kysten kan fort verta viktige hamner også for finnane og svenskane i ein krigssituasjon, og Riksrevisjonen påpeiker kritisk svakheit i sikringa av norske hamner. Kva for konkrete tiltak vil statsråden setja i verk for å sikra at private og kommunale hamner har økonomisk evne til å oppfylla dei strenge krava i den nye beredskapsforskrifta?

  • 23. apr 202615:57· Innlegg

    Møte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

    Ove Trellevik (H) [15:57:35] (ordførar for saka): Rapporten frå Riksrevisjonen har avdekt alvorlege svakheiter i norsk hamneberedskap, spesielt knytte til manglande oversikt over kva hamner som er samfunnskritiske, og dessutan mangelfulle planar for alternative forsyningslinjer under krise og krig. 90 pst. av alle varer som går inn og ut av landet, har vore gjennom ei hamn. Noreg har over 600 hamneanlegg som handterer skip i internasjonal trafikk. Anlegga er også viktige for fiskerinæringa og innanrikstrafikk. Nokre av hamneanlegga er så store og sentrale at dei er viktige for heile samfunnet. Den auka tryggingspolitiske spenninga gjer at hamnene også blir meir sårbare for uønskte handlingar. Ein trussel mot samfunnsviktige hamneanlegg som ikkje er tilstrekkeleg sikra, kan trua samfunnstryggleiken. Me er inne i det femte året med krig i Europa. Arbeidet med totalberedskapen burde ha vore sett høgare på prioriteringslista hos regjeringa. Regjeringa må ta ansvar for å identifisera og klassifisera kva hamneanlegg som er avgjerande for forsyning av varer og militær støtte. Det er urovekkjande at regjeringa parerer kritikken med at det er aktørane i verdikjedene som sjølve må finna erstatningskaiar. Det er no eingong slik at nokre kaiar er samfunnskritiske, anten regjeringa ser det eller ikkje. Ryk kornkaia vår, har me få alternativ. Dette må regjeringa ta inn over seg. Det er regjeringa sitt ansvar at matforsyninga til landet går greitt. Regjeringa må implementera tiltak som varetek både tryggleik mot sabotasje og vidareføring av funksjonar i krig. Regjeringa må samordna beredskapsplanar mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Kystverket, Forsvaret og private hamneoperatørar for å sikra heilskapleg handtering. Det må òg utarbeidast konkrete planar for korleis varer og militært utstyr skal fraktast dersom hovudhamnene blir sette ut av spel, og så må det øvast på ulike scenario. Vidare må regjeringa sikra at forskrifta om hamneberedskap og støtte til Forsvaret blir følgt opp i praksis i alle relevante hamner. Samtidig er det ikkje berre i hamnene det er utfordringar med korleis regjeringa følgjer opp beredskapen. Stortinget har vedteke totalberedskapsmeldinga, og regjeringa må no sikra rask implementering av dei føreslegne tiltaka for å auka motstandskrafta i samfunnet. Det er avdekt at mange kommunar manglar midlar og kapasitet til å prioritera beredskapsarbeid. Det må stillast tydelegare krav til lokal beredskapsplanlegging. I den første langtidsplanen for sivil beredskap må område som elektronisk kommunikasjon, transport og forsyningstryggleik bli vektlagde tungt. Då Russland gjekk inn på Krym i 2014, tilspissa tryggingssituasjonen seg i Europa. NATO stilte høgare krav til sivil beredskap, og i 2016 bestemde Stortinget at totalforsvaret skulle styrkjast. Det er ni år sidan. Svakheitene kontrollkomiteen peikar på i sakene me dag har til behandling, er kjende. Det som er oppsiktsvekkjande, er at dei ikkje er handterte betre av regjeringa. Det er likevel viktig for meg å presisera at Noreg er på veg mot å styrkja totalforsvaret. Både totalberedskapsmeldinga og langtidsplanen for forsvarssektoren inneheld viktige tiltak. Planane må følgjast, og dei må følgjast opp. Det er òg viktig å erkjenna at planar ikkje løyser alle problem åleine. Det må øvast, og det må samhandlast på tvers av sektorar. Me har ikkje tid til den treigheita me ser. Justisdepartementet og politiet burde ha vore pådrivarar for den sivile beredskapen, men politiet seier at dei ikkje eingong har nok ressursar til å delta fullt ut, verken i planarbeid eller i øvingar. Det er slik at førebuingar må gjerast i fredstid. Beredskapsplanar må leggjast, og øvingar må gjennomførast. I tillegg er det viktig å evaluera og læra. Likevel viser undersøkinga til riksrevisjonen at planar og øvingar i for liten grad førebur dei sivile aktørane i kommunane og regionane på å støtta militære behov. I tillegg må Forsvaret betre og tydelegare kommunisera prioriteringane sine. Alle sivile aktørar Riksrevisjonen har snakka med, seier at det er uklart kva Forsvaret vil trenga frå dei i ei krise eller krig, skriv Riksrevisjonen. Kommunane i undersøkinga seier til dømes at dei har svært lite informasjon og ikkje veit kva dei må førebu seg på for å kunna støtta Forsvaret. Sivile aktørar i kommunar og fylke må vita korleis til dømes helsepersonell skal prioriterast, og korleis dei då skal driva eldreomsorga og arbeidet sitt i sin kommune. Når dei ikkje får god samhandling med Forsvaret og gode tilbakemeldingar om dette, er det òg vanskeleg å laga lokale beredskapsplanar.

  • 14. apr 202610:24· Innlegg

    Møte tirsdag den 14. april 2026 kl. 10

    Kommisjonen må sikrast naudsynte ressursar slik at arbeidet kan utførast i samsvar med mandatet. I tillegg til eit sekretariat skal kommisjonen kunne engasjera ytterlegare naudsynt bistand der dette trengst for granskingsarbeidet. Midlar til kommisjonsarbeidet ut 2026 vil inngå i revidert nasjonalbudsjett før sommaren. Løyvingane for 2027 og 2028 vil skje i statsbudsjetta for dei åra. Eg vil, på vegner av presidentskapet, takka administrasjonen og ikkje minst takka for samarbeidet med partia, som har gjort det mogleg å leggja fram denne saka så raskt og tydeleg som fleire av kollegaene mine i kontroll- og konstitusjonskomiteen har peikt på. Det har vore eit veldig gjevande arbeid både der og i presidentskapet. Eg vil tilrå Stortinget å gjera vedtak i samsvar med forslaga frå presidentskapet i innstillinga.

  • 14. apr 202610:05· Innlegg

    Møte tirsdag den 14. april 2026 kl. 10

    På vegner av presidentskapet legg eg i dag fram forslag om oppnemning av ein uavhengig granskingskommisjon, med mandat, namn og samansetjing, for å undersøkja forhold og problemstillingar som har vorte aktualiserte gjennom offentleggjeringa av Epstein-dokumenta. Innstillinga frå presidentskapet er ei oppfølging av stortingsvedtaket frå 17. mars i år, som tok utgangspunkt i innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen i same sak. Forslaget frå presidentskapet til mandat, namn og samansetjing er utarbeidd i samråd med partigruppene her på Stortinget. Stortinget gjorde samstundes vedtak om å be presidentskapet leggja fram lovforslag for Stortinget med naudsynte føresegner om arbeidet, saksbehandlinga og informasjonstilgangen til granskingskommisjonen. Presidentskapet vil koma tilbake til Stortinget med eit slikt lovforslag. Eit utkast er for tida på offentleg høyring, med frist 23. april. Det følgjer av Stortingets forretningsorden § 19 at Stortinget kan nemna opp ein granskingskommisjon til å kartleggja eller vurdera ein tidlegare faktisk hendingsgang. Dette er berre niande gongen sidan 1883 at Stortinget går til eit slikt steg. Det illustrerer kor alvorleg og viktig det arbeidet som no skal gjerast, er. Opplysningar som er framkomne i Epstein-dokumenta, reiser spørsmål om m.a. mogleg misbruk av høgtståande offentlege stillingar og verv, og norske myndigheitspersonar si moglege utveksling av informasjon, tenester og kontaktar i lukka nettverk med antidemokratiske eller kriminelle element. Dei reiser òg spørsmål om myndigheitspersonar har vore eksponerte for påverknadsfare og moglege skadeverknader for norske interesser, om mogleg kritikkverdig forvaltning av offentlege midlar, og dessutan om dette har vorte gjort mogleg gjennom ukultur og manglande kontroll i forvaltninga, og særleg i utanrikstenesta. Hovudoppgåva til granskingskommisjonen er å undersøkja forhold og problemstillingar som har vorte aktualiserte gjennom offentleggjeringa av Epstein-dokumenta. Føremålet skal vera å sikra eit avklart faktisk grunnlag for forståing og læring, betra integriteten og openheita til norske styresmakter og gjera utanrikstenesta betre, meir effektiv og meir målretta. Forslaget til mandat frå presidentskapet byggjer på føringar i innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen. I tillegg til det som kjem fram der, er det teke inn noko om forhold som det er vanleg å regulera i mandatet til slike granskingskommisjonar. I tillegg til mandatet og § 19 i Stortingets forretningsorden vil sjølvsagt den kommande særlova gje rammer for arbeidet til kommisjonen. Kommisjonen skal kartleggja og vurdera tidlegare faktiske hendingsgangar. Han kan òg vurdera om det har skjedd lovbrot eller andre former for brot på reglar eller retningslinjer, eller andre kritikkverdige forhold. Kommisjonen skal derimot ikkje ta stilling til rettsleg ansvar for enkeltpersonar. Det er i den samanhengen verdt å merka seg at det i forslaget til mandat er sagt at kommisjonen gjennom dialog med politiet og påtalemyndigheita skal sørgja for at informasjonsinnhentinga og arbeidet i kommisjonen elles ikkje skader eller vanskeleggjer etterforskingsarbeidet der. Forslaget frå presidentskapet til namn og samansetjing av kommisjonen byggjer på føringar i innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen. Presidentskapet har søkt å oppnå ein samla kompetanseprofil på medlemene som i størst mogleg grad tek omsyn til relevant og naudsynt kompetanse for arbeidet i kommisjonen. I forslaget er det personar med erfaring innan gransking både frå media, advokatverksemd og andre kommisjonar og liknande arbeid. I forslaget frå presidentskapet er det òg personar med fleire andre perspektiv, slik som tryggleik og etterretning, utanriks- og bistandspolitikk, utanriksteneste og forvaltning. I det føreslåtte leiarteamet har leiaren omfattande leiarerfaring frå ei større medieverksemd innan granskande journalistikk. Den føreslåtte nestleiaren har lang erfaring som lagdommar, og bidreg dessutan til å sikra at dei juridiske rammene for arbeidet i kommisjonen vert tekne godt vare på. Sidan det på grunn av uavhengigheitsomsyn ikkje er aktuelt med ein kommisjonsmedlem med bakgrunn frå norsk utanriksteneste, har presidentskapet i tråd med føringane frå kontroll- og konstitusjonskomiteen føreslått ein medlem med relevant fagbakgrunn og erfaring frå eit av dei andre skandinaviske landa. Kommisjonen vil òg få eit sekretariat med fleire personar som har relevant fagleg kompetanse, og som vil kunna utfylla bakgrunnen og erfaringa til kommisjonsmedlemene.

  • 17. mar 202612:31· Innlegg

    Møte tirsdag den 17. mars 2026 kl. 10

    Eg tek ordet for ei oppklaring. Det var representanten frå Raudt som i innlegget sitt gjorde meg merksam på at Høgre, og for så vidt òg Arbeidarpartiet, ikkje var med i det siste avsnittet i merknadene. Det er rett og slett berre ein feil. Høgre stilte seg bak unnskyldninga som er gjeven frå Stortinget, og me har òg stilt oss bak at det skal verta gjeve ein kompensasjon til offera. Etter det eg forstår, var òg Arbeidarpartiet der at dei støtta både ei unnskyldning og at det skulle verta gjeve ein kompensasjon. Så slik sett kunne det vore ein komitémerknad.

  • 17. mar 202610:20· Innlegg

    Møte tirsdag den 17. mars 2026 kl. 10

    Forventningane til kommisjonen er høge. Mandatet er knytt til å avdekkja eventuelle norske forbindelsar til Jeffrey Epstein-nettverket og konsekvensane av det. Det er knytt store forventningar til at kommisjonen granskar Utanriksdepartementet og andre norske myndigheiter sin eventuelle kontakt med Epstein. Det er forventa at kommisjonen gjennomgår dokumenta for å identifisera norske personar, organisasjonar eller interesser som kan ha hatt kontakt eller har motteke støtte eller annan påverknad frå Epstein-nettverket. Det skal verta undersøkt om organisasjonar med tilknyting til miljøet har motteke økonomisk støtte frå UD, etter avsløring om at 54 organisasjonar fekk støtte utan ordinær utlysing. Spørsmålet er: Er det ein samanheng mellom dette og eventuelt Epstein-nettverket. Det er brei politisk einigheit om at granskinga må vera grundig og snu alle steinar for å gjenoppretta tilliten til norske institusjonar og norsk utanriksteneste. Granskinga kjem til å verta tidkrevjande ettersom ein skal undersøkja forhold over ein ganske stor tidsperiode. Det er òg viktig, trur eg, at dette ikkje dreg altfor langt ut i tid, då det kan mista både sin aktualitet og sin verdi for samfunnet. Det er viktige – som det vart påpeikt av fleire her, og som det for så vidt òg står i innstillinga – at det må vera ein form for fleksibilitet i det endelege mandatet som presidentskapet legg fram for Stortinget, til å følgja nye spor og nye funn ein oppdagar undervegs som kan vera viktig å forfølgja i saka. Det er òg påpeikt at Stortinget har det konstitusjonelle ansvaret, og me er ikkje nokon domstol. Det trur eg det er viktig at ein i samfunnet og ute elles tek med seg – domstolen, politiet og rettsapparatet gjer sine vurderingar, og Stortinget har eit heilt anna ansvar i dette. Det skal verta spennande når me no får saka til behandling i presidentskapet. Eg er peika på som saksordførar i presidentskapet til å vera med og leggja fram det endelege mandatet for Stortinget og føreslå aktuelle kandidatar til granskingskommisjonen, før det vert endeleg vedteke her i denne sal. Dette er eit viktig arbeid som er veldig viktig for både Noreg, norsk utanriksteneste og innbyggjarane i Noreg. Til sjuande og sist er det eit viktig prinsipp for Noreg at Noreg har truverd i utanrikstenesta. Forslaget til Raudt gjeld delrapportar, og delrapportar kan ha ein funksjon. Men det kan òg utfordra det konstitusjonelle ansvaret til sjuande og sist dersom ein delrapport peikar på noko som kan verta eit konstitusjonelt ansvar – å peike på noko. Det kan vera veldig uheldig for saka før ho er endeleg ferdig. Eg tenkjer at granskingskommisjonen må få frie tyglar til eventuelt å melda tilbake til Stortinget dersom dei føler behov for det i si sak, utan at me nødvendigvis pålegg dei å koma tilbake til Stortinget – det kan få negative konsekvensar for det endelege standpunktet som Stortinget skal ta i saka.

  • 5. mar 202620:35· Innlegg

    Møte torsdag den 5. mars 2026 kl. 10

    35:19] (ordførar for saka): Saka me i dag behandlar, gjeld Riksrevisjonens årlege rapport om revisjon av statens eigarstyring, som omfattar tolv eigardepartement og totalt 68 selskap. Det er i tillegg gjennomført fleire forvaltingsrevisjonar i enkeltselskap, som er behandla særskilt. Det er verdt å merka seg for regjeringa at det er ein samla komité som meiner at undersøkinga tydeleg beskriv godt at statens eigarrapportering inneheld for lite informasjon til at ein i tilstrekkeleg grad kan informera ålmenta om statens eigarutøving. Statens eigarrapport inneheld f.eks. ingen informasjon om eigardepartementas vurdering av selskapas oppfylling av dei av statens eigarforventingar som er vesentlege for enkelte selskaps måloppnåing. Komiteen meiner departementa samla sett med dette ikkje oppfyller målet for eigarskapsmeldinga om å stilla tydelege forventningar til dei statlege eigde selskapa. Ein samla komité sluttar seg difor til Riksrevisjonens vurdering av at dette ikkje er tilfredsstillande. Komiteen merkar seg òg at mange departement ikkje har tilpassa og oppdaterte retningsliner for eigarstyringa, som baserer seg på det enkelte selskaps eigenart, det som er vesentleg for dei og risiko. Mange retningsliner er gamle, og fleirtalet av departementa har ikkje oppdatert retningslinene i løpet av dei to siste stortingsperiodane. Dette er heller ikkje tilfredsstillande. Eg ser også at samferdselsministeren framleis er i salen, så eg har ei lita helsing til han òg: Stortinget vedtok i 2001 at kommersiell utnytting av overskotskapasitet i fiberinfrastrukturen som er knytt til jernbanen, skulle vore organisert som eit aksjeselskap. Samferdselsdepartementet meinte at statens overføring av eigarskapet til fiberinfrastrukturen frå Jernbaneverket til Bane NOR SF var tilfredsstillande. Riksrevisjonens vurdering er at Samferdselsdepartementet burde ha orientert Stortinget om dette. Ein samla komité deler denne vurderinga til Riksrevisjonen.

  • 5. mar 202619:10· Replikk

    Møte torsdag den 5. mars 2026 kl. 10

    Rambøll påpeikte risikoen med feil type torpedoar for mange, mange år sidan. Dei påpeikte at dei var veldig usikre på kva type torpedoar dette er, og no kan det umogleg vera nokon tvil om kva type torpedoar dette er. Det har òg kome mykje ny informasjon i løpet av hausten, som me kan oversenda til departementet, dersom det skulle vera nødvendig, men mi oppfordring til statsråden er: Vil statsråden sørgja for at torpedoekspertane, både hos FMA og hos Forsvaret – Forsvaret leigde jo ut ekspertane sine til FMA – vert samla rundt det same bordet når du no skal laga eit nytt mandat?

  • 5. mar 202619:08· Replikk

    Møte torsdag den 5. mars 2026 kl. 10

    Når ein legg feil type torpedoar til grunn, blir det sjølvsagt feil risikovurdering. Det er jo det som er heile poenget, og to av dei etatane som er ueinige, har faktisk lagt feil type torpedoar til grunn i sitt svarbrev til departementet. Dei to andre påpeikar at den største risikoen oppstår når fartøyet skal opp og bryta vasslinja, men det er altså ikkje slik at det er nødvendig å heva ubåten, eller heva torpedoane, og bryta vassflata for å fjerna torpedoane frå ubåtvraket. Så her er det etter mi meining masse misforståingar. FFI, Forsvaret, FMA og Kystverket burde vore samla rundt eitt bord og snakka i lag og sørgt for å eliminera alle sånne misforståingar, og mitt spørsmål er: Trur statsråden at me kan eliminera slike risikoar for misforståingar med å samla folk rundt eitt bord?

  • 5. mar 202618:53· Innlegg

    Møte torsdag den 5. mars 2026 kl. 10

    Fyrst vil eg takka komiteen og Stortinget for einigheita som har kome fram i denne saka. Det set vi veldig stor pris på. Denne ubåtsaka ved Fedje har vore gjenstand for ei rekkje utgreiingar, men det største problemet i denne saka er den følgjefeilen som har følgt saka frå utgreiing til utgreiing, heilt sidan 2008. Heile tida har ein lagt til grunn feil type torpedo og feil type tennapparat. Då vert naturlegvis også konklusjonen feil. Risikovurderingane til Kystverket har til no basert seg på rapportar frå 2008. Også ekspertutvalets rapport frå 2022 baserer seg på det same underlaget. Mykje av dette arbeidet og konklusjonane herifrå er verdilause, nettopp fordi dei tek utgangspunkt i feil type torpedo og feil type tennapparat. No kan det ikkje lenger vera nokon tvil om kva type torpedo og tennapparat som er om bord i U-864. Det er veldokumentert frå Forsvarsmateriell, FMA, i deira rapport som kom i fjor haust, og i ettertid er det kome fram ytterlegare dokumentasjon som underbyggjer nettopp dette. Forsvarets forskingsinstitutt, FFI, legg no i mars fram ein rapport som skal vurdera risikoen ved tildekking av denne typen torpedoar. Eg vil i forbindelse med utarbeiding av det nye tilleggsmandatet på det sterkaste oppmoda statsråden til å ta med seg den erfaringa ein til no har hatt med samarbeidet med den meir eller mindre private arbeidsgruppa frå offshorenæringa, og at denne arbeidsgruppa vert utvida til også å inkludera forsvarssektoren, med kompetanse på nettopp torpedo og tennapparat. Kompetansen hos både FFI, Forsvaret og FMA bør nyttast samtidig. Mange av desse spesialistane som er involverte i dag, har ikkje tidlegare delteke i arbeidet med U-864, men det viser seg at dei har unik og viktig kompetanse. Regjeringa må ta med seg at det meste av kvikksølvet må hentast opp, og at torpedoane må fjernast – anten ved heving av delar av eller heile vraket, eller berre torpedoane. Moglegheitene er fleire, men felles er at alle alternativa må gjerast før det vert gjort tildekkingar av vraket og restane av kvikksølv. Det må gjennomførast sjølvstendige risikovurderingar for fjerning av torpedoar før tildekking. Alle risikoreduserande tiltak må nyttast. No må regjeringa ein gong for alle setja alle relevante krefter med rett erfaring og kompetanse saman, og sikra at mesteparten av kvikksølvet kjem opp, at torpedoane vert fjerna frå havbotnen, og at det som er igjen på havbotnen, vert tildekt med tanke på lågast mogleg risiko i eit æveperspektiv. Når russarane klarte å heva ubåten Kursk i 2001, for 25 år sidan, med atomreaktor og torpedo om bord, bør jaggu me klara det også.

  • 15. des 202510:16· Innlegg

    Møte mandag den 15. desember 2025 kl. 10

    Det hadde nesten vore freistande å be Riksrevisjonen sjå på FrPs alternative budsjett, for viss me ser på side 36 i FrPs alternative budsjett, har dei ei ABE-reform på 1,5 pst. Dei ønskjer kutt jamt over, flatt, overalt, bortsett frå på sjukehus, bortsett frå på operative politistyrkar og bortsett frå på Forsvaret. Dei skjermar jo ikkje Riksrevisjonen i sitt alternative budsjett, i alle fall ikkje slik eg les det. Så her kunne det vore kjekt om komitéleiaren kunne gjera greie for kva som faktisk er tilfellet, om me skal lesa budsjettet slik me les det, ord for ord, eller kva som eigentleg er FrPs alternative budsjett når det gjeld ABE-reforma. Her oppfattar eg nesten at dei talar med to tunger. Høgre står for ABE-reforma. Me meiner det er rikeleg rom for ei ABE-reform i offentleg sektor. Det betyr sjølvsagt ikkje at me skal gå på akkord med det som Riksrevisjonen skal utføra av revisjon. Det handlar om å ta i bruk IT-verktøy, det handlar om å ta i bruk AI, det handlar om å ta i bruk ny teknologi, nye arbeidsformer, osv. Det handlar ikkje om å skalera ned revisjonen deira i det heile – tvert imot. Det me heller ønskjer å fokusera litt på, er dette med at Noregs institusjon for menneskerettar skal oppbemannast, og at ein ønskjer å ha meir ressursar. Me har hatt møte med dei, og eg opplever at Noregs institusjon for menneskerettar har godt med ressursar. Dei tilbyr Stortinget og enkeltrepresentantar rettleiing, dei tilbyr fraksjonar rettleiing, dei tilbyr heile parti rettleiing, og dei tilbyr heile komitear rettleiing i menneskerettar. Dei er godt bemanna og har gode ressursar i Noregs institusjon for menneskerettar, så me i Høgre ønskjer berre å vidareføra flatt det budsjettet som dei hadde, trass i at dei har fått eit par nye oppgåver. Eg er for så vidt heilt einig med komitéleiaren når det gjeld det me erfarte her for eit par dagar sidan, før helga, nemleg at PST ikkje er i stand til å gjennomføra oppdraget sitt, mandatet sitt, at det er masse arbeid som ligg brakk fordi dei ikkje har dei ressursane dei treng. Det er svært, svært kritikkverdig. Når me attpåtil erfarer og les i avisene at menneskerettar vert brukte som ei form for beskyttelse her i Noreg for utanlandske kriminelle, er det sjølvsagt ikkje bra – når PST i tillegg ikkje er i stand til å gjennomføra oppdraget sitt på ein god nok måte. Me i Høgre står for budsjettet vårt, både ABE-reforma og kuttet til NIM, som me ikkje ønskjer å prioritera opp.

  • 4. des 202513:03· Innlegg

    Møte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10

    Tusen takk for debatten. Det er veldig kjekt å høyra engasjementet frå fleire parti om kor viktig det er å ha denne interpellasjonen, og ikkje minst det fokuset som me treng for å få ein god internasjonal avtale og internasjonale reglar som verkar. Eg er veldig takknemleg for at statsråden ønskjer å følgja opp akkurat dette og gjera noko som verkar både her heime, som ein seier, og ute i den internasjonale samanhengen. Eg støttar veldig opp om at Noreg framleis skal ha ei leiande internasjonal rolle i dette arbeidet, sånn som statsråden legg opp til. Eg må få lov til å utfordra statsråden her frå talarstolen i dag og invitera han til å ta imot denne vandrekvalen ein månads tid i løpet av vinteren. Eg vil utfordra statsråden til å ha han på kontoret sitt som eit symbol på framtidshavet og på at han har Stortinget si støtte i det viktige arbeidet han skal gjera når han skal prøva å få til betre og meir samhandling internasjonalt for å få på plass ein internasjonal og god avtale som verkar, for å få redusert dei utfordringane som plast i havet gjev oss. Takk for debatten.

  • 4. des 202512:46· Innlegg

    Møte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10

    Eg må få takka statsråden for svaret. Dei løysingane me stort sett har hatt til i dag, har gått ut på å rydda opp etter at me er ferdige med å bruka plasten. Me sorterer, me resirkulerer, og me plukkar plast i fjøra. Samtidig må me altså sjå på løysingar som meir går ut på korleis ein produserer plasten, og korleis ein får forbrukaralternativ til plast. Marin forsøpling er eit enormt problem for det marine økosystemet, som me òg høyrer statsråden visa til og illustrera godt i innlegget sitt. Likevel manglar me, slik eg oppfattar det, gode løysingar for å stoppa straumen av plast til havet, plast som òg kjem på avvegar. Dette Sweet Spot-prosjektet som er her i Noreg, som er eit norsk tverrfagleg samarbeid for å identifisera dei viktigaste kjeldene til område kor det er stor plastforureining i norske farvatn, verkar på meg som eit godt, tverrfagleg prosjekt med ei god tilnærming for å undersøkja om det finst gode løysingar som kan gje ei varig endring på plastproblemet og plastforureininga. Det tverrfaglege aspektet omfattar både maskinlæring, kunstig intelligens, laboratorieanalysar, åtferdsendringar og styring av forsyningskjedar og forretningsmodellar. Det er seks doktorgradsstillingar som er knytte til dette prosjektet. I studien har dei gått gjennom 52 forskjellige tiltak her i Noreg kor me forsøkjer å hindra at plast hamnar i havet. Gjennomgangen viste at dei fleste løysingane me nyttar, handlar om resirkulering og rydding av strender, fjerning av mikroplast og bruk av alternative materialar, utan at det kjem innom sjølve årsaka til forureininga og det å ha eit alternativ til forbruket av plast. Det er godt å høyra at statsråden tar med seg utfordringane og ser på dette når me òg har moglegheita til å sjå på anna enn berre å rydda opp, som å hindra at det vert produsert så mykje plast, og å ha alternative måtar å sjå dette på. Det er faktisk eitt av dei tiltaka som vert peika på av desse forskarane. Vi har òg ein god strategi for dette her i Noreg, og sirkulærstrategien til regjeringa er eigentleg veldig god på dette, men fokuserer kanskje i for stor grad på økologisk berekraft og burde kanskje òg hatt eit anna fokus. Eg håpar verkeleg at statsråden tar med seg erfaringane herifrå når han skal ut igjen og diskutera den plastavtalen med FN og korleis ein kan koma vidare internasjonalt. Eg takkar altså veldig for svaret eg har fått, og eg vil ønskja statsråden lukke til på ferda vidare med denne problemstillinga.

  • 4. des 202512:37· Innlegg

    Møte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10

    Marin forsøpling og plastforureining hopar seg opp i verdshava i eit omfang som vi aldri har sett før. Mengda plast som finst i hava, er rekna til å vera opp mot 150–200 mill. tonn. Plastkvalen er kallenamnet til ein kval som stranda og vart avliva på Sotra i 2017. Han fekk namnet Plastkvalen fordi forskarar fann store mengder plast i magen, eit funn som skapte overskrifter i media over heile verda, og dermed meir merksemd rundt det globale problemet med marin forsøpling. Plastkvalen var ein ung hann som var rundt 6 meter lang og vog 2 tonn. Då magen vart opna, vart det tydeleg at heile magesekken var fylt til randa av plast. Over 40 plastposar, plastsekkar og store plastflak låg trykte saman i ein stor ball. Funnet av plasten i magen til kvalen fekk brei dekning i media, både i Noreg og internasjonalt, og mellom anna laga britiske Sky News ein dokumentarfilm om plastforureining, som tok utgangspunkt i saka om Plastkvalen på Sotra. Plastkvalen var eit viktig referansepunkt og symbol i kampen mot plastforureining i havet. Rapportane om plasten i kvalmagen førte til eit stort fokus på dette problemet, og engasjement i befolkninga førte til ei stor oppslutning om dei mange aksjonane som vart sett i gang for å rydda strender langs norskekysten. Stortinget har for tida ein modell av denne plastkvalen i «kvalnøtt-tre» som skal på vandring mellom ulike institusjonar dei nærmaste åra. Modellen har besøkt administrasjonen, næringskomiteen og energi- og miljøkomiteen, og han står i presidentskapet på kontoret mitt. Så viss nokon ønskjer å sjå denne modellen, er dei hjarteleg velkomne på mitt kontor. Målet med denne vandrekvalen er å retta merksemda mot utfordringar med plast i havet, og at vi saman kan finna gode løysingar på desse utfordringane. Dette er fordi marin forsøpling hamnar i havet, både direkte og indirekte via land, elvar og atmosfæren. Dei viktigaste kjeldene til plast i havet er avløpsvatn, slitasje på plastprodukt som tekstil og bildekk, avrenning frå land og lekkasje frå plastprodukt i næringa og blant oss forbrukarar. Marint liv og økosystem vert påverka negativt av plast og mikroplast. I tillegg utgjer mikroplast i desse økosystema eit potensial for risiko for menneske sin helse. Til dømes gjennom konsum av sjømat, avhengig av type, storleik og plassering, kan marin forsøpling av plast forårsaka øydeleggjande effekt på marint liv. Det finst gode bevis på at flytande plast kan transportera kjemikaliar og sjukdomsframkallande bakteriar i kystområda, der dei utgjer risiko både for økosystem og for menneskeleg helse. Eg deltok som Stortinget sin representant på FN sin havkonferanse, som i år var i Nice i Frankrike. Havkonferansen hadde fokus på å sikra framdrift i internasjonale havprosessar. Havbruk, fiskeri, olje, maritim verksemd og alt vi driv med langs kysten, er viktig for Noreg, og utan berekraftig forvalting og bruk går det fort ut over oss sjølv her heime også. Havet genererer omtrent halvparten av oksygenet i planeten, absorberer 30 pst. av alle CO2-utslepp og fangar over 90 pst. av den overskytande varmen som blir generert av desse utsleppa. Havet er jordas største karbonlager, så kvalitet i havet betyr noko for oss alle. Det blir no forhandla om ein global plastavtale, og Solberg-regjeringa utarbeider Noregs plaststrategi, så Noreg ligg truleg og forhåpentlegvis godt an. Den første runden med offisielle forhandlingar om den internasjonale plastavtalen var sett til august i Genève år i Sveits. Eg er spent på kva som er status på den internasjonale plastavtalen?

Siste voteringer

12 nyeste

Vis →

Siste spørsmål

10 nyeste

Vis →
  • Siden Miljødirektoratets høringsuttalelse på ekspertutvalgets rapport om løsninger for U-864 dokumentert er basert på en rekke feilaktigheter og mangler fra ekspertutvalget, vil klima- og miljøvernministeren og Miljødirektoratet, uavhengig av Kystverkets kommende rapport, faktisk gjennomgå og vurdere løsningsalternativene basert på ny og dokumentert kunnskap fra NATO, FFI og FMA om ammunisjonssikkerheten?

    skriftlig

    8. mai 2026
  • Sett i lys av nyere kunnskap om ammunisjonsrisiko ved U-864, hvor enhver form for tildekking av vrak med last er mest risikofylt, vil klima- og miljøvernministeren endre på Miljødirektoratets anbefaling, eller be Miljødirektoratet revurdere sin anbefaling om gjennomføring av tiltak 1, tildekking av vrak med last (kvikksølv) og forurenset sjøbunn?

    skriftlig

    29. apr 2026
  • Kan eg be om at det vert gjort greie for om kostnadsanslaga for kvart av prosjekta er P50 eller P85-tal?

    skriftlig

    7. apr 2026
  • Kan eg be om berekna samfunsnytte (både NNB og NNV 2026-kroner) for Follobanen, og dersom det ikkje føreligg oversikt over endeleg kostnad ber eg om at det vert berekna samfunsnytte for basert på ein sluttsum på 37 mrd. kroner?

    skriftlig

    7. apr 2026
  • Når kan man forvente at den økonomiske konsekvensen for den enkelte sin pensjon er beregnet og klar for utbetaling som konsekvens av høyesterettsdommen?

    skriftlig

    29. mar 2026
  • Er fiskeriministeren bekymret for at Riksantikvarens fredningsforslag av området rundt Bergenhus festning kan skape utfordringer lokaltitetene for Havforsinkingsinstituttet og Fiskeridirektoratet som etter en lang prosess er vedtatt bygget?

    skriftlig

    26. mar 2026
  • Er statsråden tilfreds med informasjonsflyten fra Statens vegvesen om status i prosjektet Rv. 555 Sotrasambandet og hvordan vil statsråden sikre at Stortinget fremover får et så oppdatert og korrekt bilde som mulig av fremdrift, risiko og eventuelle avvik i prosjektet?

    skriftlig

    20. mar 2026
  • Kan statsråden kome med ei detaljert oversikt over kostnadane og finansieringa av Hardangerbrua, samt kva føresetnadar som vart lagt til grunn på finansieringstidspunktet (til dømes rente, trafikkutvikling) og om desse føresetnadane har vist seg å vere korrekte?

    skriftlig

    15. feb 2026
  • Når regjeringen nå har lukket snøkrabbefisket og det er kommt en rekke nye aktører til, hva har regjeringen gjort for å sikre seg at rapportering av snøkrabbe blir gjort ihht. landingsforskriften?

    skriftlig

    11. feb 2026
  • Hvordan vurderer statsråden om det er forsvarlig saksbehandling og gir demokratisk legitimitet å fremme et fredningsforslag før de økonomiske, samfunnsmessige og praktiske virkningene er tilstrekkelig utredet og gjort tilgjengelige for berørte parter?

    skriftlig

    11. feb 2026