Vararepresentant

Sigrid Zurbuchen Heiberg

Miljøpartiet De Grønne·Oslo
RSS

Status

Ikke rangert

Vararepresentanter inngår ikke i rangeringen.

Fra salen

4 nyeste med opptak

20. jun 2025· Innlegg

For fire år sidan gjekk ei ny regjering på og erklærte at klima og natur skulle vera ramma rundt all politikk. I dag, på den siste dagen i stortingsperioden, har me fasiten: Rekordmykje natur har vorte bygd ned i Noreg. Me har ikkje fått noko nasjonalt klimamål. For kvar krone som vert investert i fornybar energi i dette landet, vert det investert 27 kr i fossil energi, det me alle veit øydelegg klimaet på kloden – 27 kr per krone til fornybar energi. I tillegg har heile ideen om å spara straum no vorte avvist. No er det tut og køyr og noregspris. La oss sjå litt på kva noregspris faktisk er. For det første: Ordninga gjer at det lønar seg med sløsing. Jo meir straum ein brukar, jo meir støtte får ein. Har ein stort hus, stor hytte, boblebad og varmekablar i oppkøyrselen, er ein vinnaren. Har ein spart straum i årevis, har ein investert i varmepumpe eller solceller, eller bur ein trongt, ja, då tapar ein. Inntekt, formue og forbruk heng saman, og noregspris er direkte usosialt. Det gjev mest til dei som brukar mest, og dei som brukar mest straum, har som regel høgast inntekt frå før. Ordninga bommar fullstendig på målet om å hjelpa dei som verkeleg treng det. Noregspris undergrev òg heile grunnlaget for å bruka straum smartare. Når staten tek rekninga, lønar det seg ikkje å spara straum. Når straumprisen er lik heile døgnet, er det ikkje nokon vits i å investera i smarte trykkvarmarar eller annan teknologi som brukar straum når belastninga på straumnettet er lågast. Resultatet er høgare forbruk, meir rasering av natur og meir press på kraftsystemet. Det er kommunane, næringslivet og naturen vår som må plukka opp rekninga. Hushaldninga får fastpris, men alle andre, som barnehagar, skular, sjukeheimar og bedrifter, vert ståande igjen med høgare marknadspris og høgare nettleige. Det er heilt bakvend politikk. Det er ei gåte korleis det kunne verta eit sosialdemokratisk prosjekt å øydeleggja for straumsparing og subsidiera straumforbruket til dei rikaste. Einar Gerhardsen må snu seg i grava no. Ei mykje betre løysing er den Miljøpartiet Dei Grøne har føreslått: ei flat straumstøtte til alle husstandar når straumen er dyr, uavhengig av forbruk. Det gjev mest til dei som har minst, og det gjev folk tryggleik samtidig som det gjer det lønsamt å spara. Noregspris er eit eksempel på kor gale det kan gå når populismen får dominera debatten og Arbeidarpartiet diltar etter. Stortinget treng eit sterkt Miljøpartiet Dei Grøne over sperregrensa for å få ein politikk som er bra for folk, natur og klimaet. Det håpar eg me får etter valet.

20. jun 2025· Replikk

Handlingsregelen er meint å sikra ansvarskjensle og prisstabilitet ved å setja ei grense for kor mykje pengar ein kan pumpa inn i norsk økonomi. Dei siste åra har geopolitisk uro ført til at Noreg som olje- og kraftnasjon har tent fleire tusen milliardar kroner ekstra – helt ekstraordinære inntekter. Denne krigsprofitten har vorte lagt merke til internasjonalt, og me i Miljøpartiet Dei Grøne meiner at dette er pengar som burde koma fleire enn oss sjølve til gode. Det kan framstå som om regjeringa misbrukar handlingsregelen når ein argumenterer for at han er ei hindring for å auka bistand og finansiering av klima- og naturtiltak i andre land. Eg lurar på om statsråden er einig i at det kunne ha vore eit godt grep for å bidra til nettopp den prisstabiliteten handlingsregelen er meint å sikra, å bruka dei ekstraordinære inntektene til fredsbevaring, konfliktdemping og klimatilpassingstiltak i utlandet, som igjen vil kunne ha prisdempande effektar her i Noreg.

20. jun 2025· Replikk

Nei, det synest me ikkje. Me meiner f.eks. at kriminalisering av lett narkotikabruk er dårleg politikk. Me skulle ønskja at det norske Stortinget for lengst hadde fått på plass ei skikkeleg rusreform som hadde hatt prinsippet om hjelp og ikkje straff. Me meiner òg at kriminaliseringa av lettare rusmiddel, som marihuana, er med på å skapa ein illegal marknad som pressar folk ut i kriminalitet. Me ser òg – for igjen å ta eit byperspektiv – at me i Oslo har ein ekstremt delt by, der ein rusar seg på kokain på vestkanten og kanskje på hasj på austkanten. Me ser at dei som vert straffa hardast, ikkje er advokatsonene på vestkanten, som driv med den hardaste forma for narkotika, men at det er dei fattige, som må vera mykje ute i bybiletet fordi dei f.eks. er trangbudde. Den narkotika- og justispolitikken me har no, er heilt fullstendig feilslått.

20. jun 2025· Replikk

Først til narkotikapolitikk. Eg trur det skremselsbiletet Senterpartiet har vore med på å skapa, er grunnen til at kanskje nokon rundt i landet trur at narkotika er det som trugar norsk ungdom mest, og at straff verkar, som òg er beviseleg feil. Me treng ein meir human og fornuftig ruspolitikk i dette landet og ein meir fornuftig justispolitikk. Til spørsmålet: Resultatet av ei eventuell EU-forhandling vil visa kva dei resultata vert. Ein må undra seg – det er jo ikkje sånn at norske bønder har hatt ein draumesituasjon dei siste tiåra. Tusenvis av bønder har måtta leggja ned arbeidet sitt fordi det ikkje har vore mogleg å overleva som bonde i Noreg. Tusenvis av dekar matjord vert bygd ned kvart einaste år på Senterpartiet si vakt. Eg trur ikkje at skremselspropaganda om narkotika eller EU er det som tener verken norske byar eller bygder.

Innlegg i salen

83 innlegg · 32 møter

Vis →
  • 20. jun 202513:12· Innlegg

    For fire år sidan gjekk ei ny regjering på og erklærte at klima og natur skulle vera ramma rundt all politikk. I dag, på den siste dagen i stortingsperioden, har me fasiten: Rekordmykje natur har vorte bygd ned i Noreg. Me har ikkje fått noko nasjonalt klimamål. For kvar krone som vert investert i fornybar energi i dette landet, vert det investert 27 kr i fossil energi, det me alle veit øydelegg klimaet på kloden – 27 kr per krone til fornybar energi. I tillegg har heile ideen om å spara straum no vorte avvist. No er det tut og køyr og noregspris. La oss sjå litt på kva noregspris faktisk er. For det første: Ordninga gjer at det lønar seg med sløsing. Jo meir straum ein brukar, jo meir støtte får ein. Har ein stort hus, stor hytte, boblebad og varmekablar i oppkøyrselen, er ein vinnaren. Har ein spart straum i årevis, har ein investert i varmepumpe eller solceller, eller bur ein trongt, ja, då tapar ein. Inntekt, formue og forbruk heng saman, og noregspris er direkte usosialt. Det gjev mest til dei som brukar mest, og dei som brukar mest straum, har som regel høgast inntekt frå før. Ordninga bommar fullstendig på målet om å hjelpa dei som verkeleg treng det. Noregspris undergrev òg heile grunnlaget for å bruka straum smartare. Når staten tek rekninga, lønar det seg ikkje å spara straum. Når straumprisen er lik heile døgnet, er det ikkje nokon vits i å investera i smarte trykkvarmarar eller annan teknologi som brukar straum når belastninga på straumnettet er lågast. Resultatet er høgare forbruk, meir rasering av natur og meir press på kraftsystemet. Det er kommunane, næringslivet og naturen vår som må plukka opp rekninga. Hushaldninga får fastpris, men alle andre, som barnehagar, skular, sjukeheimar og bedrifter, vert ståande igjen med høgare marknadspris og høgare nettleige. Det er heilt bakvend politikk. Det er ei gåte korleis det kunne verta eit sosialdemokratisk prosjekt å øydeleggja for straumsparing og subsidiera straumforbruket til dei rikaste. Einar Gerhardsen må snu seg i grava no. Ei mykje betre løysing er den Miljøpartiet Dei Grøne har føreslått: ei flat straumstøtte til alle husstandar når straumen er dyr, uavhengig av forbruk. Det gjev mest til dei som har minst, og det gjev folk tryggleik samtidig som det gjer det lønsamt å spara. Noregspris er eit eksempel på kor gale det kan gå når populismen får dominera debatten og Arbeidarpartiet diltar etter. Stortinget treng eit sterkt Miljøpartiet Dei Grøne over sperregrensa for å få ein politikk som er bra for folk, natur og klimaet. Det håpar eg me får etter valet.

  • 20. jun 202511:38· Replikk

    Handlingsregelen er meint å sikra ansvarskjensle og prisstabilitet ved å setja ei grense for kor mykje pengar ein kan pumpa inn i norsk økonomi. Dei siste åra har geopolitisk uro ført til at Noreg som olje- og kraftnasjon har tent fleire tusen milliardar kroner ekstra – helt ekstraordinære inntekter. Denne krigsprofitten har vorte lagt merke til internasjonalt, og me i Miljøpartiet Dei Grøne meiner at dette er pengar som burde koma fleire enn oss sjølve til gode. Det kan framstå som om regjeringa misbrukar handlingsregelen når ein argumenterer for at han er ei hindring for å auka bistand og finansiering av klima- og naturtiltak i andre land. Eg lurar på om statsråden er einig i at det kunne ha vore eit godt grep for å bidra til nettopp den prisstabiliteten handlingsregelen er meint å sikra, å bruka dei ekstraordinære inntektene til fredsbevaring, konfliktdemping og klimatilpassingstiltak i utlandet, som igjen vil kunne ha prisdempande effektar her i Noreg.

  • 20. jun 202511:06· Replikk

    Nei, det synest me ikkje. Me meiner f.eks. at kriminalisering av lett narkotikabruk er dårleg politikk. Me skulle ønskja at det norske Stortinget for lengst hadde fått på plass ei skikkeleg rusreform som hadde hatt prinsippet om hjelp og ikkje straff. Me meiner òg at kriminaliseringa av lettare rusmiddel, som marihuana, er med på å skapa ein illegal marknad som pressar folk ut i kriminalitet. Me ser òg – for igjen å ta eit byperspektiv – at me i Oslo har ein ekstremt delt by, der ein rusar seg på kokain på vestkanten og kanskje på hasj på austkanten. Me ser at dei som vert straffa hardast, ikkje er advokatsonene på vestkanten, som driv med den hardaste forma for narkotika, men at det er dei fattige, som må vera mykje ute i bybiletet fordi dei f.eks. er trangbudde. Den narkotika- og justispolitikken me har no, er heilt fullstendig feilslått.

  • 20. jun 202511:05· Replikk

    Først til narkotikapolitikk. Eg trur det skremselsbiletet Senterpartiet har vore med på å skapa, er grunnen til at kanskje nokon rundt i landet trur at narkotika er det som trugar norsk ungdom mest, og at straff verkar, som òg er beviseleg feil. Me treng ein meir human og fornuftig ruspolitikk i dette landet og ein meir fornuftig justispolitikk. Til spørsmålet: Resultatet av ei eventuell EU-forhandling vil visa kva dei resultata vert. Ein må undra seg – det er jo ikkje sånn at norske bønder har hatt ein draumesituasjon dei siste tiåra. Tusenvis av bønder har måtta leggja ned arbeidet sitt fordi det ikkje har vore mogleg å overleva som bonde i Noreg. Tusenvis av dekar matjord vert bygd ned kvart einaste år på Senterpartiet si vakt. Eg trur ikkje at skremselspropaganda om narkotika eller EU er det som tener verken norske byar eller bygder.

  • 20. jun 202511:03· Replikk

    Det som først og fremst trugar tryggleiken til norske distrikt akkurat no, er klima- og naturkrisa. Norske bønder er dei som står i førstelinja, og som no ser insektdøden, som ser flaumane og tørketida som no kjem. Det trugar norske lokalsamfunn i heile landet. Det er ekstremt alvorleg. Me har lagt fram eit alternativt budsjett som prioriterer dei store og viktige tinga, og som prioriterer smart. Det er ikkje sånn Senterpartiet ofte lèt som, at det er ei motsetning mellom å føra ein god bypolitikk og ein god distriktspolitikk. Tvert imot er det sånn at dersom ein f.eks. får ned bilbruken i byane, dersom ein brukar plassen og pengane i byen på det som er smart, og som skaper gode liv i byen, får ein meir overskot ein kan bruka på f.eks. å skapa arbeidsplassar i distrikta. Eg er ikkje einig i at det er ei motsetning mellom ein god urban politikk og ein god distriktspolitikk.

  • 20. jun 202510:56· Innlegg

    Når ein køyrer rett mot ein fjellvegg, er det ikkje tryggleik å velja stø kurs – tvert om. Når FN-sjefen har trygla statane i verda og sagt at me treng ei avkøyringsrampe frå klimahelvetet, er det ein grunn til det. Når FN, forskarar og verdas fattigaste land tryglar oss om å slutta å leita etter meir fossil energi og fasa ut olje og gass, er det ein grunn til det. Me står midt i ei tid der naturkrisa og klimaendringane krev at me raskt endrar alle sektorar og alle system. Me må slutta å øydeleggja natur, me må kutta utslepp, og me må tilpassa oss dei klimaendringane som allereie er her, og som vil verta meir og meir katastrofale i åra framover. Tida me lever i, krev at me endrar oss – ikkje har stø kurs med gamaldagse løysingar. Likevel viser regjeringa sitt reviderte nasjonalbudsjett at dei framleis styrer etter idear frå 1950-talet, om evig økonomisk og materiell vekst, trass i at me alle i denne salen eigentleg veit at det ikkje er mogleg. Regjeringa vel å prioritera kortsiktig populisme og privat profitt framfor dei langsiktige sikkerheitsbehova til befolkninga og berekrafta til planeten. Heile 80 pst. av norske sjøfuglar er borte frå fuglefjella våre – 80 pst! Heile 90 pst. av torsken i Oslofjorden og Skagerak er borte. Villrein og villaks står på raudlista, og det vert bygd i norsk fjellheim som aldri før. Norske fjordar vert forgifta. Med dette tempoet vil insekta våre forsvinna før Donald Trump forsvinn. Dette er alvoret me står i. Behovet for å sikra omstilling av oljelandet Noreg, redda norsk natur og byggja trygge arbeidsplassar og lokalsamfunn for framtida kunne ikkje vore meir presserande. Regjeringa sviktar fullstendig. Me i Miljøpartiet Dei Grøne føreslår ei grøn omprioritering av budsjettet og å stoppa den enorme sløsinga med natur og energi. Me vil skrota dyre motorvegar som vil rasera natur og skapa meir trafikk. Me vil bruka 10 mrd. kr meir enn regjeringa på å redda øydelagd natur og skapa grøne arbeidsplassar. Me føreslår ein krisetiltakspakke på over 600 mill. kr for å reinsa opp i Oslofjorden, som treng det akutt. Miljøpartiet Dei Grøne føreslår eit meir robust og framtidsretta energisystem, utan sløsing med energien, inkludert ei grøn og sosialt rettferdig straumstøtte som faktisk både bidreg til sosial utjamning og stimulerer til straumsparing. Noregsprisen regjeringa har innført, har allereie ført til enorm skade i form av at enkeltpersonar, bedrifter og sameige som hadde insentiv til å investera i varmepumpe, solceller og enøk, no har droppa sånne prosjekt. Samtidig vert det no brukt milliardar av kroner frå midlane til fellesskapet på å betala for luksusforbruket til overklassen. Norske millionærar og milliardærar treng ikkje meir av alt. Miljøpartiet Dei Grøne jobbar ikkje for at alle skal få betre råd, men for at alle skal ha nok. Miljøpartiet Dei Grøne vil gjera livet betre for dei som har minst, samtidig som me faktisk får Noreg inn på eit grønt spor. Det betyr bl.a. ein skikkeleg redningspakke for kollektivtransporten i heile landet, på 2,7 mrd. kr – i motsetnad til det vesle plasteret på eit blødande sår som regjeringa, SV og Senterpartiet tilbyr. Det betyr skikkeleg grøne skattegrep, omstillingsavgift for petroleumsnæringa, momsfritak på reparasjonar, brukthandel og fornybar energi. Det betyr sikring av rettferdig skatt for alle og solide velferdstenester. I ei verd prega av konflikt og økologisk kollaps må Noreg ta ansvar. Det betyr å prioritera solidaritet og fredsarbeid både heime og ute. Me føreslår difor konkrete tiltak for å ta vare på havområde, matjord, naturskogar og artsmangfald, og for å redusera det økologiske fotavtrykket vårt, som i dag tilsvarar tre og ein halv jordklode. Miljøpartiet Dei Grøne meiner regjeringa misbrukar handlingsregelen når ein brukar han som hindring for å finansiera klima- og naturtiltak i andre land. Ved å bruka dei ekstraordinære inntektene våre til fredsbevaring og konfliktdemping vil me kunne få mindre krig og naturkollaps utanfor våre grenser. Det vil òg gje oss nettopp lågare importert prisvekst. Det er ei skam av historiske dimensjonar at regjeringa denne våren ikkje har valt å trekkja norske investeringar ut av Israel og det grufulle folkemordet som går føre seg i Palestina. I staden sit me att med at SV har forhandla inn nokre vage formuleringar ingen heilt veit kva betyr. Me er mange som aldri vil gløyma dette sviket frå Stoltenberg, Støre og det norske Stortinget. Dette reviderte budsjettet var ei moglegheit til å visa leiarskap i møte med vår tids største utfordringar. Regjeringa feila igjen. Miljøpartiet Dei Grøne seier tydeleg at me treng eit budsjett for framtida, ikkje fortida. Me treng klimarettferd, ikkje meir asfalt, olje og profitt til dei aller rikaste. Med det tek eg opp forslaga til Miljøpartiet Dei Grøne.

  • 20. jun 202510:33· Replikk

    Eg deler fullt ut SV sitt engasjement for å få ned forskjellane i Noreg, og i motsetning til Framstegspartiet forstår me i Miljøpartiet Dei Grøne veldig godt at enorm personleg rikdom også er eit problem for eit land, for både samfunnslimet og demokratiet. I denne budsjettbehandlinga var det veldig viktig for SV med gratis barnehage, og eg vil gratulera dei med å ha fått ned maksprisen. Samtidig er denne maksprisen høgare enn det dei fattigaste i Oslo uansett betaler. Det ein i praksis no gjer, er å bruka fellesskapet sine midlar på å gje middelklassen og overklassen billigare barnehage. Regjeringa si ekspertgruppe for barn i fattige familiar sa tydeleg at barnetrygda er den enkeltytinga som har størst betydning for å redusera låg inntekt blant barnefamiliar i Noreg. Miljøpartiet Dei Grøne har føreslått å dobla barnetrygda og skattleggja ho, sånn at dei som har minst, sit igjen med meir. Eg lurer på om representanten kan forklara kvifor ikkje SV har valt å prioritera eit sånt treffsikkert tiltak?

  • 20. jun 202510:14· Replikk

    Dei siste tala frå SSB viser at dei berekna investeringane i olje og gass i 2025 vert nesten seks gonger større enn i all annan industri til saman. Dette betyr at Noreg held fram med å satsa veldig mykje av både ressursar, kompetanse og kapital på olje og gass, og at resten av næringslivet framleis er veldig sårbart og avhengig av ei enkelt næring. Meiner representanten Limi at det er klokt at Noreg har så få bein å stå på?

  • 19. jun 202514:44· Innlegg

    Fyrst til Framstegspartiet: Det er riktig at Noreg enno ikkje har så stor økonomisk ulikskap som Sør-Afrika eller USA, men me i Miljøpartiet Dei Grøne tenkjer det heller ikkje er eit mål å koma dit. Me må verna om det beste med Noreg, og det er bl.a. små forskjellar mellom folk. Så til ein bustadstrategi som ser sektorar på tvers: Det er eit tvingande behov for å diskutera bustadpolitikk, arealpolitikk og samferdselspolitikk på tvers. Akkurat no har me enorme område i Oslo som er grå område – sentralt plasserte område det ikkje kan byggjast bustader på, fordi dei er utsette for støy og forureining grunna for mykje trafikk. Dersom samferdselsministeren hadde latt lokalpolitikarane i Oslo setja ned fartsgrensene, som dei ønskjer på f.eks. Trondheimsveien, ville dette ha utløyst enorme tomteareal som kunne ha busett tusenvis på tusenvis av folk på sentrale tomter langs Trondheimsveien. Det er stort behov for samordning. Noreg treng ein bustadminister.

  • 19. jun 202514:32· Innlegg

    Ein viktig del av det grøne prosjektet er å jobba for ein sosial, rettferdig og meir miljøvenleg bustadpolitikk. Då treng me ikkje-kommersielle løysingar: allmennbustader. Heldigvis er både fagmiljø, kunnskapsmiljø og fagrørsla einige med Miljøpartiet Dei Grøne. Uheldigvis har Noregs største parti, Arbeidarpartiet og Høgre, vedteke å vera ueinige. Dei peikar på at ein ideell eller ikkje-kommersiell bustadsektor ikkje er mogleg å få til i Noreg i dag. Sanninga er at me har ein sånn sektor i Noreg. Mest kjent er studentbustadene. Dei andre gode eksempla er kanskje ukjende fordi dei er både små og marginaliserte, og ikkje minst er dei akutt utryddingstrua frå den norske bustadfaunaen. I Noreg vert eit av dei fremste eksempla me har på sosiale, ikkje-kommersielle leigebustader, forvalta av Boligstiftelsen i Trondheim. Den ikkje-kommersielle stiftelsen eig nesten 900 leilegheiter. Dei leiger ut dei fleste til kommunen som kommunale bustader, men dei tilbyr òg langsiktige, trygge buforhold for folk som anten ikkje kvalifiserer til kommunal bustad eller av ulike årsaker ikkje kjem seg inn på eigemarknaden. Mens me i Noreg har ein god bustadpolitikk berre for dei bustadeigarane som kom seg inn på eigemarknaden på riktig tidspunkt, har viktigheita av ein sosial bustadpolitikk lenge vore på agendaen til EU. Boligstiftelsen i Trondheim vart faktisk i år nominert til ein pris av European Responsible Housing Awards. For at denne sektoren skal blomstra, treng ein politiske rammevilkår, og no skjer det motsette. Dei store partia går til angrep på den vesle ikkje-kommersielle bustadsektoren som finst i Noreg, og Boligstiftelsen i Trondheim står no i ein eksistensiell kamp for tilværet. Under radaren til dei fleste følgde nemleg Senterparti–Arbeidarparti-regjeringa opp eit arbeid Høgre starta: å få dei kommunale stiftingane nedlagde og bustadmassen overført til kommunane. Intensjonen kunne verka vel og bra. Argumentet var at det skulle betra kommunane sine moglegheiter til å hjelpa vanskelegstilte med bustad. Stortinget let seg overtyda, vedtok ei unntakslov i stiftingslova og gav med det kommunane åtgang til å oppheva bustadstiftingane. Med ein pressa kommuneøkonomi og lite kunnskap om moglegheitene dei var på veg til å kasta på båten, vedtok kommune etter kommune å bruka moglegheita. I 2023 følgde Trondheim og andre kommunar etter og la ned det som potensielt er det fremste politiske verktøyet for å få på plass allmennbustader i Noreg. Miljøpartiet Dei Grøne i Trondheim la fram forslag om å bevara stiftinga, men vart nedstemt. Saka viser at Noreg er eit av dei mest bakstreverske landa i OECD på feltet bustadpolitikk. Det er alvorleg. Det er eit talande bilete på einsrettinga av norsk bustadpolitikk og den manglande evna norske politikarar har til å løfta blikket og sjå at det finst sosiale alternativ i norsk bustadpolitikk som ikkje skapar same ulikskap, naturkrise og finansiell risiko som den einsidige eigarlinja me har i dag. Me får håpa at EU kanskje kjem staten Noreg til unnsetning snart og kan inspirera oss til å få på plass den sosiale bustadsektoren me så sårt treng.

  • 19. jun 202514:10· Innlegg

    Me har ikkje noka bustadkrise i Noreg. Det me har, er ei ulikskapskrise, ei klimakrise og ei naturkrise. Det betyr at me har rike folk i Noreg som eig både hundrevis av leilegheiter i byane og svære hyttepalass på fjellet og langs fjordane våre, at naturen vår vert bygd ned som aldri før, samtidig som vanlege folk slit med å ha råd til å eiga sin eigen bustad eller til og med leiga seg ein ok bustad i byane våre. Det trengst ein heilt ny kurs for norsk bustadpolitikk. Me treng å gjenreisa tanken om at ein bustad er eit velferdsgode. Det er ein rett folk har. Det å ha ein trygg plass å bu for seg sjølv og for familien sin bør ikkje vera ei vare som kva som helst anna på ein marknad. Me må sikra folk ein ordentleg plass å bu, uansett om ein vil bu på bygda eller i byen, i nord eller i sør. Då trengst det eit taktskifte frå den politikken me har i dag. Me er nøydde til å få på plass ein ikkje-kommersiell bustadsektor i Noreg. Me er nøydde til ikkje berre å leggja til rette for, men aktivt skapa ein allmennbustadsektor, sånn at folk kan bu trygt uansett om dei i dag har råd til å koma inn på bustadmarknaden eller ei. Om ein må skilja seg og finna ein ny plass å bu, treng ein å ha ein trygg plass å bu og å kunna verta verande i lokalmiljøet der barna går i barnehage eller på skule. Det systemet har me ikkje i dag. Me har inga bustadkrise, men me har ei ekstrem ulikskapskrise i Noreg, der det løner seg så mykje å investera i eigedom at altfor mange syltar ned pengane sine. I staden for å bruka pengane til å investera i positiv omstilling og verdiskaping i Noreg vert dei sylta ned i eigedom, og dei sosiale og økonomiske forskjellane mellom folk aukar og aukar. I Oslo står det no tusenvis av bustader tomme fordi dei vert eigde av folk som ikkje treng å ta dei i bruk, mens vanlege folk, sjukepleiarar, lærarar, studentar og trygda, ikkje har råd til å koma inn på bustadmarknaden, vert skvisa lenger og lenger ut og hamnar i ei fattigdomsfelle. Sånn kan me ikkje ha det. Miljøpartiet Dei Grøne vil fortsetja å jobba for ei kursendring i norsk bustadpolitikk, og me får håpa at bustadkampen vert ei stor sak i årets valkamp. Det ønskjer Miljøpartiet Dei Grøne å bidra til.

  • 12. jun 202519:18· Innlegg

    Me nordmenn er heilt i verdstoppen på klimagassutslepp per person. Me flyr meir enn fem gonger så mykje som den jamne europear. Medan eit land som Frankrike for fleire år sidan innførte forbod mot korte innanriks flygingar på ruter der ein kan ta tog, byggjer regjeringa i Noreg stadig nye motorvegar og nye flyplassar. Og dei få toga me har her i landet, er dyre å reisa med, ofte står dei, eller dei er plutseleg erstatta med buss, så det vert i praksis umogleg for oss småbarnsforeldre å bruka. Det er eit paradoks at Noreg og Sverige, to naboland med felles interesse, historie og mål om grøn omstilling, framleis har eit jernbanetilbod som tvingar folk over på bil og fly. Mange vil reisa miljøvenleg, men dei vert møtte av lang reisetid, manglande forbindelsar og tog som ikkje går. Eit talande eksempel er nattoget mellom Stockholm og Hamburg, som no står i fare fordi Sverige er aleine om rekninga og synest det vert for dyrt. Noreg og Sverige burde samarbeida betre om ei felles løysing som koplar både Oslo og Stockholm til kontinentet til ein langt lågare kostnad for begge land. Statsråden svara på spørsmål frå komiteen om denne saka at det er dialog mellom norske og svenske myndigheiter om konkrete prosjekt. Det er positivt at Jernbanedirektoratet vurderer nattoginitiativet til København og Hamburg. Gode intensjonar er bra, men me treng forplikting, investeringar og fart. Miljøpartiet dei Grøne meiner at ein bør inngå samarbeidsavtale med den svenske regjeringa om utvikling av grensekryssande togtilbod med særleg vekt på nattog og høghastigheitstog. Det finst lågthengande frukt, f.eks. nattog mellom Trondheim og Stockholm. Ein ny rask jernbane mellom Oslo og Stockholm med under tre timars reisetid vil knyta våre hovudstader nærare saman, både økonomisk og sosialt. For å få dette til må Jernbanedirektoratet få eit tydeleg mandat og ressursar til å jobba med internasjonale prosjekt. Dagens verktøykasse er ikkje tilpassa dei internasjonale ambisjonane me bør ha. Det er bra at det skjer noko, men no må ikkje dette stoppa opp igjen i endelause utrekningar. Stortinget må visa minst same vilje til å byggja opp eit togtilbod folk vil bruka, som ein har for å byggja motorveg. Då eg var liten, kunne eg reisa med tog frå Sogn til Oslo. Det kan eg ikkje lenger. Klimakrisa ventar ikkje, men folk som ønskjer å reisa grønt, dei ventar og ventar på at det skal koma eit tog frå Stortinget. Med det vil eg ta opp Miljøpartiet Dei Grønes forslag.

  • 12. jun 202519:02· Innlegg

    Om det finst éin positiv ting med den forferdeleg alvorlege klima- og naturkrisa me står i, er det dette: Stort sett alle dei grøne tiltaka me må setja i verk for å kutta utslepp og forbruk, vil gjera liva våre betre, kroppane våre sunnare, barna våre friare, og dei vil gjera byane våre hyggelegare, reinare, finare og morosamare. Behovet for berekraftig, trygg og inkluderande byutvikling har aldri vore større. Viss samfunnet skal lukkast i klimakampen og få til sosial utjamning, betre folkehelse og auka livskvalitet, trengst det mykje meir ambisiøs og heilskapleg politikk for byane. Byane treng mindre bilkøyring og forureining, mindre forskjellar og meir fridom og positivt fellesskap – færre bilar, fleire bier. Etter tre år med nedsnakking av byane frå statsrådane til Senterpartiet hadde eg eit håp om at ei rein Arbeidarparti-regjering skulle føra ein politikk som var betre for byane våre. Det gjenstår å sjå om det vil skje. Byane treng betre verktøy for å få ned biltrafikken, kutta utslepp, styrkja kollektivtrafikken og utvikla byar og tettstadar som fremjar folkehelse, rettferd og livskvalitet. Miljøpartiet Dei Grøne vil gje kommunane meir lokalt sjølvstyre i samferdselspolitikken. Me vil gje byane moglegheit til å oppretta og bestemma storleiken på nullutsleppssoner, uavhengig av om vegane er kommunale, fylkeskommunale eller statlege. Me vil at kommunar skal kunna innføra dynamisk vegprising for å få bukt med kø, kork og kaos, og me vil gje kommunane moglegheit til å senka fartsgrensa til 20 km/t på plassar der mange ungar ferdast, f.eks. rundt skular. Samtidig er staten nøydd til å ta eit større ansvar for kollektivtransporten. Miljøpartiet Dei Grøne føreslår å be staten auka den statlege andelen av store kollektivprosjekt til 80 pst. Me vil òg påskjøna kommunar som lukkast med å redusera biltrafikken, og me vil endra nullvekstmålet til eit mål om 5 pst. årleg nedgang i biltrafikken i storbyområda. Ekstremvêret me har i vente, krev at me klimatilpassar byane våre. Me må setja av mindre plass til asfalt og bilar, meir plass til natur og opne bekkar. Me må slutta å sløsa med plassen i byen. Det må verta enklare og meir lønsamt å ta i bruk eksisterande bygg. Me må ta vare på historia og slutta å riva. Ikkje-kommersielle bustadmodellar må få sterkare juridisk og økonomisk støtte. Ein bustadmarknad med rom for allmennbustadar og sosial bustadbygging er heilt avgjerande for at byane skal vera inkluderande, og at me får ned dei store sosiale forskjellane. Ein meir sosial bustadpolitikk kombinert med sterkare satsing på levekårsutsette område, som å sikra fritidsklubbar, utvida velferdstilbod og få ned barnefattigdomen, er blant dei viktigaste tiltaka for å gjera byane våre betre. Med det tek eg opp forslaga frå Miljøpartiet Dei Grøne.

  • 12. jun 202513:34· Innlegg

    Den som veit korleis politikk og pølser vert laga, får aldri meir ein roleg natts søvn. Det er eit over 100 år gamalt sitat frå Otto von Bismarck, men det er nok enda sannare i dag – det vert gjeve millionar av kroner i hemmelege pengegåver til Framstegspartiet, og nye parti dukkar opp med svære politiske reklamekampanjar betalt av rike enkeltpersonar med band til Russland. Når milliardærar som Christian Ringnes dei siste dagane er ute i riksmedia og ber Erna Solberg ta grep for at dei skal få avkastning på investeringa si i partiet Høgre, er det eit grelt eksempel på kor kjøpt og betalt mykje av norsk politikk faktisk er. Det er bra at me i dag tek eit lite skritt i riktig retning når me strammar inn moglegheitene for å gje partibidrag utan å oppgje kven som står bak. Då styrkjar me demokratiet. Samtidig må me vera ærlege. Pengar får ein stadig større plass i politikken. Det fører til at dei som har mykje, kan kjøpa seg uforholdsmessig mykje makt og innflytelse. Det gjer òg at me vert sårbare for påverking utanfrå frå aktørar som ikkje nødvendigvis vil Noreg vel. Samtidig vert det endå vanskelegare enn før å vinna fram for dei som har lite å rutta med. Det fører til ein politikk der det vert teke endå mindre omsyn til klima, natur, barn og dei fattigaste. Framstegspartiet er openbert verst i klassen når det gjeld hemmeleg partifinansiering. Det er heldigvis ingen andre som har fornedra seg til å ta imot millionbeløp frå ein organisasjon som spesialiserer seg på å skjule givarane, som Aksjon for borgerlig valgseier. Men når Framstegspartiet peikar på dei andre partia og at dei er lite villige til å feia for eiga dør, har dei òg eit poeng. Det er og vert eit grunnleggjande problem at det er bukken som passar havresekken når politikarane sjølv skal regulera korleis me vert finansierte. Det er faktisk berre Miljøpartiet Dei Grøne som ikkje tek imot millionbeløp, verken frå milliardærar eller frå mektige organisasjonar. Eg forstår godt at det er vanskeleg å gje slepp på store gåver, og så lenge konkurrentane i politikken òg får store gåver, vert det langt på veg nødvendig for å vareta balansen mellom dei raud-grå og dei blå-grå partia. Men det betyr ikkje at ein bør fortsetja som før. Viss ein verkeleg meiner alvor med å styrkja demokratiet vårt, så er det heilt vesentleg å redusera risikoen for at nokon kjøper seg innflytelse. Det er eitt grep som monnar, og det er å setja eit lavt tak for kor mykje ein enkelt person kan gje til eit parti. Demokratiet vårt skal ikkje vera til sals. Miljøpartiet Dei Grøne vil støtta dei fleste forslaga som strammar inn på dagens regelverk, men me vil understreka at me er langt frå i mål når det gjeld partifinansiering, med det som vert vedteke her i dag.

  • 10. jun 202515:24· Innlegg

    Lenge trudde me at Facebook, Microsoft, Amazon og dei andre tekgigantane jobba med eit mål om å knyta folk og verda tettare saman. I dag veit me at det motsette skjedde. Dei har løpt ærend for autoritære regime, aktivt støtta autoritære politikarar, dei har selt persondataa våre til høgstbydande og laga algoritmar som bevisst splittar oss og øydelegg livet vårt. Det har mildt sagt ikkje vorte noko av det globale paradiset av gratis og fri informasjon som nokon trudde me skulle få. Heile businessmodellen til desse selskapa handlar om å samla inn, ta kontroll over og selja data om oss. Til saman kontrollerer Google, Microsoft og Amazon to tredelar av all skylagring i verda. Dei tener store pengar på å lenka folk, statar og bedrifter fast i deira digitale infrastruktur. Datalagring er no grunnleggjande infrastruktur som me må ha demokratisk kontroll over, på same måten som me har det over vegane våre, kraftnettet og vassforsyninga. I år er det valår, og den russiske påverknaden på demokratiet vårt som me veit føregår, finn stad på plattformer alle brukar i kvardagen sin i time etter time. Den siste tida har me òg fått eksempel på at tekoligarkar i USA brukar den rå makta si til å påverka val hos våre allierte i Europa. Det er på overtid å laga ein heilskapleg digital beredskapsplan som bringar den nye digitale infrastrukturen inn under demokratisk kontroll. Miljøpartiet Dei Grøne ber difor om at regjeringa utarbeider ein digital beredskapsplan for å redusera Noregs teknologiske avhengigheit til USA og Kina, i samarbeid med sivilsamfunn og næringsliv. Me kan ikkje risikera at heilt kritiske delar av samfunnsstrukturen vår vert selde og kjøpte på verdas børser av aktørar me har null styring på. Me kan ikkje godta situasjonen der framande aktørar når som helst kan skru av lyset vårt. Me må eiga og styra det viktigaste sjølve – det er heilt grunnleggjande – og politikarane har for lenge sove i timen. Me kan ikkje vera så naive at me skal belaga oss på at nokre snille kapitalistar skal halda president Trump eller president Xi unna dersom dei ser seg tente med å bruka vår avhengigheit av amerikanske og kinesiske tenester mot oss. Eg er glad for at det i denne innstillinga vert uttrykt forståing for og delvis støtte til dei forslaga som Miljøpartiet Dei Grøne har fremja i representantforslaget. Forslaga vert kanskje røysta ned i dag, men problema forsvinn ikkje. Snarare vert dei meir prekære for kvar dag som går. Det norske stortinget må finna saman på tvers av partiliner og -blokker for å sikra den grunnleggjande norske infrastrukturen, vårt demokrati og vår offentlegheit og finna løysingar for at me i størst mogleg grad kan riva oss lause frå aktørar som ikkje deler korkje våre interesser eller våre demokratiske ideal.

  • 10. jun 202514:06· Innlegg

    Nedbygginga av naturen i Noreg er ute av kontroll, og i praksis har naturen inga rettssikkerheit. I dag vil altså fleirtalet på Stortinget gjera dette endå verre. Det er ikkje overraskande at Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet vil byggja ned meir norsk natur. Det er i grunnen i tråd med slik dei har jobba lokalt og nasjonalt i mange år. Det som er forbausande, er at det presumptivt seriøse partiet Høgre vil endra forvaltingsloven og forholdet mellom forvaltingsnivåa heilt utan å greia ut konsekvensane først. Dette forslaget ber preg av hastverksarbeid og lettvint ideologisk markering, med enorme konsekvensar for norsk natur. Eg trur ikkje partia som har tenkt å stemma for dette, har oversikt over eller aning om korleis det vil påverka anna lovverk, men realiteten og intensjonen med forslaget er klart. Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet vil endra spelereglane på ein måte som gjer at dei vil byggja ned meir natur, og dei som vil byggja ned, får meir makt. For den lettlurte kan det kanskje høyrest fint ut at det no skal leggjast særleg stor vekt på lokaldemokrati dersom nokon klagar på ei lokal avgjerd, som f.eks. bygging av ein næringspark, som ikkje er ein park, i eit naturområde. Men realiteten i dette er svært alvorleg. Meir natur skal byggjast ned – i strid med fellesskapets interesse, i strid med internasjonale forpliktingar, i strid med interessene til framtidige generasjonar. Me står midt i ein økologisk kollaps. Rapportar viser at dei livsviktige insekta våre kan forsvinna fullstendig i løpet av eit århundre. Det betyr slutt på mat for menneska. Utbyggjarane har allereie veldig mykje makt. Dei kan trua lokalpolitikarar med å flytta prosjektet sitt til ein annan kommune om dei får nei, og dei kan føreslå det på nytt etter nokre år, når naturvernarane er utslitne etter ubetalt kveldsarbeid og ordføraren er bytt ut med ein som er meir næringsvenleg. Natur og dyreliv har ikkje dei same korta på handa. Dei har ikkje pengesterke forsvararar. Dei har inga moglegheit til omkamp. Eit naturinngrep er irreversibelt. Eit økosystem er fullt av artar som er gjensidig avhengige av kvarandre, og kan aldri flyttast. Vert forslaget vedteke, er dette ei oppskrift på allmenningens tragedie og massedød for norsk natur. Til dei som har tenkt å støtta dette, har eg nokre spørsmål. Har dei ikkje merka korleis fuglesongen stilnar og fuglefjell forsvinn? Har dei ikkje lytta til fagkunnskapen, og bryr dei seg null om kva framtid ungane deira skal oppleva? Folkefleirtalet i Noreg er tydeleg: Tre av fire nordmenn vil at regjeringa skal ta meir ansvar for å hindra bit-for-bit-nedbygging av natur. Eg håpar Stortinget lyttar til folk flest og seier nei til sløsing med norsk natur, nei til slurv og useriøs hastverksbehandling og stemmer mot forslaget frå Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet om å endra forvaltningsloven § 68.

  • 10. jun 202513:36· Innlegg

    Det vert vist eit veldig engasjement frå Framstegspartiet og Senterpartiet her i dag for å hindra narkotikabruk og -avhengigheit blant unge. Det engasjementet trur eg me alle her inne deler. Ingen ønskjer tungt rusmisbruk for barna sine eller nokon av medborgarane sine. Me i Miljøpartiet Dei Grøne kjempar for at politikken skal vera kunnskapsbasert og fri for fordomar, og han skal vera effektiv. Då er straff for rusbruk direkte kontraproduktivt. Kvifor vil ikkje då desse partia som er så engasjerte om dette temaet – Senterpartiet og Framstegspartiet – vera med og satsa på det som faktisk funkar? Straff funkar ikkje, førebygging funkar. I dag er nær halvparten av fritidsklubbane i Noreg trua av nedlegging. Ønskjer ein hjelp for rusavhengigheita si, må ein ver så god stilla seg i kø, og det er truleg alkohol som er det største og mest skadelege rusproblemet me har i Noreg. Det tar hundrevis av liv kvart einaste år og øydelegg tusenar fleire. Me har dessverre ein rusdebatt i Noreg som er prega av gamle fordomar. Eg vart med i Miljøpartiet Dei Grøne fordi det er eit parti som kjempar for at flest mogleg skal kunna leva eit godt liv, lengst mogleg, i alle land, alltid. Det inkluderer unge og gamle i Noreg, det inkluderer barna som ikkje er fødde enno, det inkluderer barna i Kongo, barna i Gaza og barna i Philadelphia i USA. Det gjeld alle i Noreg: Uansett kor ein bur, korleis ein ser ut, kven ein elskar og kva slags rusmiddel ein bruker, fortener ein eit best mogleg liv og eit lengst mogleg liv. For å få ned rusbruken i Noreg trengst ikkje meir straff, men me treng mykje anna. Me treng ein god bustads- og sosialpolitikk som funkar, og som sikrar folk ein trygg plass å bu og mat på bordet. Me treng ikkje fleire fengselsplassar, men me treng gode barnehagar og ei endring av norsk skule, sånn at fleire finn meining og meistring og fellesskap der. Me treng fleire sommarjobbar for unge, og me treng fleire fritidsklubbar, ikkje færre. Me treng eit skikkeleg behandlingsopplegg innan psykiatri og rus. Me treng framtidshåp. Me treng mindre straff, meir medmenneskelegdom. Me i Miljøpartiet Dei Grøne ser på dagens einigheit som eit lite skritt i riktig retning, og me skal feira det vesle skrittet. Likevel er me langt frå målet om å verta kvitt straff og stigma mot dei som bruker rusmiddel, og om å jobba effektivt med førebygging og inkludering i Noreg. Miljøpartiet Dei Grøne vil fortsetja å kjempa for ein meir kunnskapsbasert og human ruspolitikk.

  • 6. jun 202510:44· Innlegg

    «Det er som bokbrenning i Tyskland i 1933», sa professor Bernt Hagtvet i VG denne veka om Trumps kamp mot amerikanske universitet. Eg var blant dei mange studentane som tok det populære kurset til Hagtvet, Folkemord og politisk massevold i det 20. århundrets politikk, då det gjekk på Blindern. Me drog på studietur til Berlin. Me studerte konsentrasjonsleirane og lærte korleis nazistane gradvis avskaffa ytringsfridomen, kartla minoritetar og gradvis auka angrepa på dei. Me studerte korleis autoritære ideologiar vaks fram, og korleis demokratiet i det største og viktigaste landet i Europa vart avskaffa på få år. Eg hadde aldri drøymt om at eg skulle få oppleva det eg gjer no, i det mektigaste landet i verda. Trump-administrasjonen kuttar ikkje berre støtta til amerikanske universitet, dei legg ned forbod mot ord som klimaendringar, dei truar studentar og akademikarar til tausheit, dei slettar livsviktige forskingsdata, dei driv systematisk kartlegging av kven som er homofile og trans, og dei deporterer og fengslar menneske med minoritetsbakgrunn, utan lov og dom. Kor dette vil enda, er det ingen som veit, men la oss ikkje vera naive. Eg vil minna om at titusenvis av menneske allereie har døydd på grunn av kutta til Musk og Trump i USAID, døydd av mangel på medisinar og reint vatn i område med kvelande hete på grunn av klimaendringane det ikkje lenger er lov å snakke om på amerikanske universitet. «USA har alltid tatt imot oss, nå er det på tide at vi gir muligheter tilbake», sa professor Hagtvet til VG denne veka, og eg er einig. Når dette no skjer, er det i interessa til både Noreg og dei som i dag er i ein vanskeleg situasjon i USA og ønskjer å flytta til Europa, at Noreg legg til rette for at det skal verta enkelt å koma hit. Dette kan gjelda alt frå ingeniørar til fornybarbransjen og helsepersonell til fråflytta distriktskommunar i Noreg, til forskarar til dei fremste utdanningsinstitusjonane våre. Me ser at ei rekkje europeiske land no posisjonerer seg for det som potensielt kan vera hundretusenvis av høgkompetente amerikanarar. Land som Frankrike, Finland og andre gjennomfører tiltak for å tiltrekkja seg denne arbeidskrafta, fordi dei veit at samfunnet vil tena på det. Samtidig står Noreg passivt og ser på. Miljøpartiet Dei Grønes forslag handlar ikkje om å stela folk frå USA eller undergrava for andre land som me historisk sett har stått nær, det handlar om å anerkjenna ei utvikling som uansett skjer som følgje av den sjølvsaboterande naturen til Trump-administrasjonen, og sørgja for at Noreg òg kan dra nytte av denne høgkompetente arbeidskrafta og tilby ei trygg hamn. Difor er det synd at fleirtalet på Stortinget ikkje ønskjer å føreta seg noko særleg i dag. Det er tusenvis av dyktige folk innanfor ulike bransjar som Noreg kunne ha trengt. Dette er kompetente folk som kan bidra til å berika landet vårt. Når me ikkje hjelper dei, vert turen hit vanskelegare og situasjonen for dei vanskelegare. Det er synd.

  • 5. jun 202519:34· Innlegg

    Hei til EU! Det norske demokratiet har mange kvalitetar, men ei av svakheitene er at me ofte fører dei største og viktigaste samtalane innanfor veldig smale rammer, og det at me faktisk ikkje brukar tid saman på å diskutera dei viktige tinga, fordi me brukar timevis kvar dag framfor kvar vår skjerm som tek merksemda vår dit algoritmane vil. Me får eit totalt feil inntrykk både av saker og av kvarandre, og me gjev altfor mykje merksemd til kommentarfelttroll og til dei mest spissformulerte populistane. Stille vatn er djupast, seier eit ordtak, og det beskriv korleis folk som er reserverte, beskjedne eller stille, kanskje ofte er dei klokaste. Det er ikkje så mange av desse folka i denne salen, kan me vel innrømma, men det er mange av dei der ute. Spørsmålet om Noregs forhold til EU er eit stort og viktig spørsmål. Det er grunnleggjande for framtida til alle i Noreg. Det angår suverenitet, arbeidsliv, naturressursar, klima og sikkerheit. Likevel har me ingen brei strukturert arena for å diskutera det. Miljøpartiet Dei Grøne har difor føreslått å oppretta eit panel av vanlege borgarar som kan få tid, kunnskap og moglegheit til å diskutera dette spørsmålet i djupna – ikkje for å bestemma, men for å informera og inspirera både offentlegheita og oss som er valde inn på Stortinget. Dette er ikkje ein ny metode. Folkepanel er brukt med hell bl.a. i Irland, til spørsmålet om abort og ekteskap, og i Frankrike, om klimapolitikk. Erfaringa er at det fremjar informert dialog, det dempar polarisering, det byggjer tillit mellom borgarar og avgjerdstakarar, og det er dette me no ønskjer å overføra til den norske EU-debatten. Me har eit godt døme frå denne våren på kor godt eit sånt folkepanel kan fungera. Framtidspanelet består av 66 vaksne nordmenn som er tilfeldig utvalde blant 40 000, og som er folk frå alle samfunnslag, frå heile landet, med ulik alder og livserfaring. Oppdragsgjevarane er WWF, Redd Barna, Caritas, Framtiden i våre hender, LNU og Langsikt, som ønskjer å skapa ein inkluderande og faktabasert debatt om norsk økonomi og å få gode anbefalingar til kva Noreg bør gjera for verda med rikdomen sin, til beste for noverande og komande generasjonar – og dei fekk det til. Spørsmålet om EU-medlemskap bør avgjerast ved folkerøysting, men eit folkepanel kan koma før og vera eit godt tilskot. Folkestyre bør vera meir enn at folk kan stemma på oss her inne kvart fjerde år. Me må skapa politiske arenaer der folk vert høyrde, og der me som vert valde til denne salen, kan lytta. Me i Miljøpartiet Dei Grøne trur på nytenking, på dialog, på folk, og me trur på folkepanelet som ein reiskap for eit meir robust, inkluderande og kunnskapsbasert demokrati. Med det viser eg til forslaga i representantforslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne og varslar støtte til Venstre sitt forslag.

  • 5. jun 202517:30· Innlegg

    Eg hadde lyst til å halda eit innlegg til, berre for å takka veldig tydeleg dei som har kjempa fram den sigeren som kjem i Stortinget no: den breie kvinnebevegelsen, som har kjempa i årevis, overlevande, aktivistar, organisasjonar, som dei som står ute på plassen akkurat no, Sex og Samfunn, Juridisk rådgivning for kvinner, sanitetskvinnene, Amnesty og mange fleire. Me skal feira i dag. Eg vil understreka at dette er ein stor kamp som handlar om meir enn lovgjeving. Det handlar om kultur, det handlar om normer, det handlar om kommunikasjon, det handlar om oss som enkeltmenneske og oss som samfunn. Eg vil som førre talar understreka at det må jobbast mykje meir med opplysning og med førebygging. Folk må læra om kva frysrefleksen er. Det kan ikkje vera tilfeldig om ein ser ein Instagram-post for å læra om kva frysrefleksen er. Me må læra opp barna våre, me må læra opp ungdommane våre. Eg har sjølv opplevd å verta sovevaldteken. Det har veldig mange kvinner i dette landet. Eg har sjølv opplevd å gå til den mannen som har valdteke meg, og forklart han at han har valdteke meg – å stå i det, finna orda for det, forklara han det gjentekne gongar, til eg plutseleg ser at det går opp eit lys. Me må ikkje la norske jenter og gutar stå åleine med dette. Me må læra opp våre unge om kva dette er, kva det kan vera, kor det finst hjelp, kor det finst språk. Eg vil oppmoda alle innstendig til å stemma mot å innføra foreldingsfristen igjen når me skal stemma over denne saka i morgon. Stem mot å innføra foreldingsfristen for valdtekt igjen. Det kan ta tiår å klara å snakka om vonde ting. Det kan ta tiår å våga å stå fram. Gje ofra den moglegheita.

  • 5. jun 202516:52· Innlegg

    Eg vil starta med å seia at eg er veldig glad for at regjeringa har kome med dette forslaget om ein reell samtykkelov. Sjølv om prosessen har teke tid, er det ein lette at det me no skal ta stilling til, faktisk er ein «ja er ja»-paragraf. Forslaget tettar eit juridisk hol som i dag lèt mange overgrepssaker verta lagde bort, og sørgjer for at passivitet, som frys, redsel eller rus, ikkje kan forståast som samtykke utan grunnlag. Men det er veldig synd at foreldingsfristen for valdtekt kan verta gjeninnført, når me veit at det ofte tek tiår før folk orkar å fortelja, og særleg gjeld det menn. Det er dessverre framleis alvorlege hòl i dette lovverket. Den siste tida har det kome fram ei rekkje saker om kor vanleg bl.a. halsgrep har vorte under samleie for unge i Noreg, såkalla «choking». Me var mange som las NRK-saka om Frida, som opplevde ufrivillig vald og halsgrep under samleie, men som ikkje fekk medhald i at dette kunne definerast som valdtekt etter norsk lov. Det var sterk lesing. Tiltalte vedgjekk at han gjentekne gonger tok kvelartak på ho slik at ho fekk vanskar med å puste, pressa kroppen hennar ned og reiv i håret hennar. Retten meiner det er bevist, slik Frida forklarte i avhøyr, at ho fleire gonger bad den unge mannen om å slutta, gav uttrykk for smerte og gjorde den motstanden ho kunne, ved å forsøkja å dytta han vekk. Retten trudde på Frida: «Slik voldsbruken fremstod for [henne], må den ha føltes nærmest som tortur.» Men slik retten oppfatta det, var det ikkje sexen i seg sjølv Frida gjorde motstand mot, men valdsbruken. I denne saka tek ikkje domaren stilling til valdsbruken i seg sjølv, berre om vald og truande åtferd førte til sex. Retten tolka altså at det må bevisast at seksuell omgang ikkje ville funne stad i ein konstruert situasjon der vald og truslar ikkje var inne i bildet. Det betyr at norsk tingrett seier at fordi denne mannen ville ha fått lov til å fortsetja å ha samleie med Frida dersom han ikkje utsette ho for vald, er det irrelevant for spørsmålet om det er ei valdtekt, at han faktisk brukte vald for å halda ho i senga mens han fortsette. Eg er rysta over Frida-saka. Norsk lov inkluderer i dag ikkje ufrivillig valdeleg sex. Ei kvinne vert utsett for dokumentert vald, inkludert kvelartak, men mannen vart frikjend fordi retten berre vurderte om det var valdtekt, ikkje om det var straffbar vald i seg sjølv. I Noreg er det ingen eigen lovparagraf om kvelartak, slik England og Wales har innført, men samtidig har 16 av landets 23 overgrepsmottak dei siste åra hatt saker der folk fortel at dei er utsette for halsgrep. I NRK si kartlegging kjem det fram at sju av ti unge kvinner har opplevd kvelingssex, og kvelingssex er faktisk farleg, uansett om det er samtykke, og når det er ufrivillig, er det grufull vald som det må slåast hardt ned på. I Sverige har dei same urovekkjande utvikling som oss innan «choking», og undersøkingar der viser at kveling er den nest vanlegaste drapsmetode ved partnardrap. Det er no dobbelt så høg risiko for å verta drepen ved kveling i Sverige, viss du under 25 år. I Noreg treng me meir kunnskap, meir førebygging, og me treng betre lovverk. Som Frida sjølv seier: «Loven vi har i dag, beskytter oss ikke.» Difor har me i Miljøpartiet Dei Grøne fremja eit laust forslag der me ber regjeringa sjå på endringar i valdtektsparagrafen, slik at ikkje-vilja seksualisert vald kan dømast som valdtekt, slik bl.a. England og Wales har innført. Med det tek eg opp Miljøpartiet Dei Grøne sitt forslag.

  • 4. jun 202511:21· Innlegg

    Aldri meir, sa me. No får me høyra igjen og igjen av Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet og finansminister Stoltenberg at oljefondet ikkje skal vera eit utanrikspolitisk verktøy. Men det er jo berre humbug. Det er openbert politiske val at over halvparten av fondet er investert i USA, men nesten ingenting i Afrika eller Latin-Amerika. Det er politiske val at me er tungt investerte i staten Israel og i selskap som bidreg til krigsbrotsverk og okkupasjon. Stoltenberg og Støre har alle verktøy dei treng for å trekkja Noreg ut av folkemordet i Palestina, men dei vel aktivt å la vera. Kvar einaste dag vel finansminister Stoltenberg å la vera å senda ein instruks om å trekkja oljefondet ut av Israel. Og kvar einaste dag døyr palestinske barn av svolt, av bomber. Ungane døyr fordi land som Noreg lèt Netanyahu sitt skrekkregime få fortsetja, fordi det internasjonale samfunnet ikkje set foten ned. Er det ingen grenser for kva Israel kan gjera før Noreg skal trekkja seg ut? Me kan presentera tal: titusenvis av døde barn, to millionar menneske som svelt, null liter reint vatn. Men hjelper det? Høyrer dei etter? Kva skal til for at Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet vil handla og gjera det rette? Eg deler legen Hanne Edøy Lossius sine ord: «Før alle sykehusene ble bombet Før Ambulansearbeiderne ble funnet bakbundet i massegraver med hull i panna Før alle barna ble brent i teltleire Før hundene spiste seg fete av lik Kom et løfte Disse dyrene skal få mer Og vi skal alle se på Vi skal se på til mørket er fullstendig Og vi? Vi ser på enda I 19 måneder I 600 døgn Har vi fått øynene brent Og om femti år skal våre barnebarn kjøre I hvite busser For at det aldri skal skje igjen»

  • 4. jun 202511:07· Replikk

    Det er ein god del misforståingar ute og går, og eg vil jo seia at statsministeren og finansministeren òg bidreg til den misforståinga og tåkelegginga. Her får me igjen høyra om eksempelvis Coca-Cola og Airbnb, mens Historikere for Palestina i Aftenposten nettopp har gjort den gjennomgangen som Etikkrådet burde ha gjort, om at f.eks. oljefondet har investeringar i 64 israelske selskap til ein verdi av 22 mrd. kr, der 30 av dei burde ha vore ekskludert. På grunn av denne misforståinga har Aftenposten funne på ein ny tittel til den artikkelen: «Etikkrådet må gi Oljefondet ny instruks». Men Etikkrådet kan vel strengt teke ikkje gje oljefondet nokon instruks. Det er det finansministeren som kan. Nicolai Tangen innrømte jo i høyringa, på spørsmål om me kan selja oss ut av Israel, at det kan me. Eg lurer på om finansministeren kan beskriva kven som kan gje instruks om å selja oljefondet ut av Israel, og korleis det kan gjerast.

  • 4. jun 202510:38· Innlegg

    Apokalyptisk! Umenneskeleg! Barn som ber om å få døy – dei orkar ikkje meir. Dette er beskrivingar frå norske legar i Gaza, der barn svelt i hel akkurat no. Me står her for å diskutera forvaltinga av det som ofte vert omtala som folkets formue eller generasjonsfondet. Det er ikkje berre ein formue; det er makt. Det er eit moralsk spegelbilde av kven me er som nasjon. Likar me det me ser i spegelen no? Er det nokon i denne salen som står inne for det norske sparepengar bidreg til i verda akkurat no? Miljøpartiet Dei Grøne fremjar i dag det me meiner er heilt nødvendige og akutte forslag. Me ber om at fondet vert trekt ut av selskap som bidreg til folkemord, folkerettsbrot, brot på menneskerettane og miljøøydeleggingar. Men kva møter me? Ei regjering og eit stortingsfleirtal som klamrar seg til status quo, som bortforklarar, snakkar varmt om ansvarleg forvalting, men som i praksis lèt fondet investera i selskap som bidreg til okkupasjonen på Vestbreidda, drap på tusenvis av barn i Gaza, og som undergrev klimamåla me som nasjon har forplikta oss til. Det er ikkje radikalt å krevja at fondet, våre felles midlar, ikkje skal bidra til å drepa barn og svelta ut eit heilt folk. Det er ikkje radikalt å krevja at fondet ikkje skal vera investert i eit land som konsekvent gjennom tiår bryt folkeretten på aller grovaste vis. Det er heller ikkje radikalt å krevja at fondet skal brukast til å dra verda i ei meir berekraftig og rettferdig retning. Det burde ha vore sjølvsagt. Det er moralsk grunnleggjande. Eg vil sitera det Raymond Johansen, tidlegare partisekretær i Arbeidarpartiet og byrådsleiar i Oslo, no generalsekretær i Norsk folkehjelp, har skrive på Facebook: «Det gjentas stadig at Oljefondet ikke skal brukes som et utenrikspolitisk virkemiddel. Men dette er et forsvar som ikke holder – for investeringer i selskaper som bidrar til folkerettsbrudd, kan aldri være politisk nøytrale. For i det øyeblikket fondet investerer milliarder i selskaper som er direkte involvert i Israels ulovlige okkupasjon og i det som av en rekke FN-organer og internasjonale eksperter beskrives som et folkemord, da har fondet allerede tatt et politisk standpunkt. Ikke å handle er også et valg. Når Norges sparepenger flyter inn i selskaper som bidrar til alvorlige brudd på folkeretten, sender vi et klart signal: Vi aksepterer overgrep – så lenge det lønner seg. Det er ikke nøytralt. Det er ikke apolitisk. Det er en aktiv medvirkning til et system som bryter med alt Norge hevder å stå for internasjonalt. Det er på høy tid med opprydning. Historien vil ikke være nådig mot dem som valgte å se bort – som prioriterte finansielle rammeverk fremfor rettferdighet, folkerett og menneskeliv.» Massedrapa me no ser i dag, er ein forsmak på den krig og konflikt og menneskelege lidingar som vil utspela seg på alle kontinent om me ikkje lukkast i å avgrensa klimakrisa. Akkurat no kollapsar isbrear, folk døyr i kvelande heite, medan varmerekordar vert knuste over heile kloden. Sveitsiske landsbyar og norske bygder vert vaska bort av flaum og skred, og Amazonas brenn. Samtidig vert den norske befolkninga si felles formue investert i selskap som øydelegg natur og regnskog, aukar samfunnets fossile avhengnad og undergrev Parisavtalen. Ein ny studie publisert i anerkjende Nature viser at utslepp frå 111 av verdas største fossile selskap, som Equinor, allereie har påført verda klimaskadar tilsvarande 290 000 mrd. kr frå 1991 til 2020. Kor store skal skadane verta før me snur? Kor mange skal døy? Og kva er poenget med å spara til framtidige generasjonar når ein samtidig investerer i øydelegginga i dei same generasjonane sitt livsgrunnlag? Miljøpartiet Dei Grøne vil ha full stans i SPU sine investeringar i kol og fossil energi, og me vil at fondet vert ein motor for grøn omstilling, ikkje ein bremsekloss som i dag. Me har òg føreslått at Etikkrådet må styrkjast. I dag er det openbert for svakt, for lukka og for treigt. Miljøpartiet Dei Grøne vil ha eit fond som er i tråd med våre verdiar, som investerer i framtida, ikkje fortidas feil, som set menneske og miljø framføre kortsiktig profitt. Me veit at me utgjer eit mindretal i dag, men me veit òg at me har historia på vår side – for framtida vil ikkje døma oss etter kor mykje pengar me tente, men etter korleis me brukte vår makt. Med det vil eg ta opp Miljøpartiet Dei Grøne sine forslag.

  • 2. jun 202517:53· Replikk

    Eg lurar på det oppslaget i dag, der Bernt Hagtvet sidestiller det angrepet Trump no driv med på amerikanske universitet og kunnskapsmiljø, med Goebbels og Tyskland på 1930-talet. Det har allereie f.eks. vorte forbode å bruka ordet klimaendringar, og no ser me altså dette angrepet på universitet og infrastruktur. Det er ikkje slik at Noreg kan vega opp for det at USA no ser ut til å gå i ei veldig autoritær og kunnskapsfiendtleg retning og sabotera internasjonale klimamål, men eg lurar på kva statsråden tenkjer om denne utviklinga, der forskings- og kunnskapsmiljø i USA rett og slett vert demonterte, særleg på det kritisk viktige feltet klima- og naturpolitikk, og kva slags tiltak ein kan gjera f.eks. i Europa, som Noreg kan bidra til, for å bøta på dette.

  • 2. jun 202517:52· Replikk

    Statsråden seier at sidan ein per no ikkje er kjend med at det er teke ei avgjerd om å redusera drifta av observatoriet, ser ikkje regjeringa at det er «grunnlag for å ta et særskilt initiativ til å sørge for videre finansiering». Statsråden skriv vidare i svaret sitt: «Både Kunnskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Utenriksdepartementet følger utviklingen tett og vil løpende vurdere behovet for eventuelle tiltak.» Eg lurar på kva regjeringa vil føreta seg dersom det vert stadfesta at leigekontrakten ikkje vert vidareført, og heile kontoret må stengja.

  • 2. jun 202517:44· Innlegg

    Mauna Loa var eit historisk startpunkt for moderne klimaforsking og for FNs klimapanel. Det er verdas eldste målestasjon for kontinuerleg CO2-overvaking og er ein avgjerande referanse for målestasjonar over heile verda. Felles referansar og kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for å lukkast i arbeidet med å stoppa klimaendringane. Å oppretthalda denne måleserien er dermed essensielt for å forstå klimaendringar og for å utvikla effektive tiltak, men dette er no under angrep. I 2025 har Trump-administrasjonen føreslått å avslutta leigekontrakten for NOAA, National Oceanic and Atmospheric Administration-kontoret på Hilo, som støttar Mauna Loa-observatoriet. Leigekontrakten går ut 31. august, og avgjerda om fornying er framleis usikker. Éin ting er sikkert: Vert Hilo-kontoret stengt, kan dette forstyrra innsamlinga og analysen av desse kritisk viktige dataa. Å sikra framtida til Mauna Loa-observatoriet er ikkje berre eit spørsmål om vitskapleg interesse, men òg om å ta globalt ansvar. I ei tid då klimaendringane er ein av dei største truslane mot demokrati, mot sikkerheit, mot framtida til barna, er det avgjerande at me opprettheld og styrkjer dei verktøya som gjev oss nødvendig kunnskap til å handla. I ein situasjon der USA trekkjer seg tilbake og ønskjer å ta mindre ansvar for internasjonale fellesgode som klimaforsking, må andre land visa meir ansvar. Som vanleg i klimasaka vel regjeringa å sitja på gjerdet og venta. Statsråden sitt svar til komiteen er at sidan det er uvisst kva som skjer når leigekontrakten går ut, ser ikkje regjeringa at det er noko «grunnlag for å ta et særskilt initiativ til å sørge for videre finansiering». La meg minna om at dette ikkje er første gongen måleserien på Mauna Loa er trua. I 2022 vart observatoriet midlertidig stengt på grunn av lavautbrot. Då sikra NOAA i samarbeid med University of Hawaii at det vart oppretta eit midlertidig målesystem, og sørgde for å gjenoppretta delvis drift ved hjelp av solenergi og batterilagring. Dette tiltaket sikra at omtrent ein tredjedel av dei viktigaste målingane vart oppretthaldne. Det var avgjerande den gongen, men situasjonen no er betrakteleg meir kritisk. No trengst det endå større mobilisering for å sikra vidare drift av måleseriane. Som eit rikt fossilproduserande land og bidragsytar til store utslepp av klimagassar meiner Miljøpartiet Dei Grøne at Noreg bør ta på seg eit særleg ansvar for å bidra til at desse målingane kan fortsetja. Ikkje berre har me eit historisk og moralsk ansvar, men me har faktisk òg råd til det. Leigekontrakten på Hilo-kontoret er anslått til ca. 1,5 mill. kr årleg. Til samanlikning har regjeringa utbetalt omtrent 57,5 mrd. kr dei tre siste åra berre i straumstøtte til dei norske hushaldningane. Mens klimakrisa fortset å eskalera i styrke, vert kunnskap, rasjonell debatt og uavhengig forsking trua av følelsesstyrt nasjonalisme. Miljøpartiet Dei Grøne meiner at Noreg bør stå opp for Mauna Loa ved å bruka nokre kroner på det. Med det tek eg opp forslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne.

  • 21. mai 202511:40· Replikk

    Eg takkar for svaret. Det burde vera enkelt og billig å reise miljøvenleg. I staden vert det stadig vanskelegare, og no òg dyrare. Når tala for Oslo er så gode – det er kjempebra at rekordmange reiser grønt – er jo det resultatet av ein målretta politikk og knallharde prioriteringar med MDG i byråd i åtte år: tusenvis av nye bussavgangar, nye og betre trikkar og milevis med ny sykkelveg. Men statsråden svarar ikkje på spørsmålet mitt. Når det no vert kutta i buss- og båtruter over heile landet, er statsråden einig i at dette er ei krise i kollektivtrafikken? Og sidan fylket allereie har prioritert milliardar av kroner til kollektiv, meiner statsråden at fylka no skal kutta meir i vidaregåande skule, vedlikehald av fylkesvegar, tannhelse osv. for å finna desse pengane? Kor mange bussruter må leggjast ned før samferdselsministeren faktisk vil gjera noko proaktivt, og ikkje berre følgja situasjonen og vera bekymra?

  • 21. mai 202511:38· Replikk

    Det er ekstremt viktig for natur, for klima og for kvardagen til folk at me klarer å byggja opp kollektivtransporten i Noreg. Det betyr å prioritera kollektiv opp og andre ting ned. Me ønskjer oss ein transportpolitikk der me kjem vekk frå bilavhengigheit, kø og nedbygging av natur, som gjer både byar og bygder kjipare og skulevegane farlegare, men det me snakkar om no, er altså innsats for å unngå kutt i kollektivtilbodet. Situasjonen er spesielt alvorleg i byregionane, som statsråden tek opp. Der vert me fleire folk, så me må prioritera enda hardare. I Oslo-regionen gjer regjeringa heller litt av alt. Ein vil f.eks. bruka over 60 mrd. kr på ny E18, som vil føra til auka biltrafikk i Drammen, Asker, Bærum og Oslo. Samtidig er altså bussar og tog så overfylte og forseinka at kollektivreiser vert mindre attraktivt. Er statsråden einig i at dette er krise, og at dette er ein uhaldbar situasjon? Og kva har skjedd med ambisjonane om at kollektivtransporten skal ta ein langt større marknadsandel?

  • 21. mai 202511:36· Innlegg

    «NRK rapporterte 14. mai 2025 om kollektivkrise i hele landet. Kraftig kostnadsvekst fører til kutt i ruter mange steder, stikk i strid med regjeringens mål om å løfte grønn transport. Hva vil statsråden si til innbyggerne i Rogaland, Vestfold, Telemark, Agder, Buskerud, Vestland, Trøndelag og andre steder som opplever eller risikerer store kutt i rutetilbudet?»

  • 21. mai 202511:00· Replikk

    Noreg er ein perfekt stad å driva kapitalforvaltning frå, sa oljefondssjef Tangen på høyringa i Stortingets finanskomité 13. mai, for me er etiske, sa Tangen, me er skikkelege folk. Gjennom oljefondet han leiar, og finansministeren er ansvarleg for, er Noreg i dag Europas aller største investor i den ulovlege okkupasjonen av Palestina, og folkemordet som har gått føre seg i over eit år. Som Tangen sjølv sa på høyringa, kan me selja oss ut av Israel. Ja, det kan me. Han poengterte til og med at det ville vera ganske lett å gjera det. Miljøpartiet Dei Grønes krav om deinvestering og sanksjonar mot Israel har no vorte eit folkekrav i Noreg. Det kan ikkje lenger vera sånn at me skyver andre land framfor oss. Finansministeren kan instruera NBIM om å trekkja seg ut, han kan føreslå nye, strengare retningsliner, osv. Mitt spørsmål er: Er det noka grense for kva Israel kan gjera av krigsbrotsverk før regjeringa vil deinvestera frå Israel?

  • 15. mai 202513:23· Innlegg

    Miljøpartiet Dei Grøne er per i dag det einaste partiet på Stortinget som ikkje har teke imot milliongåver frå verken fagforeiningar eller rike investorar. Det er eg stolt av. Me er det partiet som talar på vegner av dei som ikkje har tjukke lommebøker. Me talar på vegner av dei unge og gamle som kjempar for å bevara naturen som me alle treng. Me talar for fisken i fjorden og fuglane i trea – dei få fuglane som enno er att. Me talar for alle dei grøne gründerane som slit med å koma i gang fordi systemet i Noreg er rigga til fordel for gamle, naturfiendtlege næringar, og fordi dei store subsidiane i Noreg framleis går til oljeselskapa og fossile næringar. Ikkje minst kjempar Miljøpartiet Dei Grøne for ungane, som går ei alvorleg klimakrise i møte, for dei som enno ikkje er fødde, for barna i Palestina og Sudan og Kongo. Ein må gjerne kalla meg idealist, men eg er i alle fall ikkje kjøpt og betalt. Det finst ikkje noko sånt som ein gratis lunsj. Sånn er det dessverre òg i partipolitikken. Det går ikkje an å tru at dei som donerer millionbeløp til politiske parti, ikkje forventar noko tilbake. Politikk kan ikkje vera fri når han er kjøpt og betalt. Verst er det openbert når det skjer med mørke pengar, altså pengar gjevne anonymt utan openheit om gjevaren. Dette er bl.a. tilfellet med Aksjon for borgerlig valgseier, som formidlar anonyme, store pengegåver til Framstegspartiet. Akkurat no driv Russland og andre utanlandske aktørar og trappar opp innsatsen for å påverka val i Europa. Me har sett alvorlege tilfelle det siste året. Elon Musks støtte til nazistane i AFD er ikkje eit enkeltståande tilfelle. Når Trump godtek eit flygande palass verdt 4 mrd. kr frå emiratet Qatar, er dette toppen av eit isfjell. Ytre høgre og antidemokratiske krefter over heile verda driv no og styrkjer kvarandre, styrkjer verdas aller rikaste oligarkar og vice versa. Det hastar med ny lovgjeving viss me skal unngå at òg norske val vert avgjorde av pengemakt og skjulte interesser. Ungane, naturen og dei som har minst å rutta med, har ingen pengar å putta i nokon sin valkamp. Vert det då meir freistande å prioritera interessene til andre i politikken? Svaret gjev seg sjølv. Difor er det positivt at regjeringa no føreslår innstrammingar i anonyme midlar. Forslaget frå Høgre om å tetta eit smotthol er bra, men desse forslaga er ikkje nok. Det er òg nødvendig å setja ei grense for kor mykje kvar enkelt kan gje. Helst bør dette kunna sporast tilbake til fysiske personar, sånn at regelen ikkje vert for enkel å omgå. På denne måten kan me både sikra oss mot utanlandsk påverking og kjøp av politisk innflytelse med mørke pengar. Med det vil eg ta opp forslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne i saka.

  • 15. mai 202512:54· Innlegg

    Eg ser fram til dei to neste åra i Oslo bystyre, der me skal kjempa mot Høgre sine usosiale kutt i kommuneøkonomien. Når det er trong kommuneøkonomi, er det eit politisk val – som for meg er heilt uforståeleg – at Høgre i Oslo vel å gje skattelette i hundremillionarklassen til dei aller rikaste i Oslo. I størst grad går det til bydelane i Oslo vest, der folk eig villaer til 10, 20, 30 og 40 mill. kr. Dei får millionar i skattelette med dette byrådet, mens alle bydelane må kutta i velferda – i opningstidene til barnehagen, i fritidstilboda til dei unge, i tilskot til frivilligheita. Det er ei politisk prioritering å kutta i skattane til dei aller rikaste, og det er politiske prioriteringar som me i Miljøpartiet Dei Grøne vil fortsetja å kjempa mot, både i Oslo-politikken og her på Stortinget.

  • 15. mai 202512:48· Innlegg

    Eg er lokalpolitikar frå Oslo, og eg sat i bystyret i haust og veit godt kva som skjedde i budsjettprosessen då. Eg vil kommentera eit par ting. For det første er det sånn at viss Miljøpartiet Dei Grøne hadde fått styre den økonomiske politikken i Noreg, hadde Noreg vore godt i gang med den omstillinga me treng for å slutta å vera eit fossilavhengig land, som ligg etter med nyskaping, innovasjon og ein framtidsretta økonomi med arbeidsplassar som me kan leve av i tiår etter tiår. Når det gjeld årets val, trur eg det er veldig viktig å merka seg kva parti som faktisk ønskjer å omfordela i samfunnet og styrkja kommuneøkonomien. Miljøpartiet Dei Grøne går bl.a. til val på å dobla barnetrygda og skattleggja ho, for det er eit av dei mest treffsikre økonomiske grepa me kan ta for å halvera barnefattigdomen i Noreg og løfta dei familiane som treng det aller mest. Då er ikkje det å gje skattelette til dei aller rikaste – som Høgre og Framstegspartiet går inn for, og som vert gjennomført i Oslo med lettar i eigedomsskatten – oppskrifta på eit meir solidarisk samfunn. Det er oppskrifta på større forskjellar og mindre tillit mellom folk og kommunar som må kutta der ein har lov til å kutta, som f.eks. er i tilbod til barn og unge. Så håpar eg at årets val og årets budsjett vil gjera det sånn at me slepp å leggja ned fritidsklubbar, særleg i sårbare område som Oslo aust – men òg i veldig mange andre storbyar er dette eit akutt problem.

  • 15. mai 202512:40· Replikk

    Takk for svaret. Eg er sjølvsagt for å styrkja kommuneøkonomien. Det går Miljøpartiet Dei Grøne til val på. Men det er òg svakheiter med lokaldemokratiet. Me ser f.eks. at norsk natur vert bygd ned i rekordfart fordi norske kommunepolitikarar er i eit «race to the bottom» om å byggja ned norsk natur. Når det gjeld tilbod til ungdom, som me snakkar om i dag, ser me at kommunar har val, men f.eks. i Oslo vel lokalpolitikarane å setja ned skattane for dei rikaste og ta frå dei fattigaste barna. Eg meiner då at det er eit nasjonalt ansvar, som me har føreslått i denne saka, å sikra at ikkje berre eldre har eit tilbod, at ikkje berre småbarn har eit tilbod, men at òg ungdom er sikra, gjennom lovpålegg, at dei ikkje vert salderte og kutta. Så eg spør igjen: Kva vil ein konkret gjera i år for at ikkje fritidsklubbar på Oslo aust får kutt når kommunen skal vedta budsjettet sitt til hausten?

  • 15. mai 202512:38· Replikk

    I Sogndal legg dei no ut det tradisjonsrike ungdomshuset for sal. Det kan henda at det er like greitt at Solhov vert seld, det kan henda at det er andre tilbod i den kommunen som treffer ungdomen betre i dag, men eg lurar på storbyane våre. Der ser me ein eksplosiv auke i utanforskap, i fattigdom og i forskjellar, og me har òg eit aukande problem med kriminalitet. Eg lurar på: Kva konkret vil regjeringa gjera? Me kan forventa at etter alt sannsyn kjem Høgre og Framstegspartiet til å villa kutta endå meir i kommunebudsjetta til hausten og føreslå å leggja ned endå fleire fritidsklubbar. Våre lokalpolitikarar i Oslo aust vil sitja med kniven på strupen. Kva skal dei gjera? Kva vil regjeringa heilt konkret gjera for å sørgja for at ingen fritidsklubbar i Oslo aust eller andre utsette storbyområde blir lagde ned i år?

  • 15. mai 202512:27· Innlegg

    I Noreg vart dei fyrste fritidsklubbane etablerte på 1950-talet, for å førebyggja ungdomskriminalitet og styrkja ungdomskulturen. I dag er dei kommunale fritidsklubbane mykje forskjellig. Dei er bordtennisbord og fotballbane, dei er slitne musikkrom eller gamingrom med topp nytt utstyr, men dei er fyrst og fremst ein plass for å eta, for å gjera lekser og for berre å vera saman. Felles for fritidsklubbar er at dei er éin av få plassar norske ungdom har for å vera saman utan forpliktingar, utan betaling, og det trengst. Dei siste ti åra har over 100 fritidsklubbar forsvunne i Noreg. Éin av fem kommunar manglar eit sånt tilbod, og no står altså nesten halvparten av landets fritidsklubbar i fare for kutt eller nedlegging. No må noko gjerast. Fattigdom, ulikskap og utanforskap er eit stort og aukande samfunnsproblem i Noreg. Dei aukande levekårsforskjellane i byar som Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Sandnes, Drammen og Fredrikstad er urovekkjande. I Oslo har me lenge hatt problem med ein delt by, og i nokre utsette bydelar er det vanleg at barn og unge er så trongbudde at dei kallar seg utebarn. Dei får ikkje lov til å koma heim før småsøskena har lagt seg. Når kommunar som Oslo vert styrte av Høgre og Framstegspartiet, som gjev skattelette til dei rikaste og kuttar i budsjetta for fellesskapet, ser me fort resultatet: nedlagde skular, nedlagde fritidsklubbar, større forskjellar mellom folk, mindre tillit, meir kriminalitet. Gata kan ikkje vera det einaste alternativet for ungdomane våre. Det er å be om trøbbel. Ein fersk studie frå Storbritannia konkluderte med at kriminaliteten blant ungdom i London auka med 14 pst. etter at klubbnedleggingar vart gjennomførte mellom 2010 og 2019. I bydel Søndre Nordstrand, der det finst særleg levekårsutsette område, møtte tusenvis av innbyggjarar opp i vinter for å protestera mot politikken til byrådet. Det er fordi folk på Holmlia veit kva som er resultatet av slik usosial politikk. Det veit òg alle dei aktørane som faktisk jobbar med barn og unge i Noreg, og som tek denne gruppa på alvor. Eg vil takka alle dei som kom med høyringsinnspel til forslaget vårt: Norges Handikapforbunds Ungdom, Press – Redd Barna Ungdom, Redd Barna, Skuleleiarforbundet, Ungdom og Fritid og UNICEF Norge. Den store støtta til dette forslaget viser at det trengst ei skikkeleg satsing for å skaffa alle ungdomar i landet vårt ei trygg og inkluderande fritid. Mannsutvalet har anbefalt det, og me i Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det er eit akutt behov for å sikra norske ungdomar ein trygg plass å vera. Det er synd at stortingsfleirtalet ikkje støttar oss i dag. Dei partia som snakkar fint, men handlar lite i dag, får ein ny sjanse til å styrkja kommuneøkonomien i revidert nasjonalbudsjett, og eg forventar at dei følgjer opp der.

  • 13. mai 202511:38· Innlegg

    No på laurdag sat litle Ahmed, ein blid og vilter baby på ni månader, og leikte med katten sin eit par timars flytur herifrå. I dag er ikkje Ahmed og katten hans meir. Endå ei bombe kom i natta, endå eit israelsk luftangrep, endå fleire palestinske liv er øydelagde. Om ein i Europa i dag protesterer mot denne nedslaktinga, risikerer ein arrestasjon. Om ein i land som Tyskland og Storbritannia i dag protesterer mot folkemord, risikerer ein å møta politi, vald og fordøming. No på laurdag gjekk tusenvis av menneske i tog i gatene i Oslo, men norske riksmedia skreiv ikkje om det. Barn, kvinner og menn fylte opp heile Karl Johan i protest mot det pågåande folkemordet i Palestina, med norske pengar, med amerikansk militær støtte og med politisk støtte frå Europa. Folkemordet får stadig mindre merksemd i media og i politikken. Tusenvis på tusenvis av vanlege norske folk ropte: La barna eta, la barna leva. Men regjeringa er tydeleg på at dei planlegg for at Noreg skal fortsetja å vera den største europeiske enkeltinvestoren i den ulovlege okkupasjonen i Palestina og den etniske reinsinga av Gaza og Vestbreidda som no går føre seg. Utanriksministeren har rett i at me er i ei tid med store geopolitiske endringar. Utanriksministeren beskreiv utfordringane godt, og Miljøpartiet Dei Grøne er einig i mykje av det han sa. Utanriksministeren siterer Jean Monnet, ein av arkitektane bak det moderne Europa. Eg vil velja eit anna sitat av Monnet, nemleg: «There is no future for the people of Europe other than in union.» Monnets ord beskriv òg vår tid, og det er på tide at regjeringa verkeleg tek tak og seier det som må seiast. I denne skjebnetida på vårt kontinent seier Miljøpartiet Dei Grøne at det er mogleg å forhindra folkemord, og det er mogleg å ta ansvar for vår felles framtid og vårt forhold til EU. Det som mangla i utgreiinga, er nemleg konklusjonen: Noreg bør trekkja alle investeringar i folkemord og okkupasjon og ta eit tydeleg initiativ til ein internasjonal boikott av Israel, og Noreg bør innleia forhandlingar om medlemskap i EU. I ei tid der stormaktspolitikken dominerer, er det avgjerande at me i Noreg står saman med våre nærmaste allierte. EU har klart å samla seg i møte med kriser. Russland har gode grunnar til å bruka fordekte metodar for å fremja motstand og mistru mot EU og mellom europeiske land. Utan EU ville Russlands ulovlege angrepskrig mot Ukraina ha møtt mindre motstand. Det er i norsk interesse å delta fullt ut i alle delar av EUs sikkerheitssamarbeid og forsvarspolitiske samarbeid. Klimakrisa og tap av naturmangfald er den viktigaste langsiktige utfordringa i vår generasjon. Der har EU vist leiarskap med sin grøne gjev, som set klare mål for reduksjon av klimagassutslepp og bevaring av natur. Noreg har mykje å læra her. For kvar dag Noreg heng etter, jo meir norsk natur forsvinn, jo meir energi sløser me på gamaldagse løysingar, og jo meir vert framtida til nordmenn skadelidande. Norsk økonomi er tett samanvoven med EU, og vår største handelspartnar er ikkje USA, det er Storbritannia, Tyskland og EU. Noreg sit på gangen når reglane som avgjer økonomien i Europa i framtida, vert diskuterte. Noreg må sitja ved bordet framover når avgjerder som avgjer vår framtid, skal takast, for å sikra våre interesser og for å ta ansvar. Det er langt frå alle utviklingar i Europa som går i riktig retning. Det høgreekstreme og rasistiske partiet AFD er no størst på målingane i Tyskland, og i land etter land ser me at framande og pengesterke interesser påverkar val. Anten dei heiter Putin eller Musk eller er meir ansiktslause grupperingar, er denne ekstremismen og destabiliseringa ekstremt farleg òg for oss. No vert ytre høgre i Europa samla i støtte for Israel, mens Netanyahus regime sveltar tusen på tusen til døde og er i gang med den endelege og fullstendige etniske reinsinga på Gaza og Vestbreidda. Noreg må bidra til ei samling for humanitære verdiar, for fellesskap og for rettferd. Det er store utfordringar me står overfor, og det krev at våre politikarar viser mot, prioriterer hardt og prioriterer riktig. Det er på tide at me i Noreg tek det neste steget i vårt forhold til Europa. Det er mogleg å koma seg av benken og inn på bana. Noreg må verta med i EU for å sikra vår sikkerheit, beskytta klima og natur og styrkja vår økonomi. Det er mogleg, og det er det som er det ansvarlege.

  • 24. apr 202510:44· Innlegg

    I dag vakna me nok ein gong opp til grufulle nyheiter frå Ukraina. Minst ni personar er drepne og over 70 er skadde etter massive angrep frå Putins Russland. Bustadblokker står i flammar, barn har vorte lemlesta. Når eit demokrati kjempar for å overleva, er det ikkje berre noko som handlar om utanrikspolitikk; det er òg ein verdikamp me alle er ein del av. Vår støtte er ikkje berre økonomisk; ho er òg moralsk, ideologisk og historisk forankra. Miljøpartiet Dei Grøne støttar denne auken av støtta, men me må òg tenkja lenger. Når Trump no står saman med Putin og forsøkjer å tvinga Ukraina i kne, som me har sett dei siste dagane, er det skakande og ekstremt farleg. Kva slags Europa vil me vakna opp til om 10, 20 eller 50 år? Det me gjer no, formar framtida ikkje berre for Ukraina, men òg for heile Europa og oss sjølve. Difor skulle Miljøpartiet Dei Grøne gjerne ha sett at støtta var endå høgare. Samtidig vil eg understreka kor viktig og verdifullt det er at alle partia på Stortinget no står samla om denne innsatsen. Det sender eit sterkt signal til både Ukraina, Putin og vår eigne borgarar om at når demokratiet er truga, stiller me opp saman. Noreg er i ein ekstremt privilegert situasjon, noko som set oss i stand til å hjelpa Ukraina så det monnar. Me kan ikkje ta det for gjeve at det alltid vil vera slik. Viss demokratiet forvitrar, i Ukraina eller her heime, hjelper det lite kor store fond me eig. Fridom, tryggleik og menneskerettar er verdiar som ikkje kan målast i kroner og øre, men dei må forsvarast, elles vert dei borte. Korleis kan me best utløysa både private og offentlege investeringar i Ukraina? Dei treng investeringar både i rein energi og til sikring av vassforsyninga i landbrukssektoren. Det er brei einigheit i næringslivet, Verdsbanken og blant ekspertar på bistand om at garantiar er eit av dei mest effektive verktøya for å utløysa store investeringar i land og prosjekt som vert oppfatta som risikable. Det er mogleg for Noreg å gjera meir her og å handla smartare. Noreg har allereie ei statsgarantiordning – la oss tilpassa ho til behova til Ukraina og utvida ordninga. Me har næringslivsordningar, men la oss tilpassa og utvida dei. Det er behova til Ukraina som må vera det styrande. Norsk næringsliv må oppmuntrast og hjelpast til å delta, men ordningane må innrettast etter behova til Ukraina, ikkje etter behova til norske bedrifter aleine. Denne saka handlar i botn og grunn om det same som miljøsaka: å ta ansvar for framtida og å gjera det rette òg når det kostar. Me støttar Ukraina av same grunn som me kjempar for natur og klima – fordi me trur på rettferd, på solidaritet, på å beskytta menneskeliv, og på at eit betre samfunn er mogleg viss me vel det og handlar deretter. Det handlar om kva slags verd me etterlet til dei som kjem etter oss. Med det vil eg ta opp forslaga til Miljøpartiet Dei Grøne i sak nr. 3.

  • 1. apr 202517:57· Innlegg

    Akkurat no i Australia er det eit område på størrelse med Frankrike som er under vatn. Det er ein flaum av heilt ufattelege proporsjonar. Me lever i ei tid med mange store og små utfordringar, men den største av desse er utan tvil klima- og naturkrisa. Det er inga nyheit – de veit det alle saman, og de har visst det lenge – denne eksistensielle trusselen mot heile vår framtid. Likevel snakkar fleirtalet her inne om budsjettbalanse og finansielle prognosar som om desse tala aleine avgjer framtida vår. I verdas rikaste land vil ein ha auka forbruk, men kva hjelper solide rekneskap viss planeten brenn? Målet om økonomisk vekst er jo galskap når veksten byggjer på ein modell som øydelegg livsgrunnlaget for den komande generasjonen. Perspektivmeldinga manglar perspektiv. Det illustrerer jo godt at det Noreg ikkje treng, er ein gamal statsminister som finansminister. Det trengst desperat ny tenking, ein ny måte å styra samfunnet på, der me set natur og menneske først. Det er ikkje mogleg å sikra norsk velferd fram mot 2060 utan at me klarar å redusera dei menneskeskapte klima- og naturendringane. Jo lenger me ventar, jo meir krevjande og kostbar vert omstillinga, og jo meir øydelegging av norsk natur, byar og bygder vil me sjå. Klimakampen er ein kamp for livet og for sosial rettferd. Det er dei fattigaste i verda som vert ramma hardast av miljøøydeleggingar og klimaendringar. Tusenvis døyr allereie. Flaumar, brannar og tørke truar no livsgrunnlaget for hundrevis av millionar av folk. I Noreg er mange foreløpig heldige, men òg her mistar ein del hus og heim i ekstremvêr, og me ser at høge straumprisar og dyrare mat treffer dei som allereie slit. Dette kan me ikkje akseptera på sikt. FNs generalsekretær har beskrive det som at ein har opna portane til helvete. Men òg når det er mørke skyer på himmelen, finst det håp. Som land har me eit val: Skal me fortsetja på den motorvegen der me gjev full gass fram mot stormen? Skal me – endå verre – gje ytre høgre ei hand på rattet og styra oss mot verre klimakriser, splitting, hat, krig og død? Eller skal me, mens me enno har tid, ta avkøyringa til den hyggjelege landevegen som har fornuftige trafikkreglar, låg fartsgrense og sykkelfelt, til eit samfunn der alle kan leva eit godt liv, men med litt lågare tempo og litt mindre forbruk, og i staden ha meir tid til kvarandre og ta vare på både menneske og miljø? Det er mogleg, men då må me først anerkjenna kvar me er på veg, og ta dei store grepa som trengst. Det har gått mange år sidan Arbeidarparti-nestor Torbjørn Berntsen så treffande sa: «Jeg har for lengst mistet trua på det derre ‘økonomisk-vekst-samfunnet’. Vi har drekki og eti nok! Kloden har ikke ressurser nok til at alle skal få det som oss!» Dessverre er sitatet frå Berntsen stadig meir aktuelt. Aldri har me forbrukt så mykje som no. Regjeringa har ikkje eingong oversikt over kor mykje Noreg brukar av ressursane me har fått av naturen. Norsk økonomi burde styrast etter planeten sine tolegrenser, ikkje etter ei snever målstyring som BNP-vekst aleine. Noreg anno 2025 er ei klimasinke som grev seg stadig lenger ned i fossilgrava. Omstilling vil krevja politisk vilje. Det krev investeringar, det krev ein stat som legg til rette for rettferdig omstilling, men det er mogleg – og det hastar. Då må norske politikarar begynna å tenkja annleis om kva som betyr noko. Me må anerkjenna at fritid, venskap, familie og natur er meir verdifullt enn stadig fleire dingsar. Det er ikkje rart at fleire er einsame, at fleire slit psykisk. Ungdomen sit og «doom-scrollar» på smarttelefonen og lagar barnearbeid mens dei kjenner på framtidsfrykt og meiningsløyse. Det må ikkje vera sånn, men dette er resultatet når evig materiell vekst skal vera utgangspunktet for all politikk. Klimakrisa er skapt av dei rikaste på kloden, og den økonomiske ulikskapen aukar òg her i Noreg. Det er på tide at forureinar betalar, at milliardærane vert skattlagde, og at multinasjonale selskap betaler skatt på inntekt og verdiar skapte i Noreg. Me må jobba for ein global formuesskatt og hindra skatteflukta over landegrensene. Det er heilt nødvendig å ta grep før det skjer ei større forskyving av makt til selskap og dei rikaste i samfunnet, slik me ser konsekvensane av i USA no. Den kollektive velferda og demokratiske institusjonar er under angrep, og det er folk og natur som ber kostnaden.

  • 1. apr 202515:34· Innlegg

    Netthandelplattforma Temu er alt verda ikkje treng: ting produserte med ekstremt høg risiko for tvangsarbeid, som vert laga med miljøskadelege metodar og råvarer, og som inneheld kjemikaliar som er så helsefarlege at dei har vore forbodne i Noreg i fleire tiår. Temu er òg under etterforsking for å bryte marknadsføringsreglane i EU. Temu har ting med elendig kvalitet, som går i stykke og vert kasta bort. Dette er bruk- og kastsamfunnet og bruk- og kastøkonomien på speed. Temu har aldri selt meir enn dei gjorde i fjor, og òg her i Noreg går tala opp, opp og opp. Nesten sju av ti nordmenn som handlar på Temu, meiner at det fører til unødvendig overforbruk. Fire av ti norske Temu-kundar får dårleg samvit av å handla på Temu. Likevel er det så rimeleg at kundane ikkje klarer å stoppa. Appen er nemleg designa for å få dei til å kjøpa for mykje. I tillegg spionerer appen på dei som brukar han. Stortinget har eit ansvar for å sikra helse og sikkerheit for norske innbyggjarar og å sikra rammevilkår som gjer at både forbrukarar og næringsliv kan fungera i eit samspel. Temu bryt med alt dette. Temu har to konkurransefortrinn: Dei gjev f i alle reglar, og dei får tollfritak på tekstilar. I ein fei har Temu teke 15 pst. av den norske netthandelmarknaden og veks så det luktar svidd. Det går ut over norske nettbutikkar, som i all hovudsak følgjer reglane for marknadsføring, kjemikaliebruk, forbrukarsikkerheit og miljø. Det er mange foreldre som no har stramme budsjett, og som ønskjer å gje ungane sine leiker utan å måtta tømma lommeboka, men det kan ikkje vera sånn at ein fordi ein har dårleg råd, må ta til takke med produkt som er farlege, som er giftige, og som er produserte av slavearbeid. Folk skal vera trygge på at det dei kjøper, er trygt, og at det finst nokre reglar for korleis arbeidsfolk skal ha det. Det er ikkje vanleg praksis å forby selskap i Noreg, men Temu er ein katastrofe for norsk næringsliv, for miljøet og for forbrukarsikkerheita. Eg trur dei fleste partia i denne salen ser det. Miljøministeren har vore ute og snakka om eit forbod. Høgre tok opp Temu i ein svært kritisk interpellasjon før jul. SV, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Raudt støttar fleire av forslaga til Miljøpartiet Dei Grøne. Det er vanskeleg å stoppa Temu, men me bør gjera det likevel. Politisk handlingslamming hjelper verken forbrukarar, næringsliv eller miljø. Formuleringane i innstillinga om at det er viktig med ei heilskapleg tilnærming, og at fleire deler bekymringa forslagsstillarane har om at mange Temu-produkt inneheld ulovlege og farlege miljøgifter, hjelper lite så lenge fleirtalet stemmer imot regulering. Å akseptera at Temu får fortsetja som før, er å overlata ansvaret til forbrukarane. Det er uhaldbart, og det strir mot alminneleg rettsoppfatning at eit selskap får lov til å selja produkt i Noreg som eit europeisk selskap aldri ville kunne selt. Med det tek eg opp Miljøpartiet Dei Grøne sitt forslag.

  • 26. mar 202511:08· Replikk

    Dei store truslane mot norske interesser er jo ikkje EØS, men heilt andre krefter og stormakter. Det er avgjerande viktig at Europa no byggjer opp eigen forsvarsevne samtidig som me forsterkar vårt politiske samarbeid og handlar saman for klimaet. Der er EU den naturlege arenaen. Miljøpartiet Dei Grøne føreslo i Stortinget i fjor at regjeringa skulle starta forhandlingar om EU-medlemskap. Det fekk ikkje støtte frå nokon andre parti den gongen, men me ser at ja-talet i folket aukar i takt med det internasjonale alvoret. Klima-, natur- og sikkerheitssituasjonen er dramatisk forverra sidan 1994. Det er lite som talar for at hovudmålet til nei-sida den gongen om å byggja eit grønare og annleis Noreg er oppnådd. Noreg pumpar olje som aldri før, talet på gardsbruk i Noreg er halvert, EUs fiskeripolitikk har vorte likare den norske, og det ligg an til å vera meir plast enn fisk i havet om få tiår. Eg lurer på om statsministeren har tru på at Noreg kan få ein annleis og betre avtale med EU om me startar forhandlingar om medlemskap no, og kva som skal til for at han vil starta sånne forhandlingar.

  • 26. mar 202510:04· Innlegg

    På vegner av meg sjølv og representantane Une Bastholm og Irene Ojala vil eg setja fram eit representantforslag om å gjeninnføra heistilskot for å sikra at fleire eldre og personar med funksjonsnedsetjingar kan bu i eigen bustad lenger.

  • 19. mar 202510:01· Innlegg

    På vegner av Une Bastholm, Rasmus Hansson og meg sjølv vil eg setja fram eit forslag om rettferdig straumstøtte som stimulerer til straumsparing.

  • 17. mar 202516:26· Innlegg

    Fire år etter at den originale rusreforma vart stemd ned i denne salen, står me her no og diskuterer ruspolitikk som ligg fleire tiår bak den politikken som opphavleg blei lagd fram. Det er faktisk både flautt og trist, synest eg, å stå her i dag og diskutera forslag som ikkje faktisk gjev større verdigheit for rusavhengige, og som ikkje faktisk gjev hjelp og støtte til rusbrukarar som treng det. Stortinget hadde ei reell moglegheit til å gjera ei skikkeleg endring i 2021, men denne stortingsperioden har vorte kasta bort. Samtidig held rusavhengigheit fram med å vera eit enormt problem i samfunnet, og stadig nye og farlege stoff hamnar i omløp. Stadig nye barndomar vert øydelagde av rus, og stadig fleire med psykiske sjukdomar fell mellom to stolar og sjølvmedisinerer seg inn i farleg rusmisbruk og sjukdom. La det ikkje vera nokon tvil: Sjølv om regjeringa har valt å kopiera namnet rusreform, er ikkje dette på nokon måte ei reform. Straffelinja, stigmaet og utanforskapet som dagens politikk medfører, vert vidareført. Det er ingen nemneverdige lovmessige endringar, ingen betydelege midlar som vert lagde på bordet, og meldinga frå regjeringa ber meir preg av å vera ein utgreiingsbonanza med mål om å trenera reell handling, enn ei melding som tek situasjonen for norske rusavhengige og rusbrukarar på alvor. Ingen som slit med tung avhengigheit, gjer det for moro skuld. Ingen får det betre av å verta oversette, ingen vert motiverte til å ta tak i eigen situasjon av å stå i ein endelaus kø, og ingen vert friskare av å verta kriminaliserte. Det er berre hjelp som hjelper. Om me ser til andre land, ser me at det er fullt mogleg med ei anna utvikling. Tyskland har f.eks. forstått at det er meiningslaust å stå i stampe med ein avkriminaliseringsdebatt der det ikkje vert gjort noko for å regulera og fjerna den kriminelle marknaden. Difor har dei legalisert cannabis, noko stadig fleire land kjem til å gjera. Ruspolitikk handlar ikkje om oss og dei. Rus er eit samfunnsomfattande problem, og det er knapt nokon av oss som ikkje synest rusmiddel er vanskeleg å forhalda seg til. Det finst knapt ein nordmann som ikkje har rusavhengigheit tett på, gjennom nær familie, venekretsen eller seg sjølv. Alle folka våre som slit, fortener hjelp, uansett om dei bur på austkanten i Oslo, på beste vestkant eller i indre Sogn. Å ikkje få hjelp i tide øydelegg liv, det forkortar liv, det tek liv, og me har ingen fleire å mista. I dag vert det lagd ned behandlingstilbod i heile landet, og det er knapt mogleg å få hjelp for rusproblema sine når ein faktisk treng det. Om du som rusavhengig faktisk klarer å koma deg til fastlegen, innsjå at du treng hjelp, be om den hjelpa, kva skjer då? Du må venta i vekevis, månadsvis, i kø. Korleis i hulaste kan ein forventa at du som rusavhengig skal klara å vera like sterk og klar for å ta imot den hjelpa den tilfeldige dagen i framtida du skulle få eit tilbod? Alle skjønar at dette systemet ikkje funkar. Denne perioden har òg bore preg av enormt uføreseielege vilkår for mange tenestetilbydarar i russektoren. Regjeringa har behandla særleg den ideelle sektoren på ein slett måte, og viktige fagmiljø har vorte bygde ned fordi me har ei vinglete regjering utan tydelege visjonar. Det som likevel bekymrar meg mest med utviklinga i Noreg dei siste åra, er syna til dei andre partia. Høgre, som torde å gå inn for den nye ruspolitikken, har fjerna rusreform frå sitt nye programutkast. Dei siste fire åra har dei vore langt mindre tydelege enn dei var i regjering. Arbeidarpartiet tør ikkje ta nokon reelle val i frykt for å opprøra enkelte delar av partiet sitt. Senterpartiet og Framstegspartiet kjempar om å vera hardast i klypa og mest fordomsfulle, i håp om å henta inn nokre populiststemmer. Dei som må lida for dette kappløpet mot botnen, er nokre av dei aller mest sårbare folka i samfunnet. Eg kan varsla her og no om at me i Miljøpartiet Dei Grøne nektar å delta i eit sånt uverdig kappløp. Der andre vil nedprioritera dei svakaste i samfunnet til fordel for alt frå kulturkrig til skattekutt for dei rikaste, kjem me til å stå støtt på vitskapen, på menneskeverdet og på helsehjelp, noko alle menneske fortener i vanskelege situasjonar. Difor kjem me til å fortsetja kampen for ein kunnskapsbasert ruspolitikk i Noreg, uavhengig av kor mange parti som vel å gå i den heilt motsette retninga dei neste fire åra.

  • 17. mar 202513:16· Replikk

    Det vert lagt til grunn i denne og andre handelsavtalar at økonomisk vekst er eit udelt gode. Samtidig ser me at økonomisk vekst, i alle tilfelle som eg veit om, er følgt av vekst i forbruk. No er det slik at Noreg har ca. firedobbelt så høgt CO2- eller klimagassutslepp per innbyggjar som det India har. Eg lurer på om det er mogleg for regjeringa å seia noko om korleis dei tenkjer at denne avtalen skal kunna bidra til at Noreg og verda når ikkje berre klimamåla sine, men ressursmåla sine. Eg vil leggja til at det nyleg er gjort studiar som viser at mengda plastforureining i verda kan gjera at opptil 400 millionar fleire vil svelta i bl.a. India dei neste ti åra, på grunn av at plast i jordsmonnet vårt hindrar fotosyntesen.

  • 17. mar 202512:55· Innlegg

    Det er urolege, uoversiktlege og til dels uforståelege tider me lever i. Det er all grunn til å frykta resultatet av Trumps handelskrig, anten du driv eiga bedrift eller ikkje, og uansett om du lever i Oslo, Brussel, Finnmark eller Årdal i Sogn. Hundretusenvis av norske arbeidsplassar er eksportretta, men i praksis er me alle heilt avhengige av at dei internasjonale handelssystema fungerer. Eg forstår at mange i Noreg no lurer på: Vil me verta ramma av auka toll, auka prisar og auka rente? Korleis vert omsetninga i familiebedrifta mi i år? Har eg råd til å betala løningane til dei tilsette? Vil eg ha råd til å betala huslånet mitt i år? Den aller største klumpen me har i magen, har me likevel av ein veldig god grunn. I ei tid då klimaet på jorda er i ferd med å nå ei rekkje vippepunkt, burde alt me fokuserer på som politikarar, som næringsliv, som sivilsamfunn og som enkeltmenneske, vera å stoppa naturtapet, å sikra nok mat og ei leveleg verd til barna og naboane våre i tiåra som kjem, å endra den enorme sløsinga med naturressursane som no skjer, og å få til overgangen til eit lågutsleppssamfunn der livskvalitet og ikkje forbruksvekst står i sentrum. I staden går no krefter og pengar i alle land i verda i aukande grad til krig, til handelskrig og til opprusting. Verdssamfunnet har ikkje klart å samla seg til ein skikkeleg dugnad for klima, natur og menneskeleg sikkerheit. I staden får Israel gjennomføra folkemord for open scene, Putin kan invadera demokratiske naboland, mens Trump trugar med å annektera nye landområde omtrent annankvar dag. Det rasar no over 100 krigar og væpna konfliktar i verda, og dei varer stadig lenger. Som det vert sagt: Småstatar som Noreg tapar på trumpismen og på at jungelens lov får gjennomslag. Difor er det presserande at Noreg no sluttar opp om dei demokratiske systema me har, og står saman med våre vener og allierte naboar for stabilitet og sikkerheit. Regjeringa må kraftig trappa opp arbeidet for at nye handelsavtalar stiller bindande klima-, natur- og miljøkrav i tråd med Parisavtalen og tilrådingane frå FNs naturpanel at Noreg vert ein pådrivar for at eksisterande og nye handelsavtalar respekterer og støttar menneskerettar og demokrati og ikkje undergrev moglegheitene utviklingsland har til å byggja opp eigen industri og matproduksjon at me får til avtalar som legg til rette for auka norske investeringar i utviklingsland, føreset at det skjer på premissane til lokalbefolkninga, og at openheitslova må gjelda at ein støttar EUs arbeid for å sikra eigen produksjon og foredling av kritiske råmateriale, og at denne produksjonen opprettheld miljøkrav Sist, men absolutt ikkje minst: Noreg må starta forhandlingar om fullt EU-medlemskap. Demokratiske krefter i EU er det viktigaste forsvarsverket me har mot høgrepopulismens frammarsj og mot dei største truslane me står overfor. I kampen for å regulera verdshandelen, for å få bukt med dei mektige tekgigantane og oligarkane som no styrer uhindra i både USA og Russland, og for å få til regulering av ny teknologi som KI og autonome våpen, er EU vår aller viktigaste arena. Ikkje minst er EU den fremste krafta i verda for ein betre klimapolitikk som kan redda livsgrunnlaget vårt. Ein ny handelsavtale med India skal behandlast her i salen i dag, og la meg vera litt mørk og litt personleg, for la oss ikkje innbilla oss at India er eit velfungerande demokrati. Eg studerte sjølv på den kanskje siste liberale institusjonen som fantest i India, og den gongen, på JNU Delhi, kom det på natta inn væpna styrker og kidnappa medstudentane mine. Muslimar forsvann, og me såg dei aldri igjen. Det hindunasjonalistiske styret til Modi er ekstremt skremmande og har gjort, og gjer, veldig mykje av det same som Trump no får til i USA. Tyskland har nettopp vore gjennom eit parlamentsval der populistar på ytre høgre, direkte og indirekte støtta av oligarkane i Det kvite huset, har vakse kraftig. I andre europeiske land raslar òg ytre høgre med sablane, slik som dei gjer her i Noreg, og miljø- og fredsaktivistar vert no fengsla i land der me inntil for kort tid sidan ikkje trudde at slikt var mogleg. Heldigvis er biletet samansett. I mange europeiske land har grøne EU-positive parti auka oppslutninga si, og dei demokratiske kreftene i EU held førebels stand. Fellesskapet mellom europeiske naboar og allierte treng å styrkjast, ikkje svekkjast. Eg registrerer at Senterpartiet, Raudt og SV sit fast i argumenta frå 1994, men det mest urovekkjande er at dei store partia, Arbeidarpartiet og Høgre, ikkje tør å ta EU-debatten. Det er uansvarleg ikkje å ta leiarskap i den alvorlege situasjonen Noreg og verda står i no.

  • 6. mar 202511:02· Innlegg

    Takk til statsministeren for ei god utgreiing. Eg og Miljøpartiet Dei Grøne er einige i at me må gjera meir, men eg er diverre bekymra for at det regjeringa legg på bordet, ikkje er nok. Russland har no fått fornya sjølvtillit i sitt brutale forsøk på å knusa eit demokratisk naboland. Som statsministeren sa: Noreg har stilt 155 mrd. kr til rådigheit over fleire år. Det er mykje pengar, men det er ikkje meir enn at det er cirka like mykje som Helsedirektoratet seier Noreg vil spara kvart år dersom den norske befolkninga følgde kosthaldsråda. Noreg kan gjera meir. Ingen andre land i Europa har den same moglegheita som oss til å tetta det hòlet Trump har laga i den ukrainske økonomien. Dei neste dagane vil vera avgjerande for om Noreg vil evna å gripa det som kanskje er vår siste sjanse til å ta vår del av ansvaret for å stoppa Russland mens me enno kan. Det er på tide å prioritera hardt. Grunnsynet til Miljøpartiet Dei Grøne er tydeleg: Me trur på ein verdsorden som er basert på folkeretten og respekt for menneskeliv. Me vil prioritera det viktigaste – no og på lang sikt. Me trur på internasjonalt samarbeid og rettferd, me står fast på medlemskapet i NATO – som trass alt er meir enn USA – og me meiner at Noreg høyrer heime i EU. Her er me og Støre einige, trur eg, sjølv om statsministeren, av uforståelege grunnar, meiner at tida ikkje er inne for ein EU-debatt i Noreg. Om tida ikkje er inne no – når? Dersom Noreg no hadde signalisert tydeleg at me ønskjer å inngå for fullt i både det europeiske forsvarssamarbeidet og EU, ville det senda eit kraftig og positivt signal. For å ha gode vener, må ein òg vera ein god ven – ein må stilla opp. I dag vel Noreg i for stor grad å stå på utsida, mens me håpar at nokon andre skal ta ansvar. Folk der ute får det med seg: Noreg har tent seg søkkrike på å øydeleggja klimaet, og no tener me oss endå rikare på krigen i Ukraina. Mens ukrainarane døyr på slagmarka, mens Europa rustar opp, og mens fattige land vert tvinga til å bera den tyngste børa, lèt me pengane våre liggja trygt i oljefondet. Kor trygt er det eigentleg? Me i Miljøpartiet Dei Grøne har føreslått å oppretta eit solidaritetsfond for Ukraina på 1 000 mrd. kr. Til samanlikning tente Noreg 1 270 mrd. kr ekstra på høge gass- og oljeprisar som følgje av krigen i Ukraina i 2022 og 2023. No er tida inne for å betala krigsprofitten tilbake. For andre land ville eit slikt beløp føra til ekstreme budsjettkutt og vera vanskeleg å gjennomføra, men Noreg kan gjera dette utan at nokon eigentleg treng å merka forskjellen, bortsett frå forvaltarane i Noregs Bank. Likevel seier dei andre partia at forslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne om 1 000 mrd. kr er altfor mykje. Når historia om denne tida skal skrivast, kva vil det då stå om Noreg? At me såg ein sivilisasjonskamp spela seg ut, men valde å spara? At fascismen vann fordi me forsvarte bankkontoen vår med større iver enn me forsvarte fridom og demokrati? La meg understreka: Det er ikkje nok at Ukraina berre får akkurat nok hjelp til å forsvara Kyiv og hindra at dei fell i morgon. Ukraina må ha styrke til å ha reelle moglegheiter til å driva okkupantane ut. Utan ein slik styrke på slagmarka vil dei heller ikkje ha styrke i forhandlingsrommet, og resultatet vil verta eit nederlag for demokratiet og ein siger for diktaturet til Putin. Det sender ein bodskap til despotar over heile verda om at stormakter kan sleppa unna med militær aggresjon. Difor må me gje Ukraina det dei treng. Eg registrerer at regjeringa dekkjer seg bak handlingsregelen for at me ikkje skal gje så det monnar til Ukraina. Regjeringa dekkjer seg altså bak ein formalitet, mens ukrainske soldatar manglar våpen og vert drepne på slagmarka – ein formalitet som både ein tidlegare oljefondssjef og 46 andre samfunnsøkonomar tydeleg seier ikkje bryt med intensjonen i handlingsregelen, nemleg å bidra til gode liv for etterkommarane våre. La meg til slutt vera heilt klar til Høgre og ytre høgre, som meiner at ein no hovudlaust skal byggja ned natur, ofra matjord og pumpa opp meir olje: Det er ikkje naturvern som har sett oss i denne situasjonen. Det finst ingen nasjonal tryggleik på ein klode som vert varma opp med tre grader, der milliardar av menneske vert tvinga på flukt, og der matsystema kollapsar. Det er den kursen dei har sett oss på. Tryggingspolitikk handlar om å rusta oss for framtida, ikkje om å øydeleggja ho. Noreg har råd til å handla, Noreg har råd til å gje meir, og me har ikkje råd til å la vera.

  • 5. mar 202510:49· Replikk

    I morgon møtest EUs 27 toppleiarar i Brussel for å diskutere Ukraina og forsvar av Europa. Sidan Noreg ikkje er med i EU, får me ikkje delta på det møtet. Me i Miljøpartiet Dei Grøne har lenge meint at me bør knyta oss tettare til Europa og har føreslått her i Stortinget å starta forhandlingar om EU-medlemskap, og no ser me jo tydeleg at vår mektigaste allierte sviktar. Statsminister Mette Fredriksen sa tidlegare i Folketinget, då ho vart utfordra på Danmark sitt forhold til EU, at førestillinga om at Danmark vil stå sterkare i den verda som teiknar seg i dag, viss ein står aleine, ikkje berre er feil, men djupt skadeleg for Danmark. Danmark er, som Noreg, òg med i NATO, men medan Arbeidarpartiet i Noreg ikkje vil ta debatten om EU-medlemskap, meiner altså søsterpartiet deira i Danmark at det ikkje å vera med i EU ville vera djupt skadeleg for Danmark. Kan utanriksministeren forklara oss kvar han meiner Fredriksen tek feil?

  • 12. feb 202510:53· Replikk

    Mitt spørsmål handla om når det kjem tiltak for straumsparing. Regjeringa vil no innføra noregsprisen på 40 øre per kWh. Ekspertar og svenske politikarar meiner at dette vil redusera straumsparinga og driva opp prisane. I ei sak i Nettavisen no nyleg avviste Støre at noregsprisen vil svekkja energisparinga. Han sa: «Jeg er uenig i at en kan trekke en så klar konklusjon på det, for en strømpris på 50 øre – det er ikke billig. Det er fortsatt et insentiv til å spare strøm.» I eit svar til oss i Miljøpartiet Dei Grøne på Stortinget skriv energiministeren det motsette: «Isolert sett trekker imidlertid fastprisordninger for strøm i retning av svakere prissignaler for strømkundene, som kan svekke insentivene til å redusere strømbruken og energieffektiviseringstiltak.» Så mitt spørsmål er: Er det Aasland eller Støre som representerer regjeringa sitt syn på om noregspris svekkjer insentiva til straumsparing?

Viser de 50 siste av 83 innlegg