Møte torsdag den 30. april 2026 kl. 10
Denne saka handlar om føreseielege vilkår for frivilligheita. Ho handlar ikkje så mykje om kven som var først eller sist, men om at vi i dag etter alle solemerke ser ut til å sikre fleirtal for eit tiltak som lenge har vore ønskt av frivilligheita. Det handlar om å ta på alvor prinsipp Stortinget i praksis har vore einig om i mange år. Momskompensasjonsordninga er ikkje ei støtteordning i vanleg forstand. Ho byggjer på eit enkelt og rimeleg utgangspunkt: Frivillig innsats skal ikkje belastast med meirverdiavgift. Når lag og organisasjonar betaler moms på varer og tenester, skal dei få han tilbake, slik at pengane går til aktivitet og ikkje til staten. Likevel er ordninga framleis rammestyrt. Det betyr at frivillige organisasjonar kvart einaste år må vente i uvisse på om kompensasjonen faktisk blir full. Sjølv når Stortinget endar med å dekkje heile beløpet, skjer det ofte seint i budsjettåret. For mange små lag og foreiningar inneber det at ein må planleggje i uvisse, utsetje investeringar og i praksis leggje ut pengar dei ikkje veit når dei får igjen. Det er krevjande, og det er unødvendig. MDG meiner difor at tida er moden for å gjere momskompensasjonsordninga regelstyrt. Det er brei politisk einigheit om målet om full kompensasjon. Frivilligheita sjølv har lenge etterlyst føreseielege vilkår. Når både praksis og politiske ambisjonar peikar i same retning, er det ryddig å gjere dette til ei varig ordning, ikkje noko som må avgjerast på nytt kvart år. Regelstyring handlar ikkje om å endre innhaldet i eller søknadsgrunnlaget for ordninga. Det handlar heller ikkje om å redusere Stortingets kontroll. Det handlar om å gje føreseielege rammer til dei som står for aktiviteten. Frivillig sektor spelar ei avgjerande rolle i kvardagen til menneske over heile landet. Det er idrett, kultur, integrering, beredskap og sosialt arbeid. Mange av desse aktivitetane finst nettopp fordi folk organiserer seg lokalt, med avgrensa ressursar og stor innsatsvilje. Når vi år etter år seier at frivilligheita skal få full momskompensasjon, bør vi òg utforme systemet deretter. Ingenting er vunne på at organisasjonar må leve med uføreseielege vilkår som Stortinget i realiteten allereie har valt bort. Å regelstyre momskompensasjonsordninga er enkelt og konkret. Det skaper tillit, føreseielege vilkår og mindre byråkrati, både for frivilligheita og for staten. Difor støttar MDG representantforslaget, og vi meiner det er naturleg at regjeringa følgjer opp med ei regelstyrt ordning innan statsbudsjettet for 2027. Det vil vere eit tydeleg signal om at vi tek frivilligheita på alvor, ikkje berre i ord, men også i praksis.
