Joakim Myklebost Tangen

Joakim Myklebost Tangen

Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal·Utdannings- og forskningskomiteen
RSS

Rangering

#89

av 157

32

Mer aktiv enn 44 % av de faste representantene.

Totalscore

32

Oppmøte

69.5%

Spørsmål

8

Taler

14

Forslag

7

Slik leser du tallene

Joakim Myklebost Tangen er nummer 89 av 157 faste representanter på aktivitetsrangeringen — mer aktiv enn 44 % av de faste representantene. Rangeringen er et vektet snitt av fem mål fra Stortingets åpne data: møtte til 69.5 % av voteringene, stilte 8 skriftlige spørsmål, holdt 14 innlegg i salen og fremmet 7 forslag i inneværende periode.

Tallene oppdateres jevnlig fra data.stortinget.no. Høy aktivitet er ikke det samme som godt politisk arbeid — det er ett mål, ikke en fasit.

Fra salen

4 nyeste med opptak

9. jun 2026· Innlegg

Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe om desentralisering av sjukehustilbodet og sikring av lokalsjukehus med breiddekompetanse i heile landet (Innst. 414 S (2025–2026), jf. Dokument 8:253 S (2025–2026))

Etter Framstegspartiets syn er det ei sjølvfølge at alle skal ha tilgang på eit trygt og godt helsevesen, uavhengig av kor dei bor. Dessverre ser vi til stadigheit at det kjem forslag om kutt i helsetilbodet rundt om i landet, og dette gjer oss svært bekymra. Eit skrekkeksempel er situasjonen som er i Helse Møre og Romsdal. Leiinga varslar omfattande kutt i sjukehus, psykisk helsevern og ambulanse. Dette er ikkje små tilpassingar; dette er store strukturelle endringar, og det er forslag som bidrar til ei massiv nedbygging av helsetilbodet i fylket. For innbyggjarane handlar det først og fremst om kor langt det er til nærmaste fødeavdeling. Det handlar om kor raskt ambulansen kjem, og det handlar om tryggleiken for barn og eldre og alvorleg sjuke, når kvar time og i mange tilfelle kvart minutt kan vere avgjerande. Arbeidarpartiet har styrt landet i fem år, og dei er veldig glad i å snakke om trygg og ansvarleg styring. Altså: Å sitte stille og sjå på at helsetilbodet i Møre og Romsdal blir bygd ned bit og bit er så langt frå trygg og ansvarleg styring som du kan få det. Å styre handlar om å ta ansvar. Regjeringa kan ikkje stå på sidelinja mens innbyggjarane i Møre og Romsdal risikerer å få eit mykje dårlegare helsevesen enn i resten av landet. Når alle varsellampene blinkar, er det ikkje tidspunktet for å vente og sjå – det er tidspunktet for å handle. Ja, til og med lokale arbeidarpartipolitikarar etterlyser handling frå sin eigen statsråd. Arbeidarpartiet og deira budsjettkameratar, dei som dei har inngått budsjettsamarbeid med, har likevel ikkje prioritert ei einaste krone for å berge helsetilbodet til innbyggjarane i Møre og Romsdal. Vi i Framstegspartiet tek situasjonen alvorleg, og difor har vi sett av 200 mill. kr til ei redningspakke for Helse Møre og Romsdal i vårt alternative reviderte budsjett. Den siste veka har vi sett eit massivt opprop mot dei føreslåtte kutta – frå fagforeiningar, tilsette, innbyggjarar og offentlege aktørar. Bodskapet er så krystallklart som du kan få det: Kutta må stoppast – og det no! Framstegspartiet meiner at nok er nok. Vi kan ikkje akseptere at økonomiske utfordringar skal løysast gjennom sentralisering og svekking av akuttberedskap, ambulanse- og sjukehustilbod. Innbyggjarane i Møre og Romsdal fortener akkurat det same som alle andre i landet – tryggleik for at hjelpa er der når dei treng den. Eg tek med dette opp Framstegspartiets forslag nr. 15, og så ønskjer eg å leggje inn eit tillegg i forslaget der ordet «rehabilitering» blir lagt til.

4. jun 2026· Innlegg

Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ine Eriksen Søreide, Monica Molvær, Ola Svenneby, Amalie Gunnufsen, Mathias Willassen Hanssen og Mathilde Tybring-Gjedde om å løse realfagskrisen (Innst. 354 S (2025–2026), jf. Dokument 8:239 S (2025–2026))

Det er nok allment kjent at Noreg kjem til å trenge endå fleire arbeidsfolk i åra framover. Vi treng fleire fagarbeidarar, vi treng fleire sjukepleiarar, vi treng fleire lærarar, fleire ingeniørar, fleire teknologar og endå fleire som kan vere med på å skape, utvikle og finne løysingar for eit samfunn i endring. Difor er det viktig at vi startar tidleg med å gi elevane motivasjon, meistring og tru på sine eigne evner. Framstegspartiet meiner at det er positivt at endå fleire elevar får møte realfag og entreprenørskap på ein meir praktisk og engasjerande måte. Tilbod som Newton-rom og Ungt Entreprenørskap er gode eksempel på dette, og dei representerer to viktige sider av den same saka: læring som blir konkret og relevant, og ikkje minst sett ut i livet. I Newton-rom får elevane utforske realfag gjennom praktiske forsøk og oppgåver som gjer teori forståeleg, og ikkje minst spennande. Gjennom tilbod frå Ungt Entreprenørskap får dei bruke kunnskapen sin til å skape noko sjølv, utvikle idear, samarbeide, løyse problem og oppleve korleis læring kan bli til verdiskaping. Felles for begge to er at elevane får prøve, feile og meistre, og det er nettopp slike opplevingar som er med på å vekkje interesse som varer over tid. Samtidig: Skal slike tilbod ha effekt, må dei vere tilgjengelege for endå fleire enn i dag. I dag er realiteten at mange skular, særleg ute i distrikta, har avgrensa tilgang på Newton-rom. Lange reiseavstandar og logistikk gjer at ikkje alle elevar har den same moglegheita til å delta. Difor er det viktig å sjå på korleis Newton-konseptet kan styrkjast og gjerast meir tilgjengeleg for endå fleire kommunar. Dette handlar om at vi må sikre like gode moglegheiter for læring, uavhengig av kor ein bur, og difor er det òg naturleg å sjå på korleis små skular kan få stabile rammer, og korleis digitale løysingar kan gje elevane tilgang til undervisning og fagkompetanse som er kostbart og vanskeleg å tilby overalt i dag. Og berre for å understreke det: Nettundervisning skal absolutt ikkje erstatte læraren i klasserommet, men det kan vere eit verktøy og eit supplement som gjer at fleire elevar faktisk får eit tilbod som dei ikkje har i dag. Skal vi løyse realfagskrisa, må vi gjere meir enn berre å diskutere enkeltordningar. Vi må tenkje heilskapleg. Vi må gi fleire elevar moglegheita til å oppleve meistring, nysgjerrigheit og læringsglede, og vi må erkjenne at framtidas arbeidskraft ikkje kjem av seg sjølv. Ho kjem frå elevar som får sjansen til å prøve, utforske og lykkast.

28. mai 2026· Innlegg

Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune og Ole Herman Sveian om ei treårig lærarutdanning som bidreg til fleire kvalifiserte lærarar i norske klasserom (Innst. 314 S (2025–2026), jf. Dokument 8:218 S (2025–2026))

Eg vil starte med å seie at eg synest Senterpartiet i dette forslaget tek opp ei viktig utfordring som vi står overfor i norsk skule, når dei peikar på den mangelen som er på kvalifiserte lærarar rundt omkring i klasseromma. Rekrutteringsutfordringane er jo høgst reelle, og dette er ein debatt vi absolutt må ta. Vi må diskutere korleis lærarutdanninga kan bli meir fleksibel, praksisnær og yrkesretta, og eg vil tru at forslaget spring ut frå akkurat denne utfordringa. Samtidig meiner Framstegspartiet at debatten òg må handle om meir enn berre antal år på lærarutdanninga, for utfordringane i skulen er større og meir samansette enn før. Lærarane skal ikkje berre handtere faglege oppgåver, dei skal møte elevar med psykiske utfordringar, uro, fråvær og stadig større og meir komplekse behov. Mange lærarar fortel at dei ofte står aleine i denne typen situasjonar, som eigentleg krev fleire typar kompetanse for å kunne handtere og hjelpe elevane på ein best mogleg måte. Difor treng vi ikkje berre fleire lærarutdanna inn i skulen. Vi treng òg fleire ulike yrkesgrupper inn i skulen, og ikkje minst må vi gjere det enklare for folk med andre typar utdanning å kvalifisere seg til å bli lærarar for å kunne jobbe i klasserommet. Skal vi lykkast med å styrkje norsk skule framover, må vi tenkje breiare rundt kva type kompetanse elevane treng i klasserommet. Ein endå betre skule blir skapt av at fleire med ulik bakgrunn og erfaring kan bidra inn i undervisninga, og Framstegspartiet meiner difor at vi må opne for fleire vegar inn i læraryrket og gjere det enklare for folk med andre typar utdanning og erfaring å kvalifisere seg til å undervise i skulen.

26. mai 2026· Innlegg

Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))

I dag har Stortinget moglegheita til å rette opp ein av dei aller største feilinvesteringane i norsk helsevesen på mange, mange år, og det sjølvsagt Helseplattformen vi diskuterer her. Då systemet blei lansert, var lovorda store, og vi fekk presentert ein visjon om éin innbyggjar, éin journal, betre samhandling og endå meir tid til pasientane. Eg tviler ikkje på at intensjonane sjølvsagt var gode, men problemet er berre at verkelegheita blei ei heilt anna. For helsepersonell, for pasientar og for pårørande har Helseplattformen i altfor stor grad blitt eit symbol på frustrasjon, utryggleik og sviktande tillit. Legeforeningen, Sykepleierforbundet, brukarorganisasjonar og pårørande har varsla om alvorlege problem heilt sidan innføringa starta, og varsellampene har blinka lenge. Riksrevisjonen har, som fleire andre her har nemnt, retta sterk kritikk mot systemet og peika på at det går ut over pasientsikkerheita. Tilsette opplever systemet som komplisert og tidkrevjande, og dei brukar verdifull tid på å leite etter informasjon i staden for å bruke tid på pasientane. Når helsepersonell seier at systemet gjer kvardagen deira vanskelegare, meiner eg sjølvsagt at vi må gjere noko. Når pasientane opplever svikt og utryggleik, må vi òg gjere noko, og når milliardane renn ut utan at resultata står i stil med kostnadene, må Stortinget tore å innrømme at dette ikkje fungerer, og setje eit endeleg punktum. I Helse Møre og Romsdal skal det no sparast opp mot 1 mrd. kr dei neste åra. Konsekvensane ser vi allereie: stengte avdelingar, redusert bemanning, lengre ventelister og kutt i rehabilitering og førebyggjande tilbod. No blir det òg varsla kutt i prehospitale tenester, slik som ambulanse og ambulansebåt. For folk som bur langs kysten og i distrikta, handlar dette om tryggleik når det er snakk om minutt, og dette kjem i tillegg til ytterlegare varsla kutt i behandlingstilbodet. Altså: Vi aksepterer ikkje at helsetenestene i Møre og Romsdal byggjast ned samtidig som milliardprosjekt som ikkje fungerer etter intensjonen, får fortsetje – på kostnad av innbyggjarane i Møre og Romsdal. Noreg skal vere eit land der folk kan stole på helsetenestene sine, uansett kvar dei bur, og då må vi tore å stoppe når eit prosjekt ikkje leverer på det som blei lova.

Innlegg i salen

21 innlegg · 12 møter

Vis →
  • 9. jun 202621:35· Innlegg

  • 4. jun 202612:24· Innlegg

  • 28. mai 202615:52· Innlegg

  • 26. mai 202613:17· Innlegg

  • 19. mai 202613:14· Replikk

    Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om å sikre fullføring og kvalitet i videregående opplæring (Innst. 270 S (2025–2026), jf. Dokument 8:273 S (2025–2026))

    Takk for svaret. I det same svaret viser statsråden til at ungdom ikkje er i same livssituasjon som vaksne. Samtidig veit vi at mange unge slit med psykisk helse, fråvær og motivasjon, eller at dei ønskjer å kombinere skule med arbeid eller noko praktisk, for nokon ønskjer seg ein meir praktisk skulekvardag. Då lurar eg på: Kvifor meiner statsråden at dagens system er fleksibelt nok for desse elevane, når vi framleis ser at det er ein del elevar som fell frå? Det viktigaste må jo vere at ein klarar å få seg ein veg til utdanning og få gjennomført noko skule, framfor at ein held vidare på det systemet som gjer at fleire fell frå, sånn at ein klarar å oppretthalde ein viss fleksibilitet som gjer at elevane lettare kan kome seg gjennom skulen.

  • 19. mai 202613:12· Replikk

    Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om å sikre fullføring og kvalitet i videregående opplæring (Innst. 270 S (2025–2026), jf. Dokument 8:273 S (2025–2026))

    I sin uttale til saka viser statsråden til at modulbasert opplæring er innført for vaksne for å gje nettopp meir fleksibilitet og betre tilpassing for den enkelte. Eg lurer difor på kvifor statsråden meiner at ikkje fleire ungdomar som står i fare for å falle frå, skal få den same moglegheita og fleksibiliteten.

  • 19. mai 202612:53· Innlegg

    Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om å sikre fullføring og kvalitet i videregående opplæring (Innst. 270 S (2025–2026), jf. Dokument 8:273 S (2025–2026))

    Joakim Myklebost Tangen (FrP) [12:53:01] (ordførar for saka): Aller først vil eg takke komiteen for eit godt samarbeid i saka. Komiteen deler bekymringa til forslagsstillarane for utanforskap i skulen. Det er viktig for både elevar og lærarar at det blir tilbydd ulike former for opplæring som bidreg til at flest mogleg får moglegheita til å ta og fullføre vidaregåande opplæring. Komiteen meiner òg at det er viktig å sikre at tilboda er tilstrekkeleg finansierte, og god planlegging er viktig for å sikre riktig dimensjonering av tilbodet. Det er difor viktig at ein sørgjer for eit fleksibelt, men tydeleg regelverk som gjev skulane rom for å forme tilboda på sin skule til det beste for elevane og lærarane. Sjølv om det er brei einigheit om utfordringsbiletet i saka, har partia ulike syn på kva verkemiddel som best kan bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring. Eg vil no gå over til å leggje fram Framstegspartiets syn i saka. Framstegspartiet meiner at skulen skal vere ein plass der elevane får moglegheita til å lykkast. Skal vi klare å få til det, er det viktig at vi anerkjenner at alle elevar er ulike og unike. Det er ikkje slik at ein kan ha ein skule som er tilpassa ein gjennomsnittselev som ikkje eksisterer, vi må sørgje for at skulen er fleksibel og gjev elevane rom til å vere med og forme sin eigen skulekvardag gjennom fleire valfag, meir praktisk opplæring og fleire alternative opplæringsløp. For Framstegspartiet er det viktig å utvikle fleire fleksible modellar for vidaregåande opplæring. Nokre elevar lærer best gjennom tradisjonell klasseromsundervisning, mens andre har behov for meir praktisk tilpassa opplæring. Modulbasert opplæring kan vere eit viktig verktøy for å hindre fråfall og bidra til at fleire elevar opplever meistring undervegs i opplæringsløpet. Ved å dele inn opplæringa i mindre og meir oversiktlege modular kan fleire elevar få moglegheita til å fullføre i sitt eige tempo, kombinere opplæring med arbeid eller andre utfordringar i livet, og få dokumentert kompetanse undervegs. Framstegspartiet meiner dette er ein meir realistisk og fleksibel måte å møte mangfaldet blant elevane på. Eg vil med dette tilrå forslag til vedtak II i tilrådinga, som Framstegspartiet er med på.

  • 26. mar 202617:37· Innlegg

    Møte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

    Folk står no ved pumpene og fyller drivstoff til skyhøge prisar, og vi har nyleg fått ein skrekkeleg rekord. Drivstoffprisane i Noreg har altså bikka 30 kr literen. Dette er ikke fjern statistikk. Dette er kvardagen til folk. Det er ikkje eit problem vi kan sitje og håpe på at skal gå over. Det er ikkje eit skrubbsår som skal gro. Det er ein akutt situasjon for norske innbyggjarar og for norske bedrifter. Når drivstoffprisane skyt i vêret, stoppar ikkje konsekvensane ved pumpa når det skal betalast. Nei, det spreier seg ut gjennom heile samfunnet. Transportkostnadene aukar, og prisane på varer aukar. Til slutt er det igjen norske hushaldningar som sit igjen med rekninga, den same rekninga dei hadde ved pumpa. Vi får tydelege åtvaringar frå både bygg-, transport- og anleggsbransjen om at dersom dette fortset, kjem konkursane, og at arbeidsplassar står i fare. Arbeidarpartiet er veldig glad i å snakke på inn- og utpust om trygg styring, men er det verkeleg trygg styring å la folk stå aleine med dei prisane vi no ser på opp mot 30 kr literen? Er det trygg styring å sende rekninga rett til dei som allereie slit med å få endane til å møtast? Bilen er ikkje eit luksusgode slik mange gjerne trur, og at folk køyrer bil for artigheit. Nei, slik er det slett ikkje. Bilen er ei nødvendigheit i kvardagen til folk. Dei som blir ramma hardast av dei høge drivstoffprisane, er folk som bur på bygda. Der har ikkje alle heller råd til å kjøpe seg ny elbil, for ein ser jo av statistikken at dei som har god råd, køyrer elbil, mens dei som ikkje har like god råd, beheld den gode gamle bilen sin nokre år til. Alternativa på bygda eksisterer kanskje ikkje heller. Bussen går ikkje. Enkelte plassar veit ein knapt nok kva ein buss er for noko, for dei har aldri sett han. Ein snakkar gjerne om eit kollektivtilbod som skal vere så godt, men mange plassar i Noreg eksisterer ikkje det. Dei som bur på bygda og er avhengige av bilen, er folk som skal levere i barnehagen, skal på jobb, skal handle på butikken. Som eg sa, er det ingen andre alternativ, og då må dei stå ved pumpa og fylle for 30 kr literen. Det er dei som blir ramma hardast av dette. Dei står no ved pumpene og fyller til skyhøge prisar, og her sit vi i Stortinget og har moglegheita til å gjere noko med det. Vi kan ikkje sitje stille og sjå på at folk blir flådd. Vi har eit ansvar for å lette presset på folk, for å sikre arbeidsplassar og for å ta ansvar i ei krevjande tid.

  • 12. feb 202613:00· Innlegg

    Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Simen Velle, Line Marlene Haugen, Lill Harriet Sandaune, Joakim Myklebost Tangen, Sylvi Listhaug, Lars Rem, Finn Krokeide, Tor André Johnsen og Morten Kolbjørnsen om å godkjenne Jotunheimen privatistskule som en offentlig finansiert kristen privatskole og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby og Grunde Almeland om å endre privatskolelova for å sikre friere etableringsrett (

    Framstegspartiet har i alle år kjempa for at elevar og foreldre skal få auka sin valfridom og ha eit mangfaldig skuletilbod. Det er difor viktig for oss at det skal vere enkelt å etablere friskular, då dette er eit godt supplement til den offentlege skulen. Dette inkluderer bl.a. å redusere vektinga av uttalene til kommunane og fylka, som i praksis no dei siste åra har betydd eit veto mot etablering etter endringane som blei gjort i 2023. Vi vil òg motsetje oss regjeringa si innstramming av livssynskrav. Dei vanlegaste grunnane til at kommunane eller fylka er negative til etablering av friskular, er at dei meiner det går utover deira eigne skular, og at rammeoverføringa frå staten kan bli redusert. Dette er konsekvensar det er vanskeleg å kome bort frå når det blir etablert ein friskule i området, men i tillegg er det verdt å merke seg at kommunane ikkje blir trekte fullt for elevar som går over til ein friskule. Etter at den endringa i lova blei gjort i 2023, verkar det nesten meir som det er ideologien som har styrt, ikkje departementet sine faglege vurderingar av kva som er det beste for elevane i desse sakene. Framstegspartiet er heilt imot instruksen om innstramming av livssynskrav som blei send Utdanningsdirektoratet. Konsekvensen av denne instruksen var at ei rekkje skular fekk avslag frå Utdanningsdirektoratet grunna manglande livssynstilknyting. Dette medførte bl.a. at Akademiet ikkje fekk etablere seg på Ski og i Lillestrøm. Det er òg ei rekkje andre skular som har fått avslag med denne grunngjevinga, som har kome opp i debatten her frå andre representantar. Vi i Framstegspartiet synest den grunngjevinga er heilt, heilt urimeleg. Praktiseringa som har vore sidan 2024, då Utdanningsdirektoratet fekk ny instruks frå departementet, har medført at færre friskular har fått etablere seg, og at den grunnleggjande retten elevane og foreldra har til å velje skule, har blitt svekt, då færre har fått lov til å etablere seg, og tilbodet har blitt mindre. Det bidreg sjølvsagt til mindre mangfald i tilbodet til elevane. Framstegspartiet meiner det er riktig at vi skrotar den instruksen og lovendringa som har blitt gjort, og sørgjer for at elevane og foreldra får reell valfridom, uavhengig av kor i landet dei bur.

  • 12. feb 202612:08· Innlegg

    Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Simen Velle, Line Marlene Haugen, Lill Harriet Sandaune, Helge André Njåstad, Joakim Myklebost Tangen og Julia Brännström Nordtug om justering av fraværsreglene i videregående skole (Innst. 103 S (2025–2026), jf. Dokument 8:32 S (2025–2026))

    Det er svært gledeleg at vi no får sikra gjennomslag for viktige endringar i fråværsgrensa. Dette er først og fremst ein siger for dei norske elevane. Når vi skal ha ei fråværsgrense, er det viktig at vi har klare og tydelege reglar som er enkle å forstå for både lærarane og elevane, slik at det ikkje blir ulik praksis rundt om i landet, som vi har sett fleire eksempel på den siste tida. Når vi får tydelege og klare meldingar om at ting ikkje fungerer som det skal, er det vår plikt og vårt ansvar å prøve å gå gjennom systemet for å sikre at det fungerer godt for både elevane og lærarane. For Framstegspartiet er det viktig at vi har ei fråværsgrense, slik at vi sikrar at elevane møter opp. Det er òg heilt i tråd med det kunnskapsministeren har sagt. Det er i tillegg med på å førebu elevane på arbeidslivet som dei ein gong skal ut i, der det er ei klar forventing om at ein skal møte opp. At vi no får endra på dei innstrammingane som blei gjorde i fråværsgrensa i haust, der elevar plutseleg fekk fråvær for å oppsøkje skulehelsetenesta, er viktig og riktig. Det skal vere låg terskel for å besøkje skulehelsetenesta, og det bidrar denne endringa til.

  • 5. feb 202617:08· Innlegg

    Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Kristian August Eilertsen, Dagfinn Henrik Olsen, Bjørn Larsen, Hilde Grande, Frank Edvard Sve og Joakim Myklebost Tangen om bedre hjertebehandling i Nord-Norge og Midt-Norge (Innst. 96 S (2025–2026), jf. Dokument 8:33 S (2025–2026))

    Når nokon får eit hjarteinfarkt, er tid forskjellen på liv og død. Kvart minutt utan behandling aukar risikoen for alvorlege skadar, eller at livet kan gå tapt. Likevel meiner både Arbeidarpartiet og Høgre det er greitt at innbyggjarar i Møre og Romsdal ikkje har same tilgangen på livreddande behandling som i resten av landet. Eg lurar verkeleg på om Høgre og Arbeidarpartiet meiner folk i Møre og Romsdal er mindre verde enn folk i resten av landet. Framstegspartiet meiner dette er heilt uakseptabelt, og vi meiner postnummeret ikkje skal avgjere kva tilbod ein får. I dag har ikkje Møre og Romsdal eit PCI-senter, og ved alvorlege hjerteinfarkt blir pasientar i hovudsak sende til St. Olavs hospital i Trondheim. For mange er det i praksis klin umogleg å nå fram innanfor de 120 minutta som er avgjerande for effektiv behandling for å redde liv. Det er ikkje teori. Det er realitetar. Vêrforhold, tekniske problem og samtidige oppdrag gjer at opptil ein fjerdedel av ambulanseflygingane ikkje kan gjennomførast. Konsekvensane er at pasientane ikkje kjem fram i tide, som igjen kan koste liv. Når Arbeidarpartiet og Høgre, med fleire, vel å stemme imot å etablere eit PCI-senter i Ålesund, stemmer dei samtidig for at folk i Møre og Romsdal skal leve med ein større risiko enn andre. Dei aksepterer ei helseteneste der postnummeret avgjer kor raskt ein får behandling. Det er ikkje mangel på fagleg grunnlag som er problemet. Møre og Romsdal har stort nok pasientgrunnlag til å drifte eit PCI-senter med høg kvalitet. Ålesund sjukehus har allereie eit sterkt kardiologisk fagmiljø, moderne infrastruktur og ei naturleg plassering i fylket som godt dekkjer regionane både på Sunnmøre og i Nordfjord. Likevel vel Høgre og Arbeidarpartiet å seie nei. Dette handlar ikkje om prestisje eller struktur. Det handlar om tryggleiken til folk flest. Det handlar om at ei mor, ein far eller ein besteforelder skal ha same sjansen til å overleve eit hjarteinfarkt, uavhengig av kvar dei bur hen i landet. For Framstegspartiet er det enkelt. Retten til rask og trygg akuttbehandling er ein del av retten til eit trygt og verdig liv. Når andre parti snakkar om likeverdige helsetenester, men stemmer imot når det verkeleg gjeld, vel Framstegspartiet å stå på lag med innbyggjarane og pasientane i Møre og Romsdal.

  • 18. des 202513:36· Innlegg

    Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Kunnskapsdepartementet samt forskningskapitler under Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet (rammeområde 16) (Innst. 12 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))

    Noreg skal byggjast, drivast og utviklast også i framtida. Då treng vi ikkje berre gode planar og ambisjonar. Vi treng faktisk folk som gjer jobben – folk som kan byggje, reparere, produsere, installere og vedlikehalde. Difor er yrkesfaga ikkje berre eit alternativ i utdanningspolitikken, men ein føresetnad. Det er svært gledeleg å sjå at stadig fleire ungdomar vel yrkesfag. I mitt eige fylke, Møre og Romsdal, ligg vi på topp. Der har heile 65 pst. av elevane søkt seg til yrkesfag. Dette viser at ungdomane ønskjer seg ein meir praktisk og relevant veg inn i arbeidslivet. Mange fylke står no i krevjande økonomiske situasjonar. Innsparingar fører til at skular blir føreslått lagde ned, særleg i distrikta og på skulane med låge elevtal. Nedlegging blir ofte presentert som einaste løysing. Framstegspartiet meiner nedlegging av skular er ei for enkel løysing på dette problemet, då behovet for utdanning ikkje er redusert sjølv om elevtalet går ned. Framstegspartiet vil i staden satse på fleksible og alternative opplæringsmodellar. I vårt alternative statsbudsjett sikrar vi 300 mill. kr til utvikling av og innkjøp til vidaregåande skular. Søkartala til yrkesfag kan variere veldig mykje frå år til år, noko som gjer det krevjande å planleggje tilbodet. Nettopp difor er samarbeid med næringslivet heilt avgjerande. Gjennom ulike bedriftsmodellar kan større delar av opplæringa skje i bedrift, noko som gjev elevane meir relevant kompetanse. Vi ser gode eksempel på dette i kommunar som f.eks. Steigen og Tingvoll, der ein har vore løysingsorientert for å gje elevane eit godt og variert utdanningstilbod, sjølv med små elevgrupper. Slike modellar gjer det òg mogleg å oppretthalde skular og utdanningstilbod lokalt, i staden for å sentralisere og leggje ned. Steigen-modellen er eit veldig godt eksempel på det. Her er elevane i bedrift frå første dag i vidaregåande opplæring, med ein tydeleg struktur som gjev ein trygg og glidande overgang frå skule til arbeidsliv. Framstegspartiet meiner vi må bli flinkare til å ta i bruk alternative opplæringsløp som bryt med det tradisjonelle. Meir praksis i bedrift, produksjonsbasert læring og fleksible løp gjev høgare motivasjon og betre gjennomføring. Næringslivet vårt vil vere heilt avhengig av fagarbeidarar i åra som kjem. Då er det viktig at vi anerkjenner verdien til yrkesfaga fullt ut. Eit meisterbrev er like mykje verdt som ein mastergrad. Skal vi sikre framtida, treng vi fleire oskeladdar – folk med praktisk sans som er løysingsorienterte og har evner til å få noko gjort.

  • 18. des 202513:12· Innlegg

    Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Kunnskapsdepartementet samt forskningskapitler under Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet (rammeområde 16) (Innst. 12 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))

    Utdanning må vere brua mellom skule og arbeidsliv. Og som i eventyret med dei tre bukkane Bruse kjem vi oss ikkje over brua med berre prat. Brua må faktisk vere bygd, og ho byggjer ikkje seg sjølv. Då treng vi folk som kan faget sitt. Mange bedrifter rundt om i landet har stor mangel på kompetent arbeidskraft, og vi må sørgje for at vi har eit system som utdannar nok folk til dei yrka det er stor etterspørsel etter kompetansen til. Framstegspartiet ser viktigheita av at tilbodet i utdanningssektoren matchar det som er næringslivets behov. Fagskulane tilbyr praktisk kompetanse som direkte bidreg til verdiskaping, spesielt innanfor tekniske og maritime næringar. Gode samarbeid med næringslivet gjennom praksisplassar kan sikre god relevans i utdanninga, der næringslivet er med på å forme utdanninga. Særleg viktig no er dei maritime faga sidan Forsvaret skal styrkjast i åra framover, og dei maritime faga har stort behov for kostbart og avansert utstyr. Dette gjeld alt frå simulatorar til avanserte maskinrom, som er heilt nødvendige for å sikre god opplæring på moderne utstyr, som dei kjem til å møte ute i arbeidslivet. Desse skulane må få sine reelle utgifter dekte. For å sikre at skulane kan gjere nødvendige investeringar i utstyr, føreslår Framstegspartiet å auke tilskotet til fagskular med 20 mill. kr for å sikre at dei faktisk blir tilstrekkeleg finansierte. Dagens finansieringsmodell og organisering gjev rom for ulik praktisering mellom dei ulike fylka. Dette er uheldig, då det skaper ulik praktisering, og det hemmar satsinga innanfor fagskulesektoren. Mange fylke er nøydde til å bruke sine frie midlar til å finansiere fagskuletilbodet og gjennomføre nødvendige investeringar i utstyr. Landet over opplever ein den pressa økonomien i fylka, og dei er nøydde til å spare på alle område i drifta. Dette fryktar vi kjem til å gå ut over tilbodet. Difor meiner vi at ansvaret og finansieringa ideelt sett burde bli tilbakeført til staten. Det er uansett essensielt at det blir sikra stabil, rettferdig og føreseieleg finansiering for heile fagskulesektoren. Fagskulane bør ha like moglegheiter til å tilby den kompetansen arbeidslivet etterspør, uavhengig av økonomien til fylkeskommunen. Heldigvis ser vi at mengda studentar på fagskulane har auka meir dei siste åra. Dette er i tråd med det arbeidslivet etterspør. Då må vi også som politikarar sørgje for at sektoren får økonomisk berekraftige rammevilkår. Framstegspartiet vil jobbe for å få på plass ein ambisiøs langtidsplan for utvikling av fagskulane. Ein rettferdig og føreseieleg finansieringsmodell og ei satsing på fagskulane vil bidra til auka vekst og ei styrking av norsk konkurransekraft.

  • 18. des 202512:59· Replikk

    Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Kunnskapsdepartementet samt forskningskapitler under Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet (rammeområde 16) (Innst. 12 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))

    Det er som det blei nemnt her, sett av 68 mill. kr til å opprette 900 nye fagskuleplassar. Det eg lurer på, er om statsråden kan garantere at det er nok pengar til 900 studieplassar, for det er veldig ulik kostnad på dei ulike studieretningane. Spesielt dei tekniske og maritime faga er veldig kostbare fordi det er behov for utstyr og avansert materiell – både maskinrom og simulatorar som gjer at dette er kostbare utdanningar samanlikna med andre fagskulestudiar.

  • 18. des 202512:57· Replikk

    Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Kunnskapsdepartementet samt forskningskapitler under Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet (rammeområde 16) (Innst. 12 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))

    Regjeringa har sagt at dei ønskjer å satse på fagskular og spesielt utdanningar innanfor tekniske og maritime fag. Dette er Framstegspartiet heilt einig i og synest at er ei kjempebra prioritering. Vi meiner at det er viktig no som Forsvaret har sagt at dei skal styrkje Forsvaret og treng endå meir personell. I tillegg har endå fleire valt yrkesfag, og kanskje ønskjer dei seinare å ta etter- og vidareutdanning og kan gå inn på fagskulane. For å sikre at det blir fleire plassar på desse studia, er det viktig at det blir sikra god finansiering. Mange fylke opplever i dag ein pressa økonomi og må dessverre kutte i tilbodet. Eg vil difor spørje statsråden om ho kan forsikre om at reelle kostnader knytt til studieplassar på tekniske og maritime fag blir dekte med dagens tilskotsordning.

  • 5. des 202519:53· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))

    Helse Møre og Romsdal står no midt i ei alvorleg krise. Dei neste åra må helseføretaket spare 700 mill. kr, og dei planlegg å kutte opptil 500 årsverk. Dette er noko som betyr færre hender til å behandle pasientar, og dei tilsette må jobbe hardare, med færre kollegaer. Dette går direkte ut over pasientbehandlinga, ventetidene kjem til å auke, og fleire viktige tilbod står i fare for å forsvinne. Dei siste åra har det blitt gjort ein del nødvendige investeringar, som f.eks. å byggje nytt sjukehus. Problemet er at helseføretaket sjølv må dekkje inn kostnadene ved investeringane, og dette fører igjen til kraftige kutt i tilbodet. Pengar som skulle gått til behandling, går i staden til renter og avdrag. Resultatet blir kutt i bemanning og pasienttilbod. I tillegg har innføringa av Helseplattformen vore kostbar og problematisk, noko som har ført til budsjettoverskridingar og enda meir innsparing. Dagens modell set systemet før pasienten, og dette meiner vi i Framstegspartiet er heilt feil. Samtidig har regjeringa svikta fullstendig. Dei spring frå ansvaret sitt, og dei klarer ikkje å sørgje for at Helse Møre og Romsdal har nok pengar til å drive eit forsvarleg helsetilbod. Det som er problemet i dag, er at ein ikkje snakkar om å ha eit godt helsetilbod, men om at det skal vere forsvarleg. Eg meiner vi burde begynne å snakke om at vi skal ha eit godt helsetilbod, men med dagens politikk blir det vanskeleg å snakke om det, for når det blir stadig fleire innsparingar, tærer det på den bemanninga som er der. Ein ser allereie i dag at det er store utfordringar knytte til rekruttering og å behalde dei ein har, fordi dei er nøydde til å stå i dette over tid. Dei tilsette har ropt varsku over lang tid, utan at nokon verdas ting har skjedd. Alt håp er ikkje ute. Det finst heldigvis alternative måtar å drifte sjukehusa våre på enn det vi har i dag. Framstegspartiet vil avvikle helseføretaksmodellen og skilje drift og investering, slik at pengane som går til helse, faktisk blir brukte på pasientane, og at investeringar i bygg og utstyr ikkje skal føre til kutt i pasientbehandlinga. For å løyse dei akutte utfordringane Helse Møre og Romsdal står i, føreslår Framstegspartiet å gje ei krisepakke på 200 mill. kr i 2026. Dette vil gje helseføretaket handlingsrom til å redusere ventetider, behandle fleire pasientar og sikre trygg og forsvarleg drift. For å sikre ei nødvendig styrking av helsetilbodet føreslår vi å auke sjukehusbudsjettet med 1,2 mrd. kr. Dette er pengar som kjem pasientane til gode. Det er denne retninga helsetenesta treng – ei retning som set pasienten først.

  • 5. des 202518:37· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))

    «Fremtiden skapes – den vedtas ikke.» I Møre og Romsdal lever vi av å skape, ikkje av skatteinntektene frå Oslo, men no ser vi ei regjering som gjer det farleg å satse, dyrt å vere norsk eigar og nesten umogleg å planleggje for framtida. Det uføreseielege er blitt den nye normalen. Når politikken er uføreseieleg, blir næringslivet forsiktig. Då stoppar investeringane, og då stoppar Noreg. Formuesskatten er eit tydeleg eksempel på korleis norskeigde bedrifter blir straffa. La meg kome med eit konkret eksempel frå mitt eige heimfylke. I Sykkylven har vi to møbelfabrikkar som ligg side ved side: Brunstad, som er ein norskeigd fabrikk og må betale formuesskatt, og Ekornes, som er eigd av kinesarar og ikkje betaler formuesskatt. Når norske eigarar må betale ein skatt som konkurrenten slepp, er det ikkje god konkurranse. Konsekvensen av formuesskatten er at vi kan risikere å tape arbeidsplassar fordi eigaren kjem frå Sykkylven og ikkje frå Shanghai. Slik kan vi ikkje ha det. Norsk eigarskap kan ikkje vere eit handikap. Det same mønsteret ser vi i andre delar av næringslivet når regjeringa endrar rammevilkåra brått og utan forvarsel. Grunnrenteskatten er eit tydeleg eksempel på det. For havbruksnæringa, som er ei viktig næring for Møre og Romsdal, blei ein ny skatt innført nærmast over natta og skapte uro og usikkerheit som hemjar investeringar og vekst i næringa. Slike plutselege og uføreseielege endringar undergrev tilliten som bedriftene treng for å våge å investere. Mange andre næringar opplever også ei liknande usikkerheit og avventar investeringar fordi dei ikkje veit kva skatt eller regulering som kan kome i morgon. Samtidig veks reguleringane og byrdene frå politikarane. Bedriftene kan ikkje bruke meir tid på skjema enn dei bruker på å skape verdiar. Det blir vanskeleg å konkurrere med verda når dei først må konkurrere med vårt eige byråkrati. Næringslivet ber ikkje om mykje. Dei ber berre om å få vite kva spelereglar som gjeld, og at dei ikkje blir endra kvar gong regjeringa treng meir pengar. FrP viser i vårt alternative budsjett at det finst ei anna retning. Vi kuttar formuesskatten – med mål om å fjerne han heilt. Vi seier nei til nye skattesjokk, som grunnrenteskatten er eit eksempel på. Vi kuttar i byråkrati og reguleringar, slik at bedriftene kan bruke tida si på verdiskaping og ikkje papirarbeid. Framtidas arbeidsplassar blir ikkje vedtekne i denne salen. Dei blir skapte av menneske som tør å satse. Dei menneska fortener ein politikk som gjer at dei kan lykkast med å skape morgondagens arbeidsplassar.

  • 3. des 202514:22· Replikk

    Møte onsdag den 3. desember 2025 kl. 10

    Beredskap og sikkerheit er jo, som statsråden er inne på, viktigare no enn nokon gong, når vi ser dei auka truslane rundt omkring i samfunnet, òg frå internasjonale makter vi ikkje styrer over. Aftenposten hadde i 2022 ein artikkel der akkurat det med sikkerheit ved bl.a. Nyhamna blei sett i fokus. Der det som er på den andre sida av gassrøyret, som er i Storbritannia, er beskytta av væpna politi og gjerde med 10 000 volt, har vi knapt nok vakthald og gjerde som kan stå imot ei avbitartong – samanlikna med britane. Då spør eg: Kva tenkjer statsråden om den store forskjellen på korleis britane ser på sikkerheit på sine olje- og gassterminalar, samanlikna med korleis vi gjer det her i Noreg? Er vi for naive, eller synest statsråden at sikkerheita er tilstrekkeleg?

  • 3. des 202514:20· Replikk

    Møte onsdag den 3. desember 2025 kl. 10

    Takk til statsråden for svaret. Sjølv om budsjetta har auka dei siste fire åra, ser vi at polititettleiken i Møre og Romsdal faktisk har gått noko ned frå 2021 til 2025. Eg tek utgangspunkt i at statsråden er einig i PSTs trusselvurdering for 2025, der det er slått fast at det er auka sannsyn for sabotasje mot den typen installasjonar som olje- og gassterminalar er. I så fall: Korleis skal statsråden sikre at beredskapen ligg på eit godt nivå for Nyhamna?

  • 3. des 202514:16· Innlegg

    Møte onsdag den 3. desember 2025 kl. 10

    «Politiårsverka i Møre og Romsdal har stått i ro under Aps regjeringsperiode, i motsetning til i perioden FrP styrte. Då auka politidekninga med 43,7 pst. Trusselvurderinga til Politiets sikkerheitsteneste indikerer at det er sannsynleg med russiske sabotasjeaksjonar mot mål i Noreg, spesielt mot energianlegg og kablar. Nyhamna i Aukra er ein av Nord-Europas største gassterminalar, og naboar merkar uønskt russisk interesse ved anlegget. Meiner statsråden utviklinga i politidekninga speglar den endra sikkerheitssituasjonen i Møre og Romsdal?»

  • 14. okt 202513:23· Innlegg

    Møte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10

    Partiprogrammet til Framstegspartiet slår fast: «Norge er et av verdens aller beste land å leve i, da må vi også øke ambisjonene og sørge for at vi har en skole i verdenstoppen.» Trontalen mangla dessverre ambisjonar for norsk skule. Framstegspartiet har høge ambisjonar, og høge ambisjonar er nettopp det norske elevar ønskjer. Dagens skule er altfor teoretisk og passar berre for nokre få elevar. Mange fell dessverre utafor og opplever at undervisninga ikkje er tilpassa deira nivå. Gjennomsnittseleven som skulen er laga for, eksisterer rett og slett ikkje, og det er eit stort problem. Nivådeling i grunnskulen vil gjere at elevar kan få undervisning som er betre tilpassa deira eigne føresetnader. Det vil gje dei eit betre grunnlag for å velje riktig linje på vidaregåande og større moglegheiter til å gjennomføre vidaregående opplæring med gode resultat. Framstegspartiet meiner at elevar bør få større innflytelse på sin eigen skulekvardag. Det kan vi gjere ved å tilby fleire valfag og meir praktisk undervisning, slik at faga er betre tilpassa interessene til elevane. Når elevar får velje fag dei er engasjerte i, aukar motivasjonen, og det gjev betre resultat. Engasjerte elevar er meir motiverte og har større sjansar for å lykkast, både på vidaregåande og i arbeidslivet. Vi meiner at skulen bør tilpasse seg behova til den enkelte eleven og gje dei moglegheita til å utvikle styrkar og praktiske ferdigheiter. Valfridom i skulekvardagen skaper eit utdanningsløp der elevane får større ansvar og betre føresetnader for å forme si eiga framtid. Framstegspartiet har alltid vore tydeleg på at elevane skal ha retten til å velje kva skule dei vil gå på. Dette gjev dei moglegheita til å velje den skulen som best møter deira behov og interesser, i staden for berre å velje den skulen som ligg nærmast. Sjølv om dei fleste elevar faktisk vel nærskulen sin, er det viktig at dei har moglegheita til å velje sjølve. Dette bidrar òg til å auke kvaliteten, og det blir ein sunn konkurranse mellom skulane om elevane. Framstegspartiet kjempar for ein skule der elevane får meir fridom og moglegheita til å forme si eiga utdanning. Resultata frå skulevalet viser klart at elevane ønskjer seg meir valfridom og ein meir praktisk skule. Dette er FrP-Skulen – ein skule som gjev elevane reelle valmoglegheiter og betre føresetnader for å lykkast i både utdanning og arbeidsliv.

Voteringsallianser

Hvem stemmer Joakim Myklebost likt med?

Rangering av nærmeste allierte og motpoler — på tvers av partigrensene.

Siste voteringer

12 nyeste

Vis →

Partibrudd

1 ganger stemt mot partiflertallet

Vis →

Forslag fremmet

7 saker med rep som forslagstiller

Vis →

Siste spørsmål

8 nyeste

Vis →
  • Vil statsråden ta intiativ til å gjere endringar i jerv-forvaltninga som følge av dei store tapa av beitedyr til jerv i Møre og Romsdal?

    skriftlig

    28. mai 2026
  • Kan statsråden redegjere for status på oppfølgjing av opptrappingsplana for fagskular som blei vedtatt av Stortinget i 2020?

    skriftlig

    24. mar 2026
  • Kan statsråden gjere greie for sitt syn på innføringa av ein yrkesbachlor og yrkesmaster?

    skriftlig

    24. mar 2026
  • Deler statsråden min bekymring for hva som vil skje med kommunenes evne til å innfri lovfestet rett til barnehageplass hvis et stort antall private barnehager må legges ned, og hva gjør statsråden på kort sikt for å sikre at private barnehager har grunnlag for videre drift?

    skriftlig

    4. des 2025
  • Politiårsverkene i Møre og Romsdal har stått i ro under Aps regjeringsperiode, i motsetning til i perioden FrP styrte. Da økte politidekningen med 43,7 pst. Trusselvurderingen til Politiets sikkerhetstjeneste indikerer at det er sannsynlig med russiske sabotasjeaksjoner mot mål i Norge, spesielt mot energianlegg og kabler. Nyhamna i Aukra er et av Nord-Europas største gassterminaler, og naboer merker uønsket russisk interesse ved anlegget. Mener statsråden utviklingen i politidekningen speiler den endrede sikkerhetssituasjonen i Møre og Romsdal?

    sporretime

    27. nov 2025
  • Sande FrP har henvendt seg til Finansdepartementet angående konsekvensene av kildeskatt på utenlandske leiearbeidere. Kan statsråden opplyse om årsaken til manglende svar på henvendelsen, og samtidig redegjøre for hvordan departementet vurderer problemstillingen om at vertskommuner sitter igjen med kostnadene uten å motta skatteinntektene?

    skriftlig

    18. nov 2025
  • Hva er den reelle kostnaden for en skoleplass på fagskole på henholdsvis tekniske fag og maritime fag?

    skriftlig

    10. nov 2025
  • Utdanningskvalitetsprisen for høyere yrkesfaglig utdanning 2025 gikk til Fagskulen Vestland for Stordmodellen, der fagarbeidere roterer mellom å være på jobb og å videreutdanne seg.  Vil statsråden legge til rette for at flere fagskoler kan etablere lignende modeller?

    skriftlig

    10. nov 2025